lørdag 10. desember 2016

10. desember

Juter sprang bortover det våte graset. Overalt rundt han flaug det kampesteinar. Gulnissar sendte lyn og sterke vidnkast ut frå hendene sine, mens desse svartnissane sendte ut noko svart magi. Han hadde fått høyre ei kjapp forklaring av svartnissane av Kuling på veg ned. Svartnissane, eller ondnissane, var før med i fargenissane, men dei hadde blitt sparka ut av rådet fordi dei var for onde. Dei pleide å øydelegge for resten av nissane heile tida. Dagen etter dei hadde blitt kasta ut, hadde heile borga dei budde i fordufta. Alt spor av dei var borte. Men det gjekk rykter om at dei ville ha hemn. Og no, var hemnen komen.

«Juter! Vi har ingen sjanse. Dei er mange fleire enn oss!» Evir hadde rett. Svartnissane hadde omringa dei rundt værtårnet. Plutseleg kom eit sort stort prosjektil som for mot værtårnet.

«Det er Mores, sjefen til svartnissane» sa Kuling med ei bekymra mine i ansiktet.

«TÅRNET FALLER!!!» skreik ein av gulnissane. Tårnet hadde knokke av på midten, og falt rett der Juter sto. Juter kasta seg bort. Boom! Det var eit mirakel at ingen hadde blitt treft, men det knuste fleire av katapultane til svartnissane. Han høyrte eit GONG! når tårnet traff Gråfjell. Håpte grånissane hadde høyrt det, og kom og hjalp!

Doooduuu!! Eit slags horn. Når ein snakka om sola. Grånissane kom mot ridande mot dei på grevlingar. Både grevlingane og grånissane hadde på full rustning. Dei var klare for kamp.

«WAAAAAAAAHHHH!!!! ANGRIIIIIP!!» Der kom kong Maulwurf også.

«Juter, sjå opp!» sa Evir. Over dei kom det ørner. Gigantiske ørner. Og kvar ørn, holdt to grønnissar. Så slapp dei grønnissane ned, og hundre grønnissar stupte ned og landa i midten av dei.

BOOM! Ei eldkule hadde sprengt i stykker nokre av katapultane til svartnissane. Den kom frå vulkanen. No hadde oransjenissane komt ôg. Og dei sendte eld mot svartnissane.

BRAAAAK!! Eit snøras hadde blitt utløyst med Blåfjell, og der kom blånissane på kjelker, og raudnissane ridande på grisar og hestar. Plutseleg, ut frå lause lufta vokste lillanissane ut frå bakken.
Purpura såg heilt gal ut og fekk gigantiske lilla blomster til komme og å gripe tak i svartnissane.

«Evir! Juter! Der er dokker!» ridande bak Kiesel på ein av grevlingane var:

«Svane!!!» Endeleg var dei samla igjen. «Der er du!»

«Du trudde vel ikkje eg hadde gløymt deg. Eg kom så fort som muleg med Kiesel her. Då såg vi kampen og fekk advare alle dei andre»

«Så det var derfor alle nissane kom og hjelpte oss? Du er ein helt!»

«Hei hei. Der er dokker!» Det var Yr og Lillum. No var dei alle samla. Kiesel hoppa av grevlingen sin, og drog fram ein stor kamphammar. Yr hadde ein stav det gnistra lyn frå. Evir tok fram sekken sin, og fann fram ein sprettert og eit par konglar. Lillum hadde ei slags lilla kule, som flaug rundt og laga ein rar lyd. Plutseleg kom det ei gruppe med svartnissar mot dei.

«Kva gjer vi?» spurte Juter.

«Vent å sjå» sa Lillum. Kula over henne sendte ned eit rart lilla lys som for ned i hendene hennes. Så klaska ho ein av svartnissane så hardt at han datt i bakken. Så kom ein kvinneleg svartnisse mot Juter, men før ho fekk gjort noko kom eit stort vindkast frå staven til Yr, og blåste ho bort til Kiesel, som slo ho i hovudet med hammaren sin. Men så kom tre svartnissar rett mot Kiesel. Då skaut Evir ein kongle frå spretterten sin, som eksploderte.

«Eksploderande konglar. Kult, ikkje sant?» sa Evir.

Sånn gjekk det meste av kampen. Yr skaut lyn ut frå staven sin, Kiesel dengte til svartnissar med hammaren, Evir med dei eksploderande konglane sine, og kvar gong nokon vart skada, kom kula til Lillum over dei og helbrerdte dei. Svana og Juter slo mot svartnissane, og hadde begge fått denne magiske tingen på hendene sine som Lillum hadde. Kampen sto rundt dei heilt til det var kveld. Akkurat når dei såg månen reise seg, var dei heilt sikre på at dei skulle vinne. Men den fulle månen blei dekte av nokre skyar.

Aooooooooo! Eit ulveul. Ulvane var her. Dei hoppa ned frå skyene, sneik seg inn frå skuggane, og ulte kampropet sitt. Ulvane var mange fleire enn sist gong, og nokon av dei var brune og mindre. Cirka 30 av ulvane omringa dei, og dei var no fanga i ein sirkel. Juter, svana, Kiesel, Evir, Lillum og Yr. Over dei kom reven og sjølvaste Høvding Albino dalande ned på ei sky. Når dei hadde landa, kom høvding Albino sakte mot dei. Han la seg ned ein halv meter frå Juter. Sjølv liggande var han høgre enn Juter. Dette var første gong han hadde sett han skikkeleg. Han var gigantisk. Han hadde knust over 20 nissar i ein kamp. Reven la seg ved sidan av. Han var bitte liten i forhold.

«Fin kamp, nisse. Eit augeblikk trudde du vel at du skulle vinne. Hahaha» Dei raude auga hans stirra rett i han. Stemma hans var mørk og grov. «Som du sikkert ser, har vi samla mange av dei store ulveflokkane til ein hær. Men det ser vist ikkje ut som vi trengte det, sidan hæren dykkar berre består av værmann og blomsterpiker»

«Albino. Endeleg kom du!» Ein svartnisse braut seg gjennom ulvemuren til Albino. Han stilte seg ved sidan av han. Sjølv om han var ein høg, voksen nisse med kappe til og med, var han ikkje noko skremmande i forhold til Albino.

«Juter, har du hilst på Mores, leiaren for svartnissane?» sa Albino.
lum tenkte fast, og holdt han tilbake, hadde han angrepe Mores.
Albino knurra.

«Du ser all denne skaden Juter? Den vil berre fortsette. Alle nissane vil miste heimane sine. Tenk pa alle dei fatale konsekvensane. Som lillanissane. Viss ikkje dei får gjort oppgåvene sine, vil ikkje årstidene virke skikkeleg. Du kan stoppe dette. Du kan få alle svartnissane, og alle ulvane, til å trekke seg tilbake og forsvinne. Du treng berre å gje meg den julekula. Kva er den verdt, mot alle desse skadane?»

«Greit. Den er ikkje inn likevel. Men då må du love å...»

«Nei! Juter! Eg gløymte å fortelje deg om det, men dei svanene inne i den. Den eine er meg! Det må bety noko!» Hæ? Kva snakka svana om? Svaner i julekula? Men det var jo Juter som utforska verda inni. Drøymen hans. Så gjekk det eit lys opp for han.

«Svane, nøyaktig korleis er svanene i kula?»

«Hugsar du ikkje det? Det er eg som leier svaneflokken sjølvsagt!»

«Og er ikkje det drøymen din?»

«Jo, men»

«For meg viser kula meg som utforskar verda. Min draum!» Juter løfta opp kula så alle kunne sjå den. «Dette er draumekula, den magiske kula til julenissen. Initialene under står for Nicholas Julenissen. Reven har på ein eller annan måte fått tak i den, for å bruke magien. Men han har ikkje fått den til å virke, og når eg stelte den, og klarte å bruke den, har reven gjort alt som sto i hans makt for å få den tilbake. Kula viser også draumen til folk, derav namnet draumekula!»

Evir, Lillum, Kiesel og Yr såg forvirra på han, men reven kveste.

«Så sjølv Albino!» sa Juter. Albino tok eit steg mot han, og så rett inn i kula. Plutselig, men berre så Juter la merke til det, begynte kula å dirre og så forsiktig gniniemerdne.

«Rev! Mores! Vi trekk tilbake alle troppane våre no! Ingen Diskusjon!» Albino hoppa oppå skya si igjen, og starta å mane fram skyer igjen.

«Kva skjer?» spurte Mores.

«Berre gjer som han sei. Viss ikkje blir han sint, og du vil ikkje sjå han sint» sa reven.

«ALLE ULVER!! TREKK DERE TILBAKE! DET ER EIN ORDRE!» Ropte Albino.»

«Ja. Svartnissane også!» sa Mores ganske pysete i forhold til skrikinga til Albino. Kvar einaste av nissane blei ekstremt forvirra når svartnissane og ulvane berre forlot kampen.

«Juter, kva gjor du eigentleg?» spurte svana, når alle ulvane hadde flydd vekk på dei mystiske skyene sine, og svartnissane gått bak vulkanen.

«Eg veit eigentleg ikkje. Kula begynte å dirre, og så. Poff. Hadde han bestemt seg for å stoppe kampen» Nissane sto i ro litt fortumla før dei skjønte at dei eigentleg burde feire. Circa 1000 nissar og ei svane jubla for å ha vunne kampen. Nissane berte Juter på gullstol og dei festa, og jubla heile natta.

-

Høvding Albino sto på skya si heilt rar og svimmel inne i hovudet. Kva hadde han tenkt på. I det eine sekundet hadde han stått der og stirra inne i den snøkula, og i det neste hadde han fått for seg at dei måtte stoppe kampen med ein gong. Det gav jo ingen meining. Dei hadde både overaskelsesmomentet, og dei var i fleirtal. Alle dei andre ulvane sov, men han fekk ikkje sove. Han tenkte berre på ein ting. Han skulle ha den kula.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar