torsdag 1. desember 2016

1. desember


«Og vinnaren av Årets nisse er..... NISSE 57903713, eller Juter!!!»

Juter kunne ikkje tru det. Han hadde vunne. No skulle han endeleg sjå verda.

«JOOHOOOO!!» jubla Orim. «Du vann!»

«Juter vann fordi han har hjelpt nynissane, jobba hardast på verkstaden, og leda redningsaksjonen for å redde Komet»

«JUTER, JUTER, JUTER , JUTER» Alle ropte. Juter klarte ikkje tenke klart. Dette betydde at han skulle få lov til å sitte på sleden til nissen og være med på pakketuren. Før han viste det hadde hele nisseflokken løfta han og plutseleg var han inne på kontoret til sjølvaste Julenissen.

«Å, det må vere du som vann. Kva var namnet ditt igjen?»

«Julenissen!» Julenissen sat på ein stol som knirka noko voldsomt, på pulten sin hadde han ei peppernøttskål. Det var nesten ingen igjen. Bak han var bilete av Julenissen og Årets nisse, ein for kvart år.

«Nei, nei, nei. Det er meg. Nicholas Julenissen. Dumme alv.»

«Å, eg beklager, eg heiter Juter. Nummeret mitt er 57903713»

«Sjølvsagt, Juter var det. Sei meg Juter, veit du kva premien din er?»

«Å få vere med nissen på sleden på julaftan og gje ut presangar?»

«Pluss eit bilde med Julenissen som kan henge på veggen bak meg» Julenissen begynte å le.

«Så, er du klar?»

-

Nokre dagar seinare var det vesle julaftan, og stress overalt.

«Vi må dra i løpet av fem minutt», sa Nissen irritert til sjefsnissen.

«Sjølvsagt sjef, vi har berre eit par kasser igjen» Sjefsnissen var ekstremt stressa og ante ikkje kva han skulle gjere.

«Bra at du er i tide i det minste, Juter» Nissen krabba opp i sleden.

«Rudolf, er du klar?»

«Ja, Boss!»

«Då drar vi. Kom igjen» Speidernissane, dei som hjalp Nissen med å dele ut gåvene hoppa oppi som nokre soldatar.

«Ta det med ro, Boss. Vi har god margin. Tre sekund», sa Rudolf og starta å galoppere. Plutseleg var det lys på alle kantar. Det så ut som det gjor når dei køyrde i stjernefart i StarWars.

«Hold på hatten», hylte Julenissen. «Joooho!!!»

«Så, JuJu, korleis går det?» Rudolf snudde seg mitt i lufta.

«Joda» Når Juter var liten hadde han jobba som stallgutt, så han kjente reinsdyra ganske godt.

«Nå, Komet, må du huske å si tusen takk til den snille nissen», sa Lynet. «Det var han som reddet deg, vet du»

«Tu-tusen takk» Dette var sonen til den gamle Komet, men han var blitt for gammal.

«Første stopp nådd!» Sleden bråstoppa. Juter var mållaus. Hån hadde aldri sett så mange hus før. Og nokre høge tårn fulle av lys. Det var ingen snø og sol! Overalt hadde folk pynta med lys og nissar og juletrær. Under dei hadde dei eit ekte hustak, med pipe og alt.

«Då drar vi vidare!» Ropte Nissen.

«Skal vi ikkje levere presangane først?» spurde Juter.

«Det har vi allereie gjort»

«Har dokke vert nede i det huset allereie!»

«Nei. Vi har vert i heile byen» Så blei alt kvitt igjen.

Etter mange timar hadde Juter set så mykje at auga hans nesten eksploderte. Det var noko nytt overalt, andre bygg, hytter, forskjellige landskap. Juter hadde aldri set noko finare. Problemet var berre at dei var berre i eit par sekundar på kvar plass, og det var ikkje nok tid til skikkeleg sjå seg omkring. Juter hadde også fått eit kart og eit skjema over når dei forskjellige skulle få presangar.

«Viss vi drar til Skandinavia no. Så drar vi til Storbritannia etterpå, så er det berre Amerika igjen» sa Juter. No hadde han endeleg begynt å venne seg til farten.

«Ååh, Skandinavia. Fantastisk plass. Husk det Juter. Norsk er jo urspråket til alle nissar»

«Framme i Sverige!»

Skandinavia var ikkje som alle dei andre plassane. Det var mindre, meir snø og mykje meir koseleg. Spesielt Noreg. Det måtte vere det finaste Juter nokon gong hadde sett.

«Skotland neste» skreik Julenissen. 

-

Klokken seks på morgonen 25. desember var dei endeleg ferdig. Juter var ekstremt sliten når dei køyrde over havet og inn på isen. Han strekte seg bakover og berre slappa av.

«BUMB!!!»

«Kva skjedde?» spurde Juter.

«Det var visst ein svane som kræsja inn i sida på sleden», sa Rudolf. Ein av speidarnissane hjalp ein stor grå fugl opp i sleden. Ein ungdom.

«Neimen, hei du» sa Juter.

«Ta han med tilbake til verkstaden og gje han noko mat» sa nissen. Når dei kom til verkstaden sto alle nissane utanfor med flagg og heia.

«Inn for landing!» ropte Rudolf. Så stupte dei ned og inn i garasjen.

-

To dagar seinare var Juter inne på kontoret med Julenissen.

«God dag, Juter, hatt ei fin helg?»

«Ja, veldig!»

«Okey, Juter, eg ønskjer ikkje vente lenge så la oss berre gå rett på sak. Eg såg kor mykje du likte å vere på tur. Og vi treng ein nisse til å hjelpe oss med noko. Så, Juter, spørsmålet er, kan du hjelpe oss med å føre den svana heim?»

«HÆ!!»

«Joda det er veldig lett. Du treng berre å ri den svana og finne heimen hannar. Den har forvilla seg bort og litt sånn. Du blir sikkert borte i eit par månadar, men det går fint. Du får jo utforska verden og sånn. Så, kva seier du?»

«Jo, sjølvsagt!»

«Bra. Du drar i morgon. Gå og pakk. Sei i frå til vennane dine og sånn. Farvel»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar