tirsdag 13. desember 2016

13. desember

«Kom igjen Dachs. Berre litt til så kan vi ta ein pause» Grevlingen var begynt å bli sliten. «Det er ein landsby her borte» Landsbyen var liten med ei kyrkje av tre. Det var eit gigantisk tregjerde rundt heile byen. For å komme inn måtte dei ri gjennom ein stor port. Over porten sto det eit skilt. Landsby Lucia. Rart namn, tenkte Juter.
Dei sette Dachs frå seg i ein open stall. Den var nok meint for hestar, men funka fint for grevlingar og.

«Vi får vel finne ein plass der vi kan få oss litt mat» sa svana.

«Ja!» svarte Juter. Han var skrubbsvolten. «Du går den veien, eg går hitover»

«Nei, Juter. Du veit kor dårleg retningssans eg har» sa svan klagande.

«Joda. Viss du går deg vill, går du berre til kyrkja. Den kan du sjå overalt»

«Greit. Hadet» Svana sprang nedover vegen. Juter gjekk andre vegen. Plutseleg høyrte han ein song. Det var litt rart. Han hadde ikkje sett nokon i gatene, så han gjekk mot den. Det virka som om det var eit heilt kor som song. Han gjekk nærmare. Det var noko underleg kjent med songen. Juter kom til ein liten bakke. Det virka som om songen kom frå bak haugen. Juter klatra opp. Bak haugen var det ei gruppe med mennesker kledd i kvitt. Nokon av dei hadde spisse hattar med måner og stjerner på seg. Og aller fremst gjekk ei jente med blondt hår. Ho hadde lys i håret sitt. No skjønte Juter kvifor songen var kjent. Det var Santa Lucia-songen.

...i alle stille rom
Som venger brusar.
Sjå på var terskel står,
kvitkledd med lys i hår,
Santa Lucia, Santa Lucia.

«Mørkret skal fara snart
frå fjell og dalar»
Slik ho eit underfullt
ord til oss talar.
Dagen skal atter ny
stiga av raude sky...


Juter sneik seg framover. Plutseleg glei Juter nedover bakken.

«Santa Lu... ÆHHH!» Juter kræsja inn i Lucia og velta henne ned i bakken.

«Er du heilt galen!» Skreik Lucia mot han.

«Eg beklagar, eg glei»

«No er kjolen min øydelagt!» Den kvite kjolen hennes var full av skit og jord.

«Ta det med ro Lucia. Vi har sikkert ein ekstra inne» sa ein av stjernegutane bak dei.

«NEI! Det var min kjole!» skreik Lucia, og heile Lucia-toget rykka til. «Høyr her, nisse! Viss du ikkje fikser kjolen min no! Er du død! Eg går inn og skifter, så gir eg deg kjolen min, og du går og vaskar den. Er det greit?!»

«Ja» sa Juter forsiktig. Lucia trampa inn i eit hus like ved.

«Eg beklagar oppførselen til Lucia. Ho er veldig opptatt over korleis ho ser ut» sa stjerneguten frå i stad.

«Neida, det var min feil. Eg skubba ho jo i bakken! Nissemamma lærte meg faktisk eit hemmeleg vasketriks, så det går fint»

«Sånn!» Lucia kom ut av døra igjen i ein ny kjole. «Her er kjolen. Gå nå!»

Juter tok imot kjolen.

«Det er ingen i byen som kan hjelpe deg, for alle er på Lucia-øvinga»

«Men Lucia er jo ikkje før om ni månader?»

«Ingen bryr seg! Eg er Lucia, og då må Lucia vere perfekt! KOM DEG VEKK!!»

Juter sprang opp bakken igjen. Wow, det var ikkje sånn han så for seg Lucia. Juter gjekk mot stallen til Dauchs. Der hadde han sekken sin med eit hemmeleg vaskemiddel.

«Juter! Der er du!» det var svana. «Eg har ikkje funne noko. Alle plassar er stengt»

«Ja. Eg skal forklare kvifor» Juter fortalte heile situasjonen.

«Så vi er i byen til sjølvaste Lucia?»

«Ja, men kom no. Vi må vaske denne kjolen» Juter sprang in i stallen. «Hei Dachs. Korleis går det?»

«Grynt»

«Bra. Eg skal berre hente det vaskemiddelet» Juter henta ei lita krukke i sekken sin. Før han hadde dratt hadde nissemammaen hans sagt at han skulle ha med denne hemmelege såpa. Berre sånn for sikkerheits skuld. Han trudde ikkje at han skulle trenge det, men no fekk han vel bruk for det like vel.

«Juter, går det bra?» spurte svana.

«Ja, har du sett ein brønn eller noko i nærheten?»

«Ja, det var ei elv mot utkanten til byen der eg gjekk» sa svana.

«Perfekt! Kor går vi?» spurte Juter.

«Berre følg meg!» svana gjekk ned vegen. Dei gjekk ei god stund, men så var dei tilbake til stallen igjen.

«Eg beklagar Juter, eg har gått meg vill igjen» sa svana, og såg seg forvirra rundt.

«Det går fint. Berre prøv ein gong til» Etter ei god stund med mange rare svingar og omveiar, og det såg ikkje ut som om svana hadde noko kontroll, kunne dei endeleg sjå elva.

«Joohoo, eg klarte det!» jubla svana. Juter sprang ned til elva. Den var perfekt størrelse. Han dyppa fingeren nedi. Brrrrrr. Elva var iskald. Juter tok kjolen nedi. Skiten forsvann ikkje ved hjelp av berre vatnet, så han tok litt av såpa til mora. Då forsvann skiten med ein gong. Men no var kjolen våt, og det ville ta land tid før den tørka. Han huska ordtaket til mora. «Ein vask er ikkje god uten ein god tørk». Då huska han at mora hadde gjett han ein rar svamp. Kva var det ho hadde sagt. Jo «Berre legg svampen på det våte å sei sug opp, så skal svampen trekkje til seg alt vatnet». Juter sprang opp til svana igjen.

«Eg beklagar at det blir så mykje springing fram og tilbake, men eg må ha noko anna i sekken min no. Kjem du?»

«Ja» sa svana. Dei sprang rett tilbake til stallen. Juter lette i sekken sin. Der. Heilt nederst sjølvsagt.

«Sjå her» sa han til svana. Han la svampen oppå kjolen. «Sug opp»

«Kult!» Svampen trekte alt vatnet oppi seg. Nesten som magi. Juter vrei svampen over drikkekaret til ein hest.

«Vriinsk!» sa han som takk.

«God som ny» sa Juter og løfta opp kjolen. No var den like kvit som den var frå før. Kom svane. Vi må gå tilbake til Lucia»

«Javel» Allereie før dei hadde kommen fram til haugen, høyrte dei Lucia skrike.

«Ærleg talt! Det er kvitkledd med lys i hår, ikkje lys i vår!» Når dei kom over haugen sto Lucia og kjefta på ein liten gut midt i rekka. Så såg ho Juter. «Kva tok så lang tid?!»

«Beklagar, eg er ikkje så kjent med byen».

«Har du kjolen min?!!!»

«Jada, her er den» Han sprang ned bakken og rekte henne kjolen. «Versågod»

«Hmmf» Ho nistira på kjolen og såg om noko var feil. «Javel!» Så trampa ho inni huset igjen.

«Jaja vi får vel dra vidare då. Før Lucia kjem ut» sa svana.

«Ja. Tusen takk for besøket då. Beklagar at vi ikkje var så gjestfrie» sa den hyggelege stjerneguten.

«Det går heilt fint. God Lucia!» sa Juter mens han og svana sprang tilbake til stallen.

-

Ulvane var ikkje fornøgde. Etter Albino fryktelege avgjørsle under kampen, hadde dei mista all respekt for han. Dei bua mot han mens han prøvde å forklare. Reven såg på frå sidelinja. Det var forferdeleg å sjå den store leiaren så svak og hjelpelaus. Reven måtte gjere noko. Han hoppa opp på talarplassen til Albino og tok ordet..

«Alle saman! Høyr på høvdingen dokker. Vi trengte dette tapet. Det viser kor sterk fienden er. Viss dei klarte å ta ned den største og farligaste ulven i historia på eit par sekund, visar det verkeleg kor mykje sterkare vi kan bli. Denne kula er farleg, og då må vi vere farlegare!» Alle ulvane jubla.

«Reven har rett!» Albino var tilbake. «Hvis vi skal kjempe tilbake, treng vi hjelp. Eg veit kven. Vi tapte kanskje kampen, men vi vinn krigen»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar