onsdag 14. desember 2016

14. desember

Reven elska å fly på skyer. Det var så lett og gøy og rett og slett befriande. Men no begynte det å bli litt kjedeleg. Dei brukte å reise på dei fleire timar om dagen, og no skulle dei kjempelangt. Dei hadde reist over Atlanterhavet i fleire dagar.

«Albino, er vi framme snart?»

«Nei»

«OK, men circa kor lenge er det igjen?»

«Eit par timar»

«Kor mange timar?»

«Ti»

«Å» Vi skal reise sørover, hadde Albino sagt. Bra, det blir varmt, hadde reven tenkt. Men neida, no var dei langt forbi ekvator. Det var iskaldt. Brrrrrr. Og det blei berre kaldare og kaldare. Reven klarte aldri ti timar til. Huff og huff. Han la seg til å sove. Kor skulle dei eigentlig. Albino hadde sagt at dei skulle få tak i ei snøkule dei kunne bruke mot drøymekula. Han hadde sagt at han kjente nokon som hadde denne kula. Men så langt sør. Rart. Kanskje dei skulle til Australia. Nei, då hadde dei dratt lenger aust. Eller vest. Han viste eigentleg ikkje. Ahhhh, så trøtt han var. auga hans fyltes tunge. Han kunne ønske at ha.... zzzzzzzz.

«Rev, vakne!»

«Haaaaaaa, kva skjer?» spurte han søvnig.

«Vi må lande snart» sa Albino. Det var endå kaldare no.

«Kvar er vi?»

«Antarktis» Wow! Ja det forklarte enn del. Så sør var dei. Så sør det gjekk ann. Det forklarte kvifor det tok så lang tid. Dei hadde reist over halve kloden. Flott. Ja. Dei var i det miste framme.

«Kvifor er vi her, igjen?» Albino hadde endå ikkje forklart.

«Vent å sjå, men no landar vi. Ulvar ned!» Alle ulvane landa på den iskalde isen. «Ulvar, høyr her. For sikkerheit skuld skal ikkje alle gå. Dei einaste som går er eg, reven, og Varg. Dokker andre slår leir her» Varg kom fram frå mengda. Han var ein stor, svart ulv, og Albino sin beste krigar.

«Sjølvsagt, sjef» sa han. «Kvar drar vi?»

«Denne vegen» Albino gjekk i ei retning med tunge, lange skritt. Reven trippa etter. Dei gjekk ti minutt i skodda før dei såg omrisset på eit stort bygg. Først trudde han det var verkstaden til julenissen, men når dei kom nærmare såg han forskjellen. Det var som nissens verkstad, bortsett frå at det såg heilt forlatt ut. Vindua var knuste, målinga falt av, snøen rundt var full av plankebitar og andre øydelagte bitar som hadde falt av verkstaden. Men det var heilt klart nokon der. Inne frå den forlatte plassen kom gal latter og hyl. Det var lyd av ting som knuste, og nokon som sprang rundt der inne.
«Vi går inn» sa Albino og gjekk mot ei open dør. Varg gjekk rett bak han.

«Vent!» ropte reven. Han skjente hjerteslaga sine banke fortare og fortare. Reven sneik seg inn. Plutseleg sprang ein nisse kledd i svarte klede. Han holdt ei gåve i hendene sine. Booom!! Gåva eksploderte, men nissen berre lo.

«Er det ein gåveøydleggingsverkstad?» spurte Varg. Overalt var desse små nissane kledd i mørke kleder som brann, knuste, knakk og sprengte leikar og julegåver. Han såg ein nisse som tente fyr på ein revebamse og såg skummelt på reven.

«Ja. Dei er antinissar. Dei motsette av nissenissane som Juter. Dei stel julegåvene til barn, og øydelegg dei. Vi skal møte julenissen sin motpart» Dei gjekk opp ei spiraltrapp til eit stort kontor.

«God dag» Ein tynn, høg nisse med lys stemme kom bort til reven. Han hadde eit sort glatt skjegg, og blodraude klede. «Eg er Nissejula. Kven er du?»

«Eg er reven»

«Neimen, hallo, Albino. Lenge sidan» sa han og snudde seg mot Albino.

«Ja, vi har litt dårleg tid, så kan vi berre komme rett til sa...»

«Vil dokker ha te?!» sa han og avbrøyt Albino.

«Vi er ulvar, Nissejula» sa Albino.

«Neei, han er ein rev»

«Ja, men hundedyr drikk ikkje te!» sa Albino irritert.

«Kanskje dokker vil ha noko vann i ei hundeskål då. Eg har nok ei ligg...»

«Vi vil ikkje ha noko, okey!» sa Albino no skikkeleg irriter.

«Javel, men kvifor er dokker her då?»

«Du veit Julenissen si kule drøymekula. Den har fiendane våre, og dei brukar den mot oss. Så vi treng noko å kjempe imot med»

«Åh, eg forstår. Dokker vil låne Marekula» Han snudde seg og fann noko på pulten sin. Det var noko som såg veldig kjent ut. Den var som drøymekula, men med svart glas. «I motsetning til drøymekula viser ikkje denne din største drøym, men ditt største mareritt. Ønsker du å sjå inn i den?»

«Nei!» ropte reven og trakk seg tilbake.

«Haha, eg berre tullar» Han snudde seg mot Albino. «Men Albino, kva får eg får at dokker får låne kula?»

«Vel, vi får jo mest sannsynleg tak i drøymekula så Julenissen ikkje får den. Er ikkje det nok?»

«Joda, men viss du på ein eller annan måte skulle miste eller øydelegge marekula, er du i stort trøbbel»

«Greit» sa Albino.

«Ta Marekula no, men ha den oppi denne posen for sikkerheit skuld» Han putta kula i ein pose. Så rekte han den til Albino.

«Då har vi ein avtale då?»

«Ja, ein avtale»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar