fredag 23. desember 2016

20. desember

Juter dengte til ulven. Den hadde prøvd å ta ein av nisseungane, så Juter måtte redde han. Nissane var overraskande gode til å slåss. Dei var klare med ein gong, med våpen og beskyttelse. Juter hadde fått ei stor klubbe, men det hjelpte ikkje. Ulvane hadde blitt mykje mektigare, og det såg ut som om dei brukte magi. Han viste ikkje korleis, men det verka som om det likna på magien til draumekula.

«Juter, pass deg!» advarte svana han. Juter snudde seg for å møte ein ulv i eit sprang mot han. Juter heldt fram klubba, men ulven velta han ned. Den hadde sette tennene sine inn i Juter, hadde ikkje vert for at han stoppa den med klubba. Heldigvis skremte ein nisse ulven vekk med ein fakkel.

«Takk» sa Juter til ho.

«Versågod» så sprang ho vidare mot ein ny ulv. Svana flaug oppe i lufta, og slapp ned vann for å prøve å stoppe elden, men den spreidde seg for fort.

«Kva gjer vi, Juter?»

«Eg veit ikkje svane, vi må få redda nissane på ein måte. Vent litt. Kvar er sekken min?!» Juter såg seg rundt. Kvar kunne den vere? Han måtte ha den, for der var både langkikkerten hans, ekstra lavendelsøvn, såpa til mora, og draumekula!

«Der borte, Juter» sa svana, som hadde betre oversikt oppe frå lufta. Borte med det brennande treet til Baltazar, romsterte ein ulv i sekken hans. Den hadde nettopp funne fram draumekula når Juter kom fram.

«Slepp den ned!» Han slo til ulven og han mista kula. Ulven knurra mot Juter.

«Trur du dokker har nokon sjans mot den mektigaste ulvehæren i historia? Vi treng ikkje slost mot dokker ein gong, brannen vil ta seg av dykk» Det verka som om draumekula høyrde det, for med ein gong ulven var ferdig å snakke begynte den å dirre.

RAMMALFELLAKKOLS!! Eit gigantisk vindkast blei skutt ut frå kula, og slo ned ulven. Då vinden nådde flammane, sløkte dei flammane heilt. Men vinden blei for sterk for det gamle treet til Baltazar, og det falt ned og knuste fleire av sopphusa.

«Nei! Juter, dette er mørk magi. Finn leiaren deira, og stopp han. Då kan vi kanskje slå dei tilbake» sa Baltazar.

«Greit» Juter såg seg rundt. Han hadde ikkje lagt merke til om Albino og reven var i nærleiken, og han kunne ikkje sjå dei. «Svane, ser du Albino og reven der oppe?»

«Eg ser nokre ulvar som står i ro på den klippa der oppe, men eg kan ikkje sjå om det er dei» Han peikte på ei gigantisk klippe som lente seg over nissebyen.

«Vi må berre prøve! Land du, så kan du fly oss opp» Juter opna ryggsekken, og tok fram det han trengte. Først fann han fram kikkerten, og såg oppå klippa. Sjølv om det var fullt av tåke der oppe, var det ikkje eit problem. Joda, der sto Albino og reven, og ein liten ulveflokk. Dei såg ned på noko, men Juter klarte ikkje å sjå kva det var.

«Kjem du?» spurte svana som hadde landa.

«Ja. Eg har sjekka teleskopet. Det verker som om dei har noko der, men eg ser ikkje kva det er. Eg trur vi bør prøve å få tak i den. Kanskje det er grunnen til at dei har blitt så kraftige» sa Juter, og klatra oppå.

«God hypotese, men vi må ha ein plan»

«Vi landar litt bak dei, og eg konfronterer dei, mens du flyr opp i lufta igjen. Og når du trur du har sjans, prøvar du å få tak i den» sa Juter.

«Mottatt! Då drar vi» Dei flaug inn i tåka så ulvane ikkje skulle legge merke til dei. Klippa var glatt og våt, og han måtte vere forsiktig for å ikkje skli. Etter at svana hadde flydd vekk, sneik han seg nærmare ulvane.

«Greit kule, viss oss kva du kan» Det var høvding Albino. Plutseleg lyste noko opp der framme. Det var eit raudleg lys, så skifta det til lilla. Juter sneik seg nærmare. Han gøymte seg bak ein stor stein, og spionerte på ulvane. Ulvane sto i ein ring rundt noko, og det verka som om det var det som sendte ut lyset. Men Juter kunne ikkje sjå kva det var, for det sto ein ulv rett framfor han.

«Sjef, kva gjorde den no då?» spurte ein stor ulv som satt på høgre side av Albino. På andre sida satt reven og såg slu ut.

«Den helbreda nettopp dei ulvane som vart slått ned der nede, og så gjorde han dei kraftige igjen» forklarte Albino. Plutseleg kom ein ulv springande inn i sirkelen.

«Sjef, dei har sløkt alle flammane der nede. Vi veit ikkje korleis, men...» Albino knurra så ulven stoppa.

Albino snudde seg for å sjå. Nokre av dei andre ulvane gjor det same, inkludert han som sto framfor Juter. No kunne han sjå kva alle ulvane hadde stira på. Det var draumekula! Nei. Den var litt mørkare. Det forklarte ein del. Ulvane hadde skaffa seg ei kule. Dei skulle bekjempe magi, med magi.

«Kven gjorde dette?» spurte Albino.

«Det var meg» Juter gjekk fram.

«Neimen, er det ikkje den lille, feige nissen»

«Kva meiner du med feige? Eg avslørte meg jo nettopp for dokker, sjølv om dokker er mange fleire enn meg» No hadde folk snakka så mykje ned på Juter, at han var lei.

«Istaden for å kjempe mot oss på ekte, berre sneik du deg unna ved hjelp av den kula!» sa reven.

«Vel, dokker bruker òg ei kule ser eg»

«Åhh, du forsto det» Albino starta å le. «Ja, vi har fått litt hjelp. Fortel meg Juter, kven er Julenissen sin verste fiende, nisse?»

«Foreldre som seier til borna sine at Julenissen ikkje finnest?» Det var det første Juter kunne tenke på, men det gav ikkje meining at ulvane fekk hjelp av menneske.

«Nei. Prøv ein gong til»

«Eg veit ikkje...» så skjønte han det. «Antinissen?!»

«Ding, ding, ding. Heilt riktig. Dette er Marekula, motpolen til draumekula» Han peikte på den svarte kula som sto mellom dei. Den summa, og røyken inni flaug rundt omkring i rasande tempo og det såg ut som den ville sprenge seg ut kvart augeblikk. «Så nisse, eg gjer deg det same tilbodet eg har gitt deg før. Du kan få alle ulvane til å trekke seg tilbake og forsvinne. Du treng berre å gje meg den julekula. Kva er den verdt, mot alle desse skadene? Hugs, denne gongen kan du ikkje bruke kula til nokre lureri. No har vi òg magi»

«Aldri!» skreik Juter.

«Greit, då treng eg eit tips frå deg. Kva for ein nisseby skal eg legge i ruinar først. Feane kanskje, eller fargenissane? Kanskje eg berre skal ta alle!» Dette kunne ikkje Juter stoppe. No hadde han berre eit håp.

«Greit, eg skal gje deg kula. Men då må du love å ikkje angripe nokon av venene mine eller eller meg»

«Sjølvsagt» sa Albino og løfta ein labb i lufta. Juter fann fram posen med kula. Sakte, sakte tok han den fram. Han gjekk sakte bort til Marekula, og la kula ved sidan av den. Då kom svana stupande. Juter hoppa bakover når svana skulle ta kulene. Men svana tok ikkje tak i kulene. Han låg mellom labbane til Albino.

«No er eg lei av tullet dokker! Det er siste gongen du ser svana i livet igjen! Og eg tek begge kulene, og tar over heile verda!»

Juter kasta seg tilbake mot sekken sin.

«Det er slutt på alle menneske! Det er slutt på alle nissar!»

Han romsterte veldig raskt i sekken og fann fram spretterten, og kongla.

EG HAR FÅTT NOOOOK!!

Så sikta han.



Ulvane såg opp mens det eksploderte oppe på klippa. Dei viste at høvdingen deira var der oppe. Den ytste delen av klippa falt av, og avslørte månen. Den var full, og blodraud. Det betydde ein ting. Høvdingen deira, hadde falt. Dei hadde tapt. Ein kvit flygande skikkelse flaug ut med ein nisse på ryggen. Han landa på toppen av det gamle, daude treet. Nissen starta å rope.

«Alle ulvar. Høvding Albino den store, er død! Han kjempa til siste slutt, og gjekk ned med sine beste krigarar! Han mista òg eit sterkt våpen dokker har fått låne! Mest sannsynleg vil derfor antinissane finne dokker, og ta hemn! Derfor gjer eg dokker eit råd! Røm! Røm så langt dokker kan klare! Lag fleire flokkar, som reiser kvar sin veg! Dokker har tapt, og vi har vunne! Røm!»

Det gjorde ulvane. Dei kom seg så langt vekk dei kunne.


«Juter, eg fann noko!»

«Takk, Eik. Kva er det?» Juter kom mot han. Dei hadde leitt etter kulene ved alle steinane som hadde knust frå klippa ei stund no, men no såg det ut som Eik hadde funne dei. Dei hadde funne alle dei knuste ulvane, bortsett frå reven. Han hadde forsvunne i lufta.

«Det er noko knust glas»

«Nei!» Under ein stor stein låg knuste glasbitar og andre bitar som måtte komme frå dei to kulene. Svana kom flygande ned òg.

«Er dei øydelagde?!» spurte svana forskrekka.

«Det ser ut sånn, ja» Juter plukka opp bitane og la dei i posen han hadde brukt å oppbevare draumekula. «Ta det med ro. Vi treng den jo ikkje meir»

«Kva meiner du?» spurte svana.

«Vi treng den jo ikkje for å kjempe mot ulvane lenger. Og den var ikkje vår frå før av»

«Men kva med Julenissen? Vil ikkje han trenge den?»

«Han har ikkje hatt den på kjempelenge, og han klarer seg fint»

«Du har vel rett» svana sukka.

«Men ikkje tenk på det no. Vi er i Noreg, og må finne familien din»

torsdag 22. desember 2016

19. desember

«Juter, høyrde du det?» Dei hadde nettopp landa i ein liten skog, og gjekk no for å finne nokre venlege nissar.

«Nei. Kva var det?»

«Eg veit ikkje, men eg trur eg høyrde nokon som lo» Nokon som lo? Kven kunne det vere? Kanskje det betydde at det var ein nisse i nærleiken.

«Hallo?!» ropte Juter ut i skogen. Plutseleg såg han ein raud hatt stikke opp frå bak ein stubbe.

«Neimen, god dag du» Det var ein skognisse, eller det menneska kalde husnisse. Hos nissane blei dei kaldt vanleg nisse. Han hadde lang spiss raud lue, og langt skjegg. Han hadde blå bukser, ei gul skjorte, og ein brun vest. Han var mindre enn Juter, og dråpeforma. «Eg er Eik. Kven er dokker?»

«Eg heiter Juter og dette er svana. Kan du seie oss kvar vi er?» spurte Juter.

«I ein skog» svarte Eik.

«Ja, eg skjønte det, men kvar?»

«Oja, hahahaha. Eg beklagar, eg veit ikkje heilt, men bli med tilbake til byen vår, så skal eg finne nokon som kan hjelpe deg»

«Gjerne, kvar skal vi?»

«Berre litt bak her, eg var ute og samla kongler» Så gjekk han innover skogen, og Juter og svana følgde etter. Han var ein rar, spretten, liten kar, og han gjekk der og tralla på ein song om ekorn og elgar. Dei kom over ein liten bakke, og plutseleg dukka byen opp. Den var stor, og husa var ein blanding av store soppar, under tre og små steinhus. Overalt gjekk det positive nissar. Alle var ganske like med små forskjellar, som litt kortare skjegg, eller forskjellig farge på skjortene. Også var det nissekonene, som var like, men hadde mindre hattar, gjekk i kjole og ikkje skjegg.

«God dag, kjære bror» sa ein nisse som kom mot dei. Han var prikklik Eik «Kven er dette?»

«Dette er Juter og svana, eg skal hjelpe dei og finne ut kvar vi er» sa Eik.

«Men det er jo klart, i ein skog!» svarte denne nissen som måtte vere broren til Eik.

«Ja det trudde eg og, men dei ville vite kvar skogen var»

«Oja. God dag, mitt namn er Osp» Han helste på Juter.

«Sei meg, er dokke alle kalla opp etter tresortar?» spurte Svana.

«Hahaha. Neida, foreldra våre er berre litt rare» forklarte Eik. «Følg meg. Vi drar ned til Baltazar. Han kan nok finne ut kvar vi er»

«Dei virker ikkje så smarte», kviskra svana til Juter.

«Det er nok berre sånn dei er. Dei er jo hyggelege i det minste.» Så følgde dei nissane ned til byen.

«God dag, Eik. Kven er dette her?» Det var ein av honissane.

«God dag, Mai. Dette er nokre nissar eg fann ute i skogen. Vi skal prøve å finne ut kvar vi er»

«Det er jo klart. I ein skog!» sa ein anna nisse. Dei andre nissane nikka.

«Ja det trudde eg også, men dei meinte kvar skogen var»

«Oja» sa nissane.

«Har de tenkt til å spørje Baltazar?» spurte Mai.

«Ja» svarte Osp. Dei gjekk mot eit krokete, dødt tre midt i byen.

«Vi skal rett under her» sa Eik, og gjekk ned under treet. Juter følgde etter. Der inne sto det ein gammal, rynkete nisse, med kjempelangt skjegg. Han hadde mørkeblå skjorte og hatt. Bak han, var det fullt med mennesketing. Som ei bok, eit par bestikk, og eit brillepar.

«God dag, mine frendar» sa Baltazar med svak stemme.

«Hei, hei. Vi treng hjelpa di Baltazar. Dette er Juter og svana, og vi må hjelpe dei finne ut kvar vi er» forklarte Osp.

«I skogen, mine frendar» Sa Baltazar, som misforsto igjen.

«Han meinte kvar skogen var»

«Oja. Vel, då kom dokker i rett tid. Seinast i går fann eg denne posten» Baltazar fenn fram ei avis. Den var større enn nissane.

«Kva er ein post, Baltazar?» spurte Eik.

«Ein post, er noko menneska bruker for å finne ut kva som har skjedd, trur eg» forklarte Baltazar. «I alle fall. Her ser dokker at posten heiter Aftenposten, så eg trur at vi må vere i Aften»

«Kvifor det, Baltazar?»

«Den heiter Aftenposten, ikkje sant. Derfor trur eg at dette er posten til Aften. Og sidan eg fann den her må vi vere i Aften»

«I kva for eit land ligg Aften?» spurte Juter. Kanskje desse nissane ikkje var så dumme likevel.

«Eg er ikkje heilt sikker, men dei fleste teikn tydar på at vi er i landet Norgê»

«Er vi in Noreg? Det er fantastisk, vi har kome fram, svane!» jubla Juter.

«Joohoo! No må vi berre finne familien min, og så er vi ferdige med oppdraget ditt!» Det hadde Juter heilt gløymt. Etter kvart måtte han jo dra tilbake til Nordpolen aleine. Han elska jo og bu der oppe, men dei siste månadane hadde vert dei beste i livet hans. Kanskje han kunne...

«BALTAZAR!» Ein nisse kom springande ned i hula. «Du må ut med ein gong! Treet ditt står i fyr!»

-

Endeleg skulle reven få tatt hemn. Dette var det han hadde venta på. Dei hadde eigentleg tenkt til å angripe Juter og svana når dei flaug over Nordsjøen, men dette var mykje morosamare! Å angripe ein heil nisseby. No sprang ulvane ned mot nissane og øydela alt dei kunne. Marekula hadde mant fram eldkuler, og sette heile skogen i fyr. No måtte dei berre finne Juter, og få tak i Drøymekula.

Kampen var igong.

18. desember

«Juter! Eg synast at vi skal ta ein pause!» Svana hadde eigentleg rett. Dei hadde ein liten fiskebåt under dei som dei lett kunne ta ein kvil på. Og det var sterk vind, regn og rett og slett skikkeleg dårlege flygeforhold. Men han hadde eit oppdrag han måtte fullføre.

«Nei! Eg beklagar! Vi må fortsette!» Det var som stormen på nytt igjen. Dei måtte rope for å snakke med kvarandre.

«Eg har berre ein rar følelese! Kan du kanskje få kula di til å gjere noko!»

«Du veit at eg ikkje berre kan be den om ting! Den må ha lyst til å hjelpe!»

«Ja, eg veit! Men kan du kanskje prøve?!»

«Kva om eg mister den! Kva gjer vi då?!» Han trudde ikkje det var ein god ide.

«Greit, men kan vi ta ein pause! Eg føler at det er nokon i skyene!» ropte svana bekymra.

«Kven skulle det vere! Vi fortsett!»

«Nei, Juter! Eg flyr, så eg bestemmer! Vi landar!»

«Greit då! Men vi må vere raske!» Dei landa på den vesle fiskebåten bak ei stor kasse med fisk. Der hadde dei i det minste litt ly.

«Kanskje vi kan få oss litt mat med å spise fisken?» spurte Juter.

«NEI! Eg hatar fisk!»

«Så du er ei svane som gjerne kan spise pannekake, men hatar fisk. Kva levde du av i flokken din då?»

«Fiskebollar så klart! Namm!»

«Men dei er jo laga av fisk. Og korleis skaffar du deg...

«Eg høyrer nokon lydar bak med fisken»

«Juter. Det kjem nokon. Gøym deg!» Juter måtte tenke raskt og hoppa over båten. Det fyrste han tenkte var at det var ein forferdeleg ide. Det andre var at han måtte vere heilt stille.

«Det er ei svane! Den kjem til å spise opp fisken. HUSJ! HUSJ» Ånei! Svana vart jaga bort. Juter hadde ingen andre val enn å sjå på når svana flaug langt vekk frå båten. No var han heilt aleine, og iskald. Han viste at det var ein dårleg ide å ta pause. Ååååh, kva skulle han gjere. Han måtte tenke raskt. Han måtte opp frå vatnet med ein gong, viss ikkje ville han fryse i hel, men han kunne ikkje vise seg for menneska heller. Plutseleg kom det eit stort objekt stigande opp ved sidan av han.

«Kva er det?» høyrde han ein av menneska spørre.

«Eg trur det er ei nise» Ei Nise! Ånei. Han måtte symje for livet! Nei, då såg menneska han! Han måtte berre holde seg inntil båten, og håpe at nisa gjekk sin veg. Han var livredd og lukka auga. Plutseleg rann vatnet han var nedover, og han fekk varmen i seg? Han opna auga. Det var heilt mørkt. Var han inne i nisen. Når han var liten hadde bestefaren fortalt ei historie om at han blei eten opp av ein kval, men han trudde det berre var røverhistorier.

«Eg beklagar den brutale fraktemetoden, men eg såg at du var i trøbbel»

«Vent, kan du snakke?»

«Ja, til nissar så»

«Eg beklagar, det er vanskeleg og huske kva for nokre dyr nissar kan snakke med, og kven dei ikkje kan. Du veit, vi kan snakke med svaner, men ikkje grevlingar. Veldig forvirrande»

«Hahahaha! Vel vi får vel finne den svanevennen din og gje deg skyss til Noreg då»

«Korleis viste du kor vi skulle?»

«Lyd går raskare i vann, så eg høyrde heile den lille krangelen dokkers»

«Du høyrte den. Eg er ikkje vanlegvis så kjefete, det var berre...

«Eg forstår. Berre legg deg og slapp av du. Eg skal synge godnattsong for deg eg»

«Neida, du treng ikkje... så begynte nisa å synge. Og det var det vakraste Juter nokon gong hadde høyrt. Det tok berre sekund før han var i djup søvn.

onsdag 21. desember 2016

17. desember

Svana hadde blitt så glad når han klarte å fly igjen. Han hadde bestemt seg for å ta ein lang tur over havet. Han hadde sagt til Juter at høgdeskrekken var heilt borte `g. Juter var `g veldig glad. Sjølv om det var gøy å ri på Dachs, men å fly var heilt anleis. Drøymekula var veldig kraftig. Den hadde til og med gjort svana vaksen. Heldigvis hadde ikkje svana sin personlegheit endra seg, bortsett frå at han kanskje var litt modigare då.

«Juter, det er land under oss»

«Bra. Då kan vi endeleg finne ut kvar vi er» Svana flaug nedover mot landet. Det såg ut som dei hadde vore over land ei lita stund, for dei var langt inne på fastlandet.

«Vi landar nede på det fjellet der. Det kjem røyk ut frå det, så nokon fyrer nok i peisen» sa svana. Dei landa utanfor eit lita dør som gjekk inn i fjellet. Det var pynta fint utanfor med blomster og lys. Det var ei lita skilt òg.

«Her bur Gryla og Lappelusing med familie» leste svana. «Vi får vel banke på då»

Bank! Bank! Bank!

«God dag kjære dokker. Vil dokker komme inn?» Ein nisse med to spinkle treføter opna.

«Gjerne» sa Juter. «Mitt namn er Juter, og det er svana. Vi har reist lenge og kunne gjerne trengt ein liten kvil»

«Ja versågod. Mitt namn er trefot» Juter gjekk inn. Overalt var det morsomme nissar som gjekk rundt og tulla. «Det der er Gjelfjomp» han peikte på ein tjukk nisse som satt og åt eit stort måltid berre for seg sjølv. «Og det er Småen», ein bitte liten nisse som sto og stekte pannekaker. «Der er Sleiveslikkar» Ein syltynn nisse som sto og sleika pannekakerøre av slikkepotten til Småen. «Kjeleskrapar» Kjeleskrapar var ein rar nisse som gjøymte seg oppi ein kjele borti ein krok. «Traueslikker» Ein ganske stygg nisse som prøvde å stjele nokre av pannekakene. «Og her kjem jo Dørsmellar» Ein nisse opna døra med eit voldsomt brak, trampa inn så heile huset knirka og knaka. «Og der borte sitt Yoghurtjafsar» Yoghurtjafsar sat på ein stol og nøyt ei skal med yoghurt. «det der er Pølsesnappar» Han var ein liten nisse som holdt ei gigantisk kjøttpølse og prøvde å spise opp. «Vindaugstittar» Han var ein morsom nisse med gigantiske briller som sto og stirra ut glaset. «Storsnusar» Oj. Ein nisse med så stor nese hadde Juter aldri sett. Han sprang rundt og hoppa veldig sprettent. «Kjøttkrok» Ein litt skummel nisse sat og spissa eit trespyd som ein krok. «Og sjølvsagt Lystiggar» Denne nissen såg veldig hyggeleg ut. Han gjekk rundt med ein bunt med stearinlys under armen. «Det er oss tretten. Dei islandske nissane»

«Vent, sa du islandske» Det betydde at dei var på heilt feil vei, men han visste no iallefall kvar dei var.

«Ja. Kvar dag frå den trettande desember, går ein av oss ned til barna i Island og gjer litt forskjellige ting. Vi er julenissane her. Og vi får sjølvsagt hjelp av mamma og pappa, Gryla og Lappelusing». Han peika på ein del av rommet Juter ikkje hadde lagt merke til. Der var det ein høg nisse med langt skjegg som surmulte. Men ved sidan av han sat ei fæl og ekkel nissedame. På fanget hennar sat ein skummel katt med spisse tenner.

«Mora di er litt, eh...»

«Skremmande? Eg veit. Ho er på måte den vonde versjonen av oss. Kvar jul, kidnappar ho barn for å lage julemiddag av dei» sa Trefot. Plutseleg hoppa katten ned frå fanget til Gryla og ho reiste seg.

«Trefot! Kvifor har du slept inn desse usle kreka? Vi har allereie middag!» Ho kom mot dei. Katten følgde etter og kveste.

«Eg beklagar mamma, men dei er slitne og treng litt ly»

«Vi tek ikkje imot gjestar. Kjøttkrok?» Den skumle nissen med spydet hadde og komt nærmare, og sto klar til og angripe.

«Vent!» Det var nissen med lysa. Lystiggar. Han gjekk framfor Kjøttkrok, og stoppa han. «Mamma da. Kor lenge sidan er det ikkje sidan vi har hatt gjestar? Kan dei ikkje versåsnill og få vere til middag»

«Ja!» sa Kjøttkrok med eit stort smil om munnen.

«Eg meinte ikkje til middag. Eg meinte at dei kunne få vere med å ete pannekaker» forklarte Lystiggar.

«Eg veit ikkje» sa Gryla.

«La oss ha ei røysting» No hadde dei andre nissane starta å følgje med. «Kven her ønsker å ha gjestar til middag?»

Alle nissane bortsett frå Gryla, Kjøttkrok og Gjelfjomp, som var altfor opptatt med eit stort lammelår til å få med seg kva som skjedde.

«Vel då var det klart. Vi får gjestar!» Nissane starta og juble. Juter lo. Plutseleg starta dei og synge.
Songen var på islandsk, så Juter forsto den ikkje, men dei dekte på bordet og fann fram nokre ekstra stolar. Så sette dei seg ned for å ete. Imens dei åt fortalte kvar av nissane kva dei gjorde nede i landsbyane når dei var på besøk.

«Når eg er nede prøvar eg å drikke litt mjølk få mjølkekyrne nede hos bondane» fortalte trefot.

«Eg stel mat» forklarte Gjelfjomp kort før han fortsette å gafle i seg pannekakar, tre om gongen.

«Eg snik meg ned til landsbyen og lagar mat til borna. Og viss det blir nokre restar, tek eg dei sjølv, sa Småen.

«Min jobb er å vaske sleivene til familiane der nede ved å slikke det vekk» sa Sleiveslikkar, som heller åt røre frå ei sleiv istaden for vanlege pannekakar.

«Eg... ringer... på HAHAHAH! Dørene til... borna... og.. SPRING MIN VEG, HAHAHA!» sa raringen Kjeleskrapar.

«Eg et litt rampete og stel maten til hundane og kattane før dei får sjansen til å ete» sa Kjeleskrapar. Han sa også at sjølv om nissane høyrdes slemme ut, var det ofte for å lære barn ting. Både slemme og gode barn. Og dei gav alltid noko til dei og. Bortsett frå dei som berre var kjempeslemme, som Gryla og Kjøttkrok.

«Eg drar ned til hus og lagar mykje lyd og leven!» sa Dørsmellar .

«Eg smakar på all yoghurt som dei ikkje vil ha lenger. Borna pleier av og til å sette ut litt til meg» sa Yoghurtjafsar.

«Eg drar til stabburet for å få tak i nokre pølsesnabbar. Eg elskar alt som har med kjøtt og gjere» sa Pølsesnappar.

«Eg sniker meg ned og tittar inn vindauga på borna. Viss eg ser nokon slemme stel eg noko frå dei» forklarte vindaugstittar med dei store brillene.

«Eg er Storsnusar. Eg er alltid frisk og sprek, så eg snusar eter den beste julematen og går så langt eg må for å få smake» sa Storsnusar. Nasa hans var lenger enn pannekaka han åt.

«Du då, Kjøttkrok?» spurte Juter.

«Eg drar ned til byane, klatrar oppå hustaket, stikk kroken min ned i pipa, stel alle julegåvene, og viss eg får sjansen, eit born også» Juter kjente at han fekk frysningar. «Då sett eg dei ute kulda, så dei forhåpentlegvis frys i hel»

«Vel, det er ikkje så bra» avbraut Lystiggar. «Men eg, samlar lys og gjer dei til borna på Julaftan. Av og til tenner eg håp får dei borna som ikkje har det så bra»

«Det er jo hyggeleg. Du då Lappelusing?» Faren hadde ikkje sagt noko under heile måltidet.

«Nei. Ingenting» Han hulka og gret. «Det einaste eg klarar er mate katta. Det er det einaste eg gjer om dagane. Og eg er ikkje god i det heller. Sjå kor tynn han er»

Juter såg på katten. Det var faktisk ein av dei tjukkaste kattene han hadde sett.

«Ja, han er udugeleg. Akkurat som alle dokke andre» Gryla hadde blanda seg inn i samtalen. «Den einaste dugelege nissen her er du, Kjøttkrok. Eg ser ikkje for meg at du er spesielt dugeleg heller, nisse?»

«Eg blei faktisk kåra til årets nisse på Nordpolen for å vere den mest effektive nissen der var. Eg har hjelpt gigantiske nisseklanar i år, med alt ifrå born i nød, krigar, til og med vasking. Eg har slost mot revar og ulvar. Og no er eg på oppdrag for å finne heimen til svana med å søke gjennom heile verda!» Han likte verkeleg ikkje denne nissedama.

«Og kor lang tid har du brukt på det?» Juter fekk ein merkeleg følelse.

«Vi må gå» Juter reiste seg og gjekk mot døra.

«Juter, kva snakkar du om». Svana sprang etter han.

«Gjer deg klar til å flyge svane» Bak han såg han Gryla smile ondskapsfull. Juter berre gjekk ut døra.

«Kva skjer no, Juter» sa svana, som ikkje hadde noko anna val enn å følgje han.

«Eg beklagar, svane. Eg blei gitt dette oppdraget for å hjelpe deg, og vi har kasta bort tida. No drar vi til Noreg, og finn familien din»

mandag 19. desember 2016

16. desember


No hadde dei komt seg langt ut av menneskebyen, og var i ein ny skog. Dasch hadde oppført seg rart den siste timen. Han dreiv og sniffa i lufta, og for veldig klart i ei bestemt retning. Plutseleg bråstoppa han. Dei hadde komen til utkanten av skogen. Her var det ei lita steinstrand, og god utsikt mot havet.

«Det ser ut som du har leda oss til ein blindveg Dasch» sa Juter.

«Grynt»

«Ta det med ro Dachs. Eg gjer det heile tida» sa svana.

«Grr, grynt»

«Eg trur han luktar noko» Dachs sniffa intenst akkurat no. Så såg Juter ein anna grevling komme ut frå ei hole under ein stein. Dachs nistirra på den. Så trakk han seg tilbake og såg litt flau ut.

«Viss eg ikkje tar feil, har Dachs blitt forelska» sa svana.

«Du har rett. Eg har aldri sett han som det her» Juter og svan gjekk ned av han. Då begynte han å grave intenst i bakken. Etter litt hadde han funne ein liten haug med meitemark, og la dei på ein stein. Så sprang han inni skogen. Litt seinare kom han tilbake med nokre brunsniglar og.

«Hugsar du at Kiesel sa at fjelllivet ikkje passa for han. Kanskje sjølivet passar betre» foreslo Juter.

«Nei, du meiner ikkje at han skal bli igjen?» svana var heilt sjokkert.

«Berre vis den andre grevlingen liker han tilbake. Grevlingar pleier jo og vere i klanar, og denne er heilt aleine. Litt selskap vil nok ikkje skade»

«Men korleis skal vi kome oss vidare då?»

«Vi kan jo gå. Og snart er nok vengen din betre og»

«Grynt», Dahcs peika på meitemarkane.

«Han vil nok at vi skal passe på måltidet» sa Juter. Så sneik Dachs ned til vatnet og tok ein dukkert. Så fiksa han litt på pelsen sin med labben sin. No såg han fjong ut. Så kom han tilbake til dei. Grevlinghoa hadde gått bort til ein liten regnpytt for å drikke vatn. Dachs plukka opp meitemarkane og brunsniglane,og bar dei bort til hoa. Ho lyste opp med ein gong, og dei starta å dele dei.

«Eg trur vi burde la dei vere litt i fred» sa Juter. Dei gjekk litt djupare inn i skogen.

«Juter. Trur du verkeleg at dei berre vil forelske seg, og få lyst til å vere med kvarandre for alltid.»

«Kanskje ikkje med ein gong, men etterkvart vil dei nok bli godt kjent. Og uansett, å leve i ein skog ved sidan av havet må da vere betre enn å berre ein nisse og ei svane fleire mil kvar dag»

«Du har vel rett, men eg kjem til å savne han»

«Det har du rett i. Men no må vi sjå korleis dei har det» Han sprang ned til stranda igjen. Der jaga grevlingane kvarandre og kosa seg. Så såg dei Juter og kom mot han. Dei såg veldig glade ut.

«Grynt» Dei fekk med seg Juter og svana med til hula. Der gjekk begge inn og la seg ved sidan kvarandre.

«Du, Dachs, har du lyst til å flytte inn her?» Dachs nikka.

«Du då, synes du det er greit?» Hogrevlingen nikka og.

«Det er greit. Vi får vel finne ein annan måte å reise på då» Dachs såg skuldig ut. «Det går bra. Altfor at du skal vere glad»

«Grynt» Hogrevlingen sniffa mot sekken til Juter.

«Er det noko oppi her du vil ha?» Han tok av seg sekken. Hogrevlingen tok fram posen med drøymekula. Den falt, ho såg i den, og auga hennar blei store. Ho såg nok drøymen sin. Så la ho labben sin på den, og kula starta å dirre.

GITFARKGOKRETSROTS!!

Ein oransje stråle blei skutt ut, og traff svana som plutseleg sto i full fyr.

«UEEEEEE!!!» svana kom seg ut og sprang ned mot havet. Juter kom ut akkurat i tide til å sjå svana dukke under vatnet. Juter var heilt sjokkert. Kvar gong drøymekula hadde brukt magien sin hadde det hjelpt dei, men dette var forferdeleg! Plutseleg kom ein stor kvit flygande fugl komme opp frå vatnet. Den flaug eit par rundar før den landa framfor han.

«Svane, kva har skjedd?» Det første Juter la merke til var at han var blitt kvit, og større. Han var ein vaksen svane no. Det andre var at han hadde flydd heilt hit, noko som betydde at vengen hans var betre.

«Eg veit ikkje heilt. Først fekk eg panikk og sprang mot vatnet, men så oppdaga eg at det ikkje gjorde vondt og faktisk var ganske befriande. Plutseleg klarer eg å fly igjen. Juter skjønner du kva dette betyr. Vi har transport igjen no som vengen min er bra. Det er eit mirakel!»

-

Reven hadde fått i oppgåve å passe på Marekula. Albino hadde bedt den om å vise kva Juter og svana følte, og reven skulle seie ifrå viss det skjedde noko spennande. Den hadde vert grå, som betydde nøytral, ei god stund før den blei både gul og blå, som betydde både trist og glad. Men så vart den lilla for frykt. Men no strålte den gul. Dette betydde at Juter og svana var kjempeglade. Han ante ikkje kva som gjor dei så glade, men han hadde på følelsen, at det var dårlege nyhende for ulvane.

søndag 18. desember 2016

15. desember


Juter såg gjennom kikkerten sin. Han hadde funne ut at viss du dro i ein liten spake, kunne den sjå så vidt gjennom ting. Dette var veldig nyttig. Sjølv om dei var midt i ein skog, kunne han sjå langt framover.

«Det ser ut som vi snart kjem til ein by», sa Juter.

«Endå ein nisseby?»

«Nei. Dette er faktisk ein menneskeby»

«Oj! Då må vi vere forsiktige. Er du sikker på at vi bør dra gjennom?»

«Vel, vi kan ikkje overnatte her i den iskalde skogen heller. Og det er nok den nærmaste plassen å søke ly»

«Greit, vi må vel ta risken» sa svana og sukka. «Men kvar skal vi dra?»

«Vi snik oss inn no som sola har gått ned, og så finn vi ein eller annan hage og overnatte i»

«Er det så lurt då? Då kan jo menneska sjå oss. Ville det ikkje vere lurare å, eg veit ikkje, snike oss inn ein barnehage eller noko? Der vil det vere heilt tomt»

«Neida. Der kjem menneska på jobb så tidleg. Og det vil ta lang tid å finne ein»

«Ok. Eg gir meg. Vi får vel finne ein hage» sa svana.

«Greit, Dachs. Du høyrde kva vi sa. Senk farten, og ligg lavt» Etter eit par minutt var dei inne i den store, skumle byen. Dei heldt seg borte frå hovudvegen, for der var det altfor mange bilar. Han hadde lært om bilar på nisseskulen. Dei var store maskinar som for i full fart som menneska brukte som transport. Bilar var farlege, og menneska ville garantert sjå dei viss dei gjekk i nærleiken av ein bil. Dei var i ei lita koseleg gate, med fine hus og fine hagar. Dei hadde funne eit hus som var heilt mørkt, og hadde eit liten port som gjekk inn i hagen. Hagen var perfekt. Dei hadde pene blomsterbed, hagenissar av glas, pene fontener og eit lite uthus med verktøy.

«Perfekt! Kom igjen, vi legg oss der borte» Etter at Juter hadde lagt seg ned, klarte han ikkje å sovne. Han hadde følelsen av at nokon stirra på han. Både svana og Dasch sovna etter kvart, men Juter klarte det verkeleg ikkje. Plutseleg høyrde han nokon som sprang bak han. Han snudde seg. Nei, ingen.

«Hallo, er det nokon der?» Han fekk ikkje svar. Han var berre paranoid. Juter la seg til å sove igjen. Han snudde seg igjen. Han trudde han hadde høyrd nokon kviskre. «Hallo!»

«Bwææææh!» Plutseleg sprang ein heil haug med noko forbi han. Dei greip fast i Juter, svana og Dasch og festa dei fast i fontena med ein hageslange.

«Kven er du?» Det var ein av hagenissane? No la han merke til det. Alle hagenissane var borte frå plassane sine, og sto framfor han. Dei hadde kome til live! «Kva gjer du i hagen vår?»

«Å, eg beklagar. Mitt namn er Juter. Vi er på omreise og trengte ein plass å sove. Vi viste ikkje at den var bebudd» Juter ante ikkje at hagenissar var levande.

«Løgn! Du prøvde å øydelegge hagen vår» hagenissane såg sint på han.

«Nei, nei. Dokker såg jo at vi berre låg og sov»

«Ok. Du har nokre gode poeng. Mitt namn er Stubbe, fordi eg står på den stubben der borte. Kven er vennene dine?».

«Gryyyyyyynt!» klagde Dachs, som ikkje likte å ver bunden fast.

«Eg er svana, og det der er Dachs. Han er ein grevling» sa svana.

«Eg skjønte det» sa Stubbe.

«Så, dokker er hagenissar. Kva er jobben til hagenissar?» Spurte Juter.

«Men, Jute...

«Vi passar på hagen til menneska» svarte Stubbe.

«Juter, kva...

«Kvifor hjelp dokker menneska? Dei er jo farlege.»

«Juter, du må...

«Dokker hjelp jo òg menneska, med å lage gåver til barna. Kvifor gjer dokker det. Eg veit ikkje. Det er jo jobben vår å spreie glede og sånn»

«Stubbe, kanskje...

«Nettopp. Det er jobben vår. Nissar er til for å gjere livet lettare eller vanskelegare for menneske».

«Juter! Du må be...

«Eg forstår. Dette er faktisk noko som...

«JUTER! KAN DU BE STUBBE OM Å SLEPPE OSS FRI?!»

«Oj, eg beklagar svane». Han oppdaga først no at dei fortsatt var bunden fast. «Stubbe? Vi kunne vel ikkje få gått fri?»

«Sjølvsagt. Nissar!» Hagenissane knytte opp hageslangen igjen.

«Takk. Så, Stubbe, kan vi få vere her gjennom natta, versåsnill?»

«Sjølvsagt, men dokker må vere borte før menneska våre vaknar i morgon tidleg. Er det greit?»

«Jada, men då legg vi oss berre og søv då» spurte svana.

«Greit. God natt då»

«God natt!» sa alle hagenissane.

«God natt»

-

Reven og Albino såg på Marekula. Reven måtte òg vere der, for viss dei var to, visste ikkje kula kven den skulle vise marerittet sitt for og var derfor nøytral.

«Kjære Marekule, vis oss dei vi vill sjå!» Marekula si svarte tåke, og viste ein liten hage. «Dei har dratt til ein menneske by. Smart trekk. I ein by full av menneske kan vel ikkje vi følgje etter.»

«Kva gjer vi då, sjef?»

«Vi gjer oss klare til å angripe eit siste angrep, og tar dei ned.» 

onsdag 14. desember 2016

14. desember

Reven elska å fly på skyer. Det var så lett og gøy og rett og slett befriande. Men no begynte det å bli litt kjedeleg. Dei brukte å reise på dei fleire timar om dagen, og no skulle dei kjempelangt. Dei hadde reist over Atlanterhavet i fleire dagar.

«Albino, er vi framme snart?»

«Nei»

«OK, men circa kor lenge er det igjen?»

«Eit par timar»

«Kor mange timar?»

«Ti»

«Å» Vi skal reise sørover, hadde Albino sagt. Bra, det blir varmt, hadde reven tenkt. Men neida, no var dei langt forbi ekvator. Det var iskaldt. Brrrrrr. Og det blei berre kaldare og kaldare. Reven klarte aldri ti timar til. Huff og huff. Han la seg til å sove. Kor skulle dei eigentlig. Albino hadde sagt at dei skulle få tak i ei snøkule dei kunne bruke mot drøymekula. Han hadde sagt at han kjente nokon som hadde denne kula. Men så langt sør. Rart. Kanskje dei skulle til Australia. Nei, då hadde dei dratt lenger aust. Eller vest. Han viste eigentleg ikkje. Ahhhh, så trøtt han var. auga hans fyltes tunge. Han kunne ønske at ha.... zzzzzzzz.

«Rev, vakne!»

«Haaaaaaa, kva skjer?» spurte han søvnig.

«Vi må lande snart» sa Albino. Det var endå kaldare no.

«Kvar er vi?»

«Antarktis» Wow! Ja det forklarte enn del. Så sør var dei. Så sør det gjekk ann. Det forklarte kvifor det tok så lang tid. Dei hadde reist over halve kloden. Flott. Ja. Dei var i det miste framme.

«Kvifor er vi her, igjen?» Albino hadde endå ikkje forklart.

«Vent å sjå, men no landar vi. Ulvar ned!» Alle ulvane landa på den iskalde isen. «Ulvar, høyr her. For sikkerheit skuld skal ikkje alle gå. Dei einaste som går er eg, reven, og Varg. Dokker andre slår leir her» Varg kom fram frå mengda. Han var ein stor, svart ulv, og Albino sin beste krigar.

«Sjølvsagt, sjef» sa han. «Kvar drar vi?»

«Denne vegen» Albino gjekk i ei retning med tunge, lange skritt. Reven trippa etter. Dei gjekk ti minutt i skodda før dei såg omrisset på eit stort bygg. Først trudde han det var verkstaden til julenissen, men når dei kom nærmare såg han forskjellen. Det var som nissens verkstad, bortsett frå at det såg heilt forlatt ut. Vindua var knuste, målinga falt av, snøen rundt var full av plankebitar og andre øydelagte bitar som hadde falt av verkstaden. Men det var heilt klart nokon der. Inne frå den forlatte plassen kom gal latter og hyl. Det var lyd av ting som knuste, og nokon som sprang rundt der inne.
«Vi går inn» sa Albino og gjekk mot ei open dør. Varg gjekk rett bak han.

«Vent!» ropte reven. Han skjente hjerteslaga sine banke fortare og fortare. Reven sneik seg inn. Plutseleg sprang ein nisse kledd i svarte klede. Han holdt ei gåve i hendene sine. Booom!! Gåva eksploderte, men nissen berre lo.

«Er det ein gåveøydleggingsverkstad?» spurte Varg. Overalt var desse små nissane kledd i mørke kleder som brann, knuste, knakk og sprengte leikar og julegåver. Han såg ein nisse som tente fyr på ein revebamse og såg skummelt på reven.

«Ja. Dei er antinissar. Dei motsette av nissenissane som Juter. Dei stel julegåvene til barn, og øydelegg dei. Vi skal møte julenissen sin motpart» Dei gjekk opp ei spiraltrapp til eit stort kontor.

«God dag» Ein tynn, høg nisse med lys stemme kom bort til reven. Han hadde eit sort glatt skjegg, og blodraude klede. «Eg er Nissejula. Kven er du?»

«Eg er reven»

«Neimen, hallo, Albino. Lenge sidan» sa han og snudde seg mot Albino.

«Ja, vi har litt dårleg tid, så kan vi berre komme rett til sa...»

«Vil dokker ha te?!» sa han og avbrøyt Albino.

«Vi er ulvar, Nissejula» sa Albino.

«Neei, han er ein rev»

«Ja, men hundedyr drikk ikkje te!» sa Albino irritert.

«Kanskje dokker vil ha noko vann i ei hundeskål då. Eg har nok ei ligg...»

«Vi vil ikkje ha noko, okey!» sa Albino no skikkeleg irriter.

«Javel, men kvifor er dokker her då?»

«Du veit Julenissen si kule drøymekula. Den har fiendane våre, og dei brukar den mot oss. Så vi treng noko å kjempe imot med»

«Åh, eg forstår. Dokker vil låne Marekula» Han snudde seg og fann noko på pulten sin. Det var noko som såg veldig kjent ut. Den var som drøymekula, men med svart glas. «I motsetning til drøymekula viser ikkje denne din største drøym, men ditt største mareritt. Ønsker du å sjå inn i den?»

«Nei!» ropte reven og trakk seg tilbake.

«Haha, eg berre tullar» Han snudde seg mot Albino. «Men Albino, kva får eg får at dokker får låne kula?»

«Vel, vi får jo mest sannsynleg tak i drøymekula så Julenissen ikkje får den. Er ikkje det nok?»

«Joda, men viss du på ein eller annan måte skulle miste eller øydelegge marekula, er du i stort trøbbel»

«Greit» sa Albino.

«Ta Marekula no, men ha den oppi denne posen for sikkerheit skuld» Han putta kula i ein pose. Så rekte han den til Albino.

«Då har vi ein avtale då?»

«Ja, ein avtale»