fredag 2. desember 2016

2. desember


Juter elska å fly. Det var litt trist å seie hadet til Orim og Rudolf og brakka si. Men han skulle ut på eventyr. Dette var draumen hans.

«Du, Juter. Eg trur det er land her nede» Dei hadde reist i eit par dagar no. Utan pause.

«Bra, Svane. Vi går inn for landing» Det var ein skog. Dei landa på ein liten lysning. Juter sette seg på ein liten stubbe.

«Ok, vi tar det ein gong til». Juter hadde skrive ned nokre notat i boka si. «Du og flokken din var på tur sørover for vinteren. Dokker var på veg til Noreg, men du rota deg bort, og no har du lett etter dei i ein heil månad.»

«Heilt riktig. Eg har så dårleg retningssans at eg veit ikkje forskjellen på opp og ned. KAAAAAA!» Svana prøvde å fly vekk, men nokon hadde bitt seg fast i halsen hans. Ein rev! Svana sparka frå seg og sprang. Juter kom like etter. Men reven tok fort innpå.

«Svane! Fly!» Svana flaksa med vingane og letta. Men Juter hadde ikkje venger. Han sprang for harde livet med reven like bak. Juter tok sats og hoppa inn i ei hole. Med eitt skjønte han at dette var reven si hole. Og han var fanget.

«Lurt opp i eit hjørne. Ha. Du skal nok bli god middag», sa ei slu ekkel stemme, og reven kom sakte mot han.

«Smak på denne!» Juter hadde grabba tak i noko på reven si hylle og smelte den inn i ansiktet på reven. Han tok tak i det og sprang.

«GJE DEN TILBAKE TIL MEG NO!!!!» Reven var allereie på god veg etter han.

«Å, neida» Svana greip tak i Juter og kasta han opp på ryggen hans.

«Tusen takk. Du redda livet mitt!» Så var dei på veg igjen. Reven jaga dei ei stund. Men så for dei høgt opp og kunne endeleg slappe av. Då hugsa Juter den tingen han hadde tatt frå reven. Det var ein liten pose. Ned i posen var det ei snøkule. På undersida var det to initialar, N. J. Men det interessante var inni kula. Det var Juter, som utforska heile verda.

Reven var ekstremt irritert. Han hadde nettopp mista den største skatten han hadde. Drømmekula. Han gjekk inni den djupaste delen av skogen. Her herska ulvane. Han hadde alltid vert litt redd ulvane. Men dei respekterte familien hans. Plutseleg var han der. Det var ulvar overalt. Og på ei stor stein ein gigantisk kvit ulv, med raude auge.

«Høvding Albino, eg har eit oppdrag til dykk»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar