fredag 23. desember 2016

20. desember

Juter dengte til ulven. Den hadde prøvd å ta ein av nisseungane, så Juter måtte redde han. Nissane var overraskande gode til å slåss. Dei var klare med ein gong, med våpen og beskyttelse. Juter hadde fått ei stor klubbe, men det hjelpte ikkje. Ulvane hadde blitt mykje mektigare, og det såg ut som om dei brukte magi. Han viste ikkje korleis, men det verka som om det likna på magien til draumekula.

«Juter, pass deg!» advarte svana han. Juter snudde seg for å møte ein ulv i eit sprang mot han. Juter heldt fram klubba, men ulven velta han ned. Den hadde sette tennene sine inn i Juter, hadde ikkje vert for at han stoppa den med klubba. Heldigvis skremte ein nisse ulven vekk med ein fakkel.

«Takk» sa Juter til ho.

«Versågod» så sprang ho vidare mot ein ny ulv. Svana flaug oppe i lufta, og slapp ned vann for å prøve å stoppe elden, men den spreidde seg for fort.

«Kva gjer vi, Juter?»

«Eg veit ikkje svane, vi må få redda nissane på ein måte. Vent litt. Kvar er sekken min?!» Juter såg seg rundt. Kvar kunne den vere? Han måtte ha den, for der var både langkikkerten hans, ekstra lavendelsøvn, såpa til mora, og draumekula!

«Der borte, Juter» sa svana, som hadde betre oversikt oppe frå lufta. Borte med det brennande treet til Baltazar, romsterte ein ulv i sekken hans. Den hadde nettopp funne fram draumekula når Juter kom fram.

«Slepp den ned!» Han slo til ulven og han mista kula. Ulven knurra mot Juter.

«Trur du dokker har nokon sjans mot den mektigaste ulvehæren i historia? Vi treng ikkje slost mot dokker ein gong, brannen vil ta seg av dykk» Det verka som om draumekula høyrde det, for med ein gong ulven var ferdig å snakke begynte den å dirre.

RAMMALFELLAKKOLS!! Eit gigantisk vindkast blei skutt ut frå kula, og slo ned ulven. Då vinden nådde flammane, sløkte dei flammane heilt. Men vinden blei for sterk for det gamle treet til Baltazar, og det falt ned og knuste fleire av sopphusa.

«Nei! Juter, dette er mørk magi. Finn leiaren deira, og stopp han. Då kan vi kanskje slå dei tilbake» sa Baltazar.

«Greit» Juter såg seg rundt. Han hadde ikkje lagt merke til om Albino og reven var i nærleiken, og han kunne ikkje sjå dei. «Svane, ser du Albino og reven der oppe?»

«Eg ser nokre ulvar som står i ro på den klippa der oppe, men eg kan ikkje sjå om det er dei» Han peikte på ei gigantisk klippe som lente seg over nissebyen.

«Vi må berre prøve! Land du, så kan du fly oss opp» Juter opna ryggsekken, og tok fram det han trengte. Først fann han fram kikkerten, og såg oppå klippa. Sjølv om det var fullt av tåke der oppe, var det ikkje eit problem. Joda, der sto Albino og reven, og ein liten ulveflokk. Dei såg ned på noko, men Juter klarte ikkje å sjå kva det var.

«Kjem du?» spurte svana som hadde landa.

«Ja. Eg har sjekka teleskopet. Det verker som om dei har noko der, men eg ser ikkje kva det er. Eg trur vi bør prøve å få tak i den. Kanskje det er grunnen til at dei har blitt så kraftige» sa Juter, og klatra oppå.

«God hypotese, men vi må ha ein plan»

«Vi landar litt bak dei, og eg konfronterer dei, mens du flyr opp i lufta igjen. Og når du trur du har sjans, prøvar du å få tak i den» sa Juter.

«Mottatt! Då drar vi» Dei flaug inn i tåka så ulvane ikkje skulle legge merke til dei. Klippa var glatt og våt, og han måtte vere forsiktig for å ikkje skli. Etter at svana hadde flydd vekk, sneik han seg nærmare ulvane.

«Greit kule, viss oss kva du kan» Det var høvding Albino. Plutseleg lyste noko opp der framme. Det var eit raudleg lys, så skifta det til lilla. Juter sneik seg nærmare. Han gøymte seg bak ein stor stein, og spionerte på ulvane. Ulvane sto i ein ring rundt noko, og det verka som om det var det som sendte ut lyset. Men Juter kunne ikkje sjå kva det var, for det sto ein ulv rett framfor han.

«Sjef, kva gjorde den no då?» spurte ein stor ulv som satt på høgre side av Albino. På andre sida satt reven og såg slu ut.

«Den helbreda nettopp dei ulvane som vart slått ned der nede, og så gjorde han dei kraftige igjen» forklarte Albino. Plutseleg kom ein ulv springande inn i sirkelen.

«Sjef, dei har sløkt alle flammane der nede. Vi veit ikkje korleis, men...» Albino knurra så ulven stoppa.

Albino snudde seg for å sjå. Nokre av dei andre ulvane gjor det same, inkludert han som sto framfor Juter. No kunne han sjå kva alle ulvane hadde stira på. Det var draumekula! Nei. Den var litt mørkare. Det forklarte ein del. Ulvane hadde skaffa seg ei kule. Dei skulle bekjempe magi, med magi.

«Kven gjorde dette?» spurte Albino.

«Det var meg» Juter gjekk fram.

«Neimen, er det ikkje den lille, feige nissen»

«Kva meiner du med feige? Eg avslørte meg jo nettopp for dokker, sjølv om dokker er mange fleire enn meg» No hadde folk snakka så mykje ned på Juter, at han var lei.

«Istaden for å kjempe mot oss på ekte, berre sneik du deg unna ved hjelp av den kula!» sa reven.

«Vel, dokker bruker òg ei kule ser eg»

«Åhh, du forsto det» Albino starta å le. «Ja, vi har fått litt hjelp. Fortel meg Juter, kven er Julenissen sin verste fiende, nisse?»

«Foreldre som seier til borna sine at Julenissen ikkje finnest?» Det var det første Juter kunne tenke på, men det gav ikkje meining at ulvane fekk hjelp av menneske.

«Nei. Prøv ein gong til»

«Eg veit ikkje...» så skjønte han det. «Antinissen?!»

«Ding, ding, ding. Heilt riktig. Dette er Marekula, motpolen til draumekula» Han peikte på den svarte kula som sto mellom dei. Den summa, og røyken inni flaug rundt omkring i rasande tempo og det såg ut som den ville sprenge seg ut kvart augeblikk. «Så nisse, eg gjer deg det same tilbodet eg har gitt deg før. Du kan få alle ulvane til å trekke seg tilbake og forsvinne. Du treng berre å gje meg den julekula. Kva er den verdt, mot alle desse skadene? Hugs, denne gongen kan du ikkje bruke kula til nokre lureri. No har vi òg magi»

«Aldri!» skreik Juter.

«Greit, då treng eg eit tips frå deg. Kva for ein nisseby skal eg legge i ruinar først. Feane kanskje, eller fargenissane? Kanskje eg berre skal ta alle!» Dette kunne ikkje Juter stoppe. No hadde han berre eit håp.

«Greit, eg skal gje deg kula. Men då må du love å ikkje angripe nokon av venene mine eller eller meg»

«Sjølvsagt» sa Albino og løfta ein labb i lufta. Juter fann fram posen med kula. Sakte, sakte tok han den fram. Han gjekk sakte bort til Marekula, og la kula ved sidan av den. Då kom svana stupande. Juter hoppa bakover når svana skulle ta kulene. Men svana tok ikkje tak i kulene. Han låg mellom labbane til Albino.

«No er eg lei av tullet dokker! Det er siste gongen du ser svana i livet igjen! Og eg tek begge kulene, og tar over heile verda!»

Juter kasta seg tilbake mot sekken sin.

«Det er slutt på alle menneske! Det er slutt på alle nissar!»

Han romsterte veldig raskt i sekken og fann fram spretterten, og kongla.

EG HAR FÅTT NOOOOK!!

Så sikta han.



Ulvane såg opp mens det eksploderte oppe på klippa. Dei viste at høvdingen deira var der oppe. Den ytste delen av klippa falt av, og avslørte månen. Den var full, og blodraud. Det betydde ein ting. Høvdingen deira, hadde falt. Dei hadde tapt. Ein kvit flygande skikkelse flaug ut med ein nisse på ryggen. Han landa på toppen av det gamle, daude treet. Nissen starta å rope.

«Alle ulvar. Høvding Albino den store, er død! Han kjempa til siste slutt, og gjekk ned med sine beste krigarar! Han mista òg eit sterkt våpen dokker har fått låne! Mest sannsynleg vil derfor antinissane finne dokker, og ta hemn! Derfor gjer eg dokker eit råd! Røm! Røm så langt dokker kan klare! Lag fleire flokkar, som reiser kvar sin veg! Dokker har tapt, og vi har vunne! Røm!»

Det gjorde ulvane. Dei kom seg så langt vekk dei kunne.


«Juter, eg fann noko!»

«Takk, Eik. Kva er det?» Juter kom mot han. Dei hadde leitt etter kulene ved alle steinane som hadde knust frå klippa ei stund no, men no såg det ut som Eik hadde funne dei. Dei hadde funne alle dei knuste ulvane, bortsett frå reven. Han hadde forsvunne i lufta.

«Det er noko knust glas»

«Nei!» Under ein stor stein låg knuste glasbitar og andre bitar som måtte komme frå dei to kulene. Svana kom flygande ned òg.

«Er dei øydelagde?!» spurte svana forskrekka.

«Det ser ut sånn, ja» Juter plukka opp bitane og la dei i posen han hadde brukt å oppbevare draumekula. «Ta det med ro. Vi treng den jo ikkje meir»

«Kva meiner du?» spurte svana.

«Vi treng den jo ikkje for å kjempe mot ulvane lenger. Og den var ikkje vår frå før av»

«Men kva med Julenissen? Vil ikkje han trenge den?»

«Han har ikkje hatt den på kjempelenge, og han klarer seg fint»

«Du har vel rett» svana sukka.

«Men ikkje tenk på det no. Vi er i Noreg, og må finne familien din»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar