søndag 18. desember 2016

15. desember


Juter såg gjennom kikkerten sin. Han hadde funne ut at viss du dro i ein liten spake, kunne den sjå så vidt gjennom ting. Dette var veldig nyttig. Sjølv om dei var midt i ein skog, kunne han sjå langt framover.

«Det ser ut som vi snart kjem til ein by», sa Juter.

«Endå ein nisseby?»

«Nei. Dette er faktisk ein menneskeby»

«Oj! Då må vi vere forsiktige. Er du sikker på at vi bør dra gjennom?»

«Vel, vi kan ikkje overnatte her i den iskalde skogen heller. Og det er nok den nærmaste plassen å søke ly»

«Greit, vi må vel ta risken» sa svana og sukka. «Men kvar skal vi dra?»

«Vi snik oss inn no som sola har gått ned, og så finn vi ein eller annan hage og overnatte i»

«Er det så lurt då? Då kan jo menneska sjå oss. Ville det ikkje vere lurare å, eg veit ikkje, snike oss inn ein barnehage eller noko? Der vil det vere heilt tomt»

«Neida. Der kjem menneska på jobb så tidleg. Og det vil ta lang tid å finne ein»

«Ok. Eg gir meg. Vi får vel finne ein hage» sa svana.

«Greit, Dachs. Du høyrde kva vi sa. Senk farten, og ligg lavt» Etter eit par minutt var dei inne i den store, skumle byen. Dei heldt seg borte frå hovudvegen, for der var det altfor mange bilar. Han hadde lært om bilar på nisseskulen. Dei var store maskinar som for i full fart som menneska brukte som transport. Bilar var farlege, og menneska ville garantert sjå dei viss dei gjekk i nærleiken av ein bil. Dei var i ei lita koseleg gate, med fine hus og fine hagar. Dei hadde funne eit hus som var heilt mørkt, og hadde eit liten port som gjekk inn i hagen. Hagen var perfekt. Dei hadde pene blomsterbed, hagenissar av glas, pene fontener og eit lite uthus med verktøy.

«Perfekt! Kom igjen, vi legg oss der borte» Etter at Juter hadde lagt seg ned, klarte han ikkje å sovne. Han hadde følelsen av at nokon stirra på han. Både svana og Dasch sovna etter kvart, men Juter klarte det verkeleg ikkje. Plutseleg høyrde han nokon som sprang bak han. Han snudde seg. Nei, ingen.

«Hallo, er det nokon der?» Han fekk ikkje svar. Han var berre paranoid. Juter la seg til å sove igjen. Han snudde seg igjen. Han trudde han hadde høyrd nokon kviskre. «Hallo!»

«Bwææææh!» Plutseleg sprang ein heil haug med noko forbi han. Dei greip fast i Juter, svana og Dasch og festa dei fast i fontena med ein hageslange.

«Kven er du?» Det var ein av hagenissane? No la han merke til det. Alle hagenissane var borte frå plassane sine, og sto framfor han. Dei hadde kome til live! «Kva gjer du i hagen vår?»

«Å, eg beklagar. Mitt namn er Juter. Vi er på omreise og trengte ein plass å sove. Vi viste ikkje at den var bebudd» Juter ante ikkje at hagenissar var levande.

«Løgn! Du prøvde å øydelegge hagen vår» hagenissane såg sint på han.

«Nei, nei. Dokker såg jo at vi berre låg og sov»

«Ok. Du har nokre gode poeng. Mitt namn er Stubbe, fordi eg står på den stubben der borte. Kven er vennene dine?».

«Gryyyyyyynt!» klagde Dachs, som ikkje likte å ver bunden fast.

«Eg er svana, og det der er Dachs. Han er ein grevling» sa svana.

«Eg skjønte det» sa Stubbe.

«Så, dokker er hagenissar. Kva er jobben til hagenissar?» Spurte Juter.

«Men, Jute...

«Vi passar på hagen til menneska» svarte Stubbe.

«Juter, kva...

«Kvifor hjelp dokker menneska? Dei er jo farlege.»

«Juter, du må...

«Dokker hjelp jo òg menneska, med å lage gåver til barna. Kvifor gjer dokker det. Eg veit ikkje. Det er jo jobben vår å spreie glede og sånn»

«Stubbe, kanskje...

«Nettopp. Det er jobben vår. Nissar er til for å gjere livet lettare eller vanskelegare for menneske».

«Juter! Du må be...

«Eg forstår. Dette er faktisk noko som...

«JUTER! KAN DU BE STUBBE OM Å SLEPPE OSS FRI?!»

«Oj, eg beklagar svane». Han oppdaga først no at dei fortsatt var bunden fast. «Stubbe? Vi kunne vel ikkje få gått fri?»

«Sjølvsagt. Nissar!» Hagenissane knytte opp hageslangen igjen.

«Takk. Så, Stubbe, kan vi få vere her gjennom natta, versåsnill?»

«Sjølvsagt, men dokker må vere borte før menneska våre vaknar i morgon tidleg. Er det greit?»

«Jada, men då legg vi oss berre og søv då» spurte svana.

«Greit. God natt då»

«God natt!» sa alle hagenissane.

«God natt»

-

Reven og Albino såg på Marekula. Reven måtte òg vere der, for viss dei var to, visste ikkje kula kven den skulle vise marerittet sitt for og var derfor nøytral.

«Kjære Marekule, vis oss dei vi vill sjå!» Marekula si svarte tåke, og viste ein liten hage. «Dei har dratt til ein menneske by. Smart trekk. I ein by full av menneske kan vel ikkje vi følgje etter.»

«Kva gjer vi då, sjef?»

«Vi gjer oss klare til å angripe eit siste angrep, og tar dei ned.» 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar