torsdag 8. desember 2016

8. desember

Juter var ukomfortabel. Det var berre eit tilfeldig, gigantisk, stupbratt, grått fjell. Med store tredører. Og det var malplassert mitt ute i enga. Evir gjekk fram til døra og banka.

Bank, bank, bank.

Begge dørene begynte å opne seg sakte og veldig knirkete. Det gjekk frysningar ned gjennom ryggen hans.

«Grav gjennom fjellet, grav etter kull» Ein song. Hundrevis av grånissar med hakker, og tau, og lykter. Alle sang unisont i ein mørk og langsom tone.

«Langt i fjellet, kanskje vi finn gull.
Jern, koppar, tinn, smaragder og diamant.
Tusen tonn av det, som den store kongen vår fant»

Så begynte dei på nytt. Det var litt fint. Så høyrte han noko som høyrtes ut som dei vognene julenissen brukte på å frakte gåvene. Så kom dei. På togbaner kom det gruvevogner med stein og kull. Nokon av grånissane lempa alt opp i kasser. Så tømte dei dei kassene oppi nye vogner som gjekk inn i gruvene igjen. Overalt gjekk det grånissar.

«Nei, men er det ikkje Evir. Lenge sidan sist. Korleis går det?» Ein grånisse som hadde komt bort frå ei av vognene. Han hadde store, grove og sterke hender.

«Hei Kiesel. Alt er bra, bortsett frå den store stormen» Evir gjekk fram til han.

«Sjølvsagt, stormen. Den har vart ganske lenge no. Lurer på korleis den starta? Det kan vel ikkje ha vert gulnissane?» Juter kjente snøkula vege mykje tyngre i den lille posen.

«Ja, vi er faktisk på oppdrag for å finne ut av det no. Vi må snakke med store kong Maulwurf. Og så må vi finne ein trygg måte å komme oss til værtårnet trygt»

«Å. Berre følg meg. Kven er vennene dine foresten?» Kiesel gjekk mot ei stor hule med uthakka bilder av konger i troner. Over sto det noko. Han forsto det ikkje, det så ut som runer. Med ein gong dei gjekk inn i hula, blei han mållaus. Det var gigantisk. Ei gigantisk grotte med gull og edelsteinar flytande på bakken 100 meter. Og ei bru som gjekk ut på ei høyde mitt ute. Der sto det grånissevakter med spyd, skjold og hjelmar av jern. Dei vokta ei trone av stein. Og på den, var nokon som ikkje så ut som ein grånisse i det heile tatt. Meir som ein gullnisse. Han hadde ei rustning av gull, eit gullspyd, og til og med fletta gullkorn inn i skjegget sitt. Han skinte heile veien frå trona til dei.

«Kom da» Kiesel sprang over brua.

«E-eg venter her, eg» Svana trekte seg tilbake.

«Blir du ikkje med?» spurte Juter.

«N-nei da. E-eg finn ut korleis grånissane arbeider eg» Så sprang han ut. Evir snudde seg mot Juter.

«Du trur vel ikkje svana kan ha fått høgdeskrekk, då han skada vengen sin?» spurde Evir.

«Nei. Han kan vel ikkje ha fått det?» Juter var sjokka.

«Nei, sikkert ikkje. Kom igjen, vi har eit oppdrag å gjere» Juter tenkte. Kunne svana ha høgdeskrekk, han hadde jo oppført seg litt rart i det siste, men. Nei. Evir hadde rett, dei hadde eit oppdrag. Dei gjekk over brua. Det var ganske langt ned.

«KIESEL!! HAR DU TATT MED FRAMANDE TIL MEG IGJEN?!!» Dei peip i øyrene til Juter. Heile grotta rista.

«Eg beklagar pappa. Men dei er på oppdrag frå Høvdingen av grønnskoge...»

«VER STILLE!!! OG EG HEITER KONG MAULWURF III AV GRÅBERG!!! KORLEIS FEKK EG DEG SOM SØNN!!! KOM DEG UT HERIFRÅ SÅ EG FÅR SNAKKE MED DESSE NISSANE!!!» Maulwurf så rett på Kiesel.

«Jada, papp...»

«KONG MAULWURF III AV GRÅBERG!!!» Kiesel sprang ut.

«SÅ, NISSÀR! KVA VILLE LILLE HØVDING KONGLE MED MEG?!!» Maulwurf reiste seg.

«Jo, vi skulle komme oss gjennom fjellet deres for å kome oss til værtårnet»

«KVIFOR KAN DOKKER IKKJE BERRE GÅ RUNDT!!!!!»

«På grunn av storme...»

«DEN FORFERDELEGE STORMEN!!!! DEN HAR HINDRA MELDINGANE MINE I Å NÅ FRAM I NESTEN EI VEKE!!! OG ARBEIDARANE MINE KLAGER!!!»

«Vi treng i alle fall hjelpa di. Så for vi kanskje stoppa den» Maulwurf sette seg igjen.

«EISEN!! FØLG DESSE NISSANE TIL GREVLINGSLEDANE!!!!»

«Ja, sjef» Ein av grånissane som sto vakt, gjekk fram. «God dag. Mitt namn er Eisen. Det betyr jern på tysk»

«God dag. Eg heiter Juter. Eg er ein nissenisse. Dette er Evir. Han er ein grønisse»

«NOK SMÅPRAT!! KOM DYKK UT!!!!»

«Ja, sjef. Vi burde gå». Eisen, Evir og Juter gjekk.

«Eg beklagar sjefens oppførsel. Ver velkommen. Dette er basen til nissane. Her vi nettopp kom utifrå er tronsalen» Han peika på skiltet med runene. «Og der, har vi varevognene. Dei hentar varene vi har henta inne i gruvene. Og så ber vi dei over i smeltevognene. Der går jern og kull og stein inn i smelteriet. Vi brenn kullet, og smeltar jernet for å lage nye ting av det. Som hakker, våpen, rustning og vogner. Og viss vi nokon gong finn gull eller edelsteinar, går dei i verdivognene og ned til tronsalen. Alt for å gjere kongen rikare. Dag ut og dag inn» Eisen sukka. «Oh. Der er fraktevognene. Dei vil ta oss til grevlingane»

No var Juter veldig forvirra. Så mange system. Huff og huff. Dei hoppa opp i ei av fraktevognene.
Etter at dei hadde køyrt litt kom dei til ei stor hole, med mange små holer oppetter veggene. Dei nederste holene var større og hadde store skilt over seg. Overalt gjekk fornøgde grånissar rundt og prata og lo.

«Dette er bugrotta. Her bur alle grånissane. Og nedst er butikkane. Der oppe til dømes, er mi hole»

Etter at dei hadde køyrt eit lite stykke til stoppa vogna. Dei hadde komt til eit lite område med sju holer. Over kvar hole var eit skilt i ein farge. Grøn, gul, rød, blå, lilla, oransje og svart. Men den svarte hola var stengt av med store kampesteinar.

«Då er vi her. Vi skal inn der» Eisel peikte på den hola med gult skilt. Når dei kom inn såg han ein slede som var festa fast i to grevlingar. Ein anna nisse sto og passa på dei. Sleden var vendt mot ein tunnel Juter gjetta førte til gulnissane. Juter skulle akkurat til å spørje Eisel kvifor den eine hula var stengt av før den andre nissen spurte:

«Hei,hei, Eisel. Kva gjer du så langt ifrå tronsalen?»

«Gelb, lenge sidan. Kongen sendte meg for å sende desse nissane til værtårnet. Kan du hjelpe oss?»

«Sjølvsagt. Hopp ombord» før dei viste ordet av det, satt Evir og Juter oppi vogna.

«Ok. Det vil gå ganske fort, og når dokker er fremme vil grevlingane dra tilbake av seg sjølv. Då må dokker finne stigen og klatre opp. Dokker vil komme opp cirka ti meter frå værtårnet til gulnissane. Så er det berre å springe» sa Gelb. Juter kjente at det kribla i magen, men så innså han noko.

«Hypp!»

«Vent, kva med... Juter fekk aldri fullført den setninga. Dei suste gjennom tunnelen i full fart. Han snudde seg mot Evir «Svana!»

-

Svana var heilt aleine. Alle grånissane hadde gått heim for kvelden. Kvifor hadde han ikkje berre blitt med dei over den brua. Han viste eigentleg svaret. Han var livredd. Det var altfor langt ned. Etter den stormen hadde han ikkje klart å vere oppe i høgda igjen. Då Kiesel hadde komt springande ut, hadde svana stoppa han. Så hadde Kiesel vist han rundt i Gråfjell. Men han hadde mista Juter. Han hadde leita i eit par timar, og no var det for seint. Han fekk vel berre vente her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar