lørdag 3. desember 2016

3. desember



Dei hadde landa i ein lauvskog. Det var godt og varmt akkurat som om det skulle vere sommar.

«Vi leiter litt rundt og ser om vi kan finne ut kvar vi er», sa svana og begynte å gå.

«God ide.» Men ein time seinare hadde dei gått i sirkel.

«Eg trur vi har gått oss vill eg», sa svana.

«Nei da, sjå her er det ein sti, den må føre ut av skogen». Dei gjekk i det som føltes som ei evigheit. Det einaste dei såg var nokre skilt som sa «Hold deg til stien!» og «Ikkje gå frå stien!».

«Det er jo ingenting her.» Svana var veldig oppgitt. «Eg er sliten»

«Ta det med ro vi må da vere framme snart. Det viktigaste no er at vi følgjer stien»

«Vent, høyrer du det, Juter?»

«Kva da?»

«Den musikken!»

«Kva for ein musikk, det einaste eg høyrer er vinden i trea»

«Den der borte» sa svana og snudde seg.

«Svane, går det bra?» No hadde han begynt å nynne.

«Na, na,nanananaaana, dududuududu»

«Nei, ikkje forlat stien»

«Joda, det er musikk her borte. Kom igjen!» Han sprang inn i skogen

«Svane!» Juter sprang etter, men så. Det var ei blomstereng full av... fear!

«Hallo, hallo!» ropte svana

«Neimen, ei svane» sa ein fe.

«Og ein nisse!» sa ein anna.

«God dag, god dag» sa Juter

Rundt dei var det blomster, og under dei største, små hus. Overalt var det fear som jobba med å bere pollen, nøtteskal og bær. Og i midten av alt, eit enkelt bjørketre. Det lukta sterkt av blomster.

«Juter, kom hit!» Svana hadde funne ein fe, med små, raske, lyseblå venger.
«God dag. Mitt namn er Juter»

«Hei, hei, eg er Blåklokke. Eg høyrde de hadde gått dykk vill. Bli med inn til dronninga. Ho kan hjelpe oss»

Blåklokke flaug mot bjørketreet. Ho for opp på ei plattform. Der stod det ein nydeleg fe, med store lilla venger og det varmaste smilet han nokon gong hadde sett.
«God dag, deres majestet. Mitt namn er Juter», sa han og bukka.

«Eg er Revebjelle, dronninga av Blomedal. Kva bringer dykk hit?» Dronninga hadde ei mjuk og varm stemme.

«Jo vi ha...

«DRONNING REVEBJELLE!!» Ein fe med oransje venger storma mot dei.

«Kva er det Tulipan?» sa dronninga

«Smørblomst, dottera mi, har sett seg fast i storfurua!»

«Ho øvde seg på flyging då det kom ei stort vindkast og blåste ho opp! Kva skal vi gjere?»

«Ta det med ro. Ingen av oss har sterke nok venger til å komme opp dit, men heldigvis har vi ein svane på besøk» sa dronninga og henvendte seg til Juter.

«Ønsker du at vi skal fly opp å redde denne jenta?»

«Gjerne»

Juter hoppa opp på ryggen til svana.

«Der borte» Dei flaug opp mot furua. Heilt i toppen var det ein liten gul fe, som klamra seg til ei furugrein.

«Hjelp, hjelp!» Mange feer hadde samla seg rundt furutreet og så opp på den lille jenta.

«Svane. Eg hoppar oppå greina, mens du flyr rundt. Så hoppar eg tilbake med jenta»

Han hoppa, og klemte seg fast i greina. Så strekte han seg opp, og balanserte bortover.

«Hei du, eg er Juter, og eg er her for å hjelpe deg», sa han og strakte handa si mot jenta.

«E-eg er Sm-smørblomst»

«Klatre opp på ryggen min du» Smørblomst gjorde det. «No må du halde deg godt fast!» Juter tok sats, og hoppa. Smørblomst hylte, men dei landa trygt på ryggen til svana.


«Tusen takk for at de hjelpte oss med å redde Smørblomst» sa dronninga då dei sto på bjørketreet.

«I gåve skal dokker få eit kompass, berre husk at sidan dokker ville dra til Norge, må dokker dra vestover»

«Ja vel, då må vi nok dra. Farvel» sa Juter, og klatra opp på svana.

«Takk igjen!» ropte Smørblomst etter dei mens dei flaug av garde.

Tulipan og Smørblomst hadde nettopp kome heim.

«Smørblomst, prøv å vere litt meir forsiktig neste gong du flyg»

«Jada, mamma» Smørblomst sprang inn på rommet sitt og kasta seg i senga si. Ho hadde nesten sovna då mora skreik.

«SMØRBLOMST! KOM FORT!»

«Kva skjer?» Plutseleg knuste veggen i stua. Og ho såg ut. Heile Blomedal var i panikk. Og så såg ho dei. Ulvar. Altfor mange ulvar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar