fredag 23. desember 2016

20. desember

Juter dengte til ulven. Den hadde prøvd å ta ein av nisseungane, så Juter måtte redde han. Nissane var overraskande gode til å slåss. Dei var klare med ein gong, med våpen og beskyttelse. Juter hadde fått ei stor klubbe, men det hjelpte ikkje. Ulvane hadde blitt mykje mektigare, og det såg ut som om dei brukte magi. Han viste ikkje korleis, men det verka som om det likna på magien til draumekula.

«Juter, pass deg!» advarte svana han. Juter snudde seg for å møte ein ulv i eit sprang mot han. Juter heldt fram klubba, men ulven velta han ned. Den hadde sette tennene sine inn i Juter, hadde ikkje vert for at han stoppa den med klubba. Heldigvis skremte ein nisse ulven vekk med ein fakkel.

«Takk» sa Juter til ho.

«Versågod» så sprang ho vidare mot ein ny ulv. Svana flaug oppe i lufta, og slapp ned vann for å prøve å stoppe elden, men den spreidde seg for fort.

«Kva gjer vi, Juter?»

«Eg veit ikkje svane, vi må få redda nissane på ein måte. Vent litt. Kvar er sekken min?!» Juter såg seg rundt. Kvar kunne den vere? Han måtte ha den, for der var både langkikkerten hans, ekstra lavendelsøvn, såpa til mora, og draumekula!

«Der borte, Juter» sa svana, som hadde betre oversikt oppe frå lufta. Borte med det brennande treet til Baltazar, romsterte ein ulv i sekken hans. Den hadde nettopp funne fram draumekula når Juter kom fram.

«Slepp den ned!» Han slo til ulven og han mista kula. Ulven knurra mot Juter.

«Trur du dokker har nokon sjans mot den mektigaste ulvehæren i historia? Vi treng ikkje slost mot dokker ein gong, brannen vil ta seg av dykk» Det verka som om draumekula høyrde det, for med ein gong ulven var ferdig å snakke begynte den å dirre.

RAMMALFELLAKKOLS!! Eit gigantisk vindkast blei skutt ut frå kula, og slo ned ulven. Då vinden nådde flammane, sløkte dei flammane heilt. Men vinden blei for sterk for det gamle treet til Baltazar, og det falt ned og knuste fleire av sopphusa.

«Nei! Juter, dette er mørk magi. Finn leiaren deira, og stopp han. Då kan vi kanskje slå dei tilbake» sa Baltazar.

«Greit» Juter såg seg rundt. Han hadde ikkje lagt merke til om Albino og reven var i nærleiken, og han kunne ikkje sjå dei. «Svane, ser du Albino og reven der oppe?»

«Eg ser nokre ulvar som står i ro på den klippa der oppe, men eg kan ikkje sjå om det er dei» Han peikte på ei gigantisk klippe som lente seg over nissebyen.

«Vi må berre prøve! Land du, så kan du fly oss opp» Juter opna ryggsekken, og tok fram det han trengte. Først fann han fram kikkerten, og såg oppå klippa. Sjølv om det var fullt av tåke der oppe, var det ikkje eit problem. Joda, der sto Albino og reven, og ein liten ulveflokk. Dei såg ned på noko, men Juter klarte ikkje å sjå kva det var.

«Kjem du?» spurte svana som hadde landa.

«Ja. Eg har sjekka teleskopet. Det verker som om dei har noko der, men eg ser ikkje kva det er. Eg trur vi bør prøve å få tak i den. Kanskje det er grunnen til at dei har blitt så kraftige» sa Juter, og klatra oppå.

«God hypotese, men vi må ha ein plan»

«Vi landar litt bak dei, og eg konfronterer dei, mens du flyr opp i lufta igjen. Og når du trur du har sjans, prøvar du å få tak i den» sa Juter.

«Mottatt! Då drar vi» Dei flaug inn i tåka så ulvane ikkje skulle legge merke til dei. Klippa var glatt og våt, og han måtte vere forsiktig for å ikkje skli. Etter at svana hadde flydd vekk, sneik han seg nærmare ulvane.

«Greit kule, viss oss kva du kan» Det var høvding Albino. Plutseleg lyste noko opp der framme. Det var eit raudleg lys, så skifta det til lilla. Juter sneik seg nærmare. Han gøymte seg bak ein stor stein, og spionerte på ulvane. Ulvane sto i ein ring rundt noko, og det verka som om det var det som sendte ut lyset. Men Juter kunne ikkje sjå kva det var, for det sto ein ulv rett framfor han.

«Sjef, kva gjorde den no då?» spurte ein stor ulv som satt på høgre side av Albino. På andre sida satt reven og såg slu ut.

«Den helbreda nettopp dei ulvane som vart slått ned der nede, og så gjorde han dei kraftige igjen» forklarte Albino. Plutseleg kom ein ulv springande inn i sirkelen.

«Sjef, dei har sløkt alle flammane der nede. Vi veit ikkje korleis, men...» Albino knurra så ulven stoppa.

Albino snudde seg for å sjå. Nokre av dei andre ulvane gjor det same, inkludert han som sto framfor Juter. No kunne han sjå kva alle ulvane hadde stira på. Det var draumekula! Nei. Den var litt mørkare. Det forklarte ein del. Ulvane hadde skaffa seg ei kule. Dei skulle bekjempe magi, med magi.

«Kven gjorde dette?» spurte Albino.

«Det var meg» Juter gjekk fram.

«Neimen, er det ikkje den lille, feige nissen»

«Kva meiner du med feige? Eg avslørte meg jo nettopp for dokker, sjølv om dokker er mange fleire enn meg» No hadde folk snakka så mykje ned på Juter, at han var lei.

«Istaden for å kjempe mot oss på ekte, berre sneik du deg unna ved hjelp av den kula!» sa reven.

«Vel, dokker bruker òg ei kule ser eg»

«Åhh, du forsto det» Albino starta å le. «Ja, vi har fått litt hjelp. Fortel meg Juter, kven er Julenissen sin verste fiende, nisse?»

«Foreldre som seier til borna sine at Julenissen ikkje finnest?» Det var det første Juter kunne tenke på, men det gav ikkje meining at ulvane fekk hjelp av menneske.

«Nei. Prøv ein gong til»

«Eg veit ikkje...» så skjønte han det. «Antinissen?!»

«Ding, ding, ding. Heilt riktig. Dette er Marekula, motpolen til draumekula» Han peikte på den svarte kula som sto mellom dei. Den summa, og røyken inni flaug rundt omkring i rasande tempo og det såg ut som den ville sprenge seg ut kvart augeblikk. «Så nisse, eg gjer deg det same tilbodet eg har gitt deg før. Du kan få alle ulvane til å trekke seg tilbake og forsvinne. Du treng berre å gje meg den julekula. Kva er den verdt, mot alle desse skadene? Hugs, denne gongen kan du ikkje bruke kula til nokre lureri. No har vi òg magi»

«Aldri!» skreik Juter.

«Greit, då treng eg eit tips frå deg. Kva for ein nisseby skal eg legge i ruinar først. Feane kanskje, eller fargenissane? Kanskje eg berre skal ta alle!» Dette kunne ikkje Juter stoppe. No hadde han berre eit håp.

«Greit, eg skal gje deg kula. Men då må du love å ikkje angripe nokon av venene mine eller eller meg»

«Sjølvsagt» sa Albino og løfta ein labb i lufta. Juter fann fram posen med kula. Sakte, sakte tok han den fram. Han gjekk sakte bort til Marekula, og la kula ved sidan av den. Då kom svana stupande. Juter hoppa bakover når svana skulle ta kulene. Men svana tok ikkje tak i kulene. Han låg mellom labbane til Albino.

«No er eg lei av tullet dokker! Det er siste gongen du ser svana i livet igjen! Og eg tek begge kulene, og tar over heile verda!»

Juter kasta seg tilbake mot sekken sin.

«Det er slutt på alle menneske! Det er slutt på alle nissar!»

Han romsterte veldig raskt i sekken og fann fram spretterten, og kongla.

EG HAR FÅTT NOOOOK!!

Så sikta han.



Ulvane såg opp mens det eksploderte oppe på klippa. Dei viste at høvdingen deira var der oppe. Den ytste delen av klippa falt av, og avslørte månen. Den var full, og blodraud. Det betydde ein ting. Høvdingen deira, hadde falt. Dei hadde tapt. Ein kvit flygande skikkelse flaug ut med ein nisse på ryggen. Han landa på toppen av det gamle, daude treet. Nissen starta å rope.

«Alle ulvar. Høvding Albino den store, er død! Han kjempa til siste slutt, og gjekk ned med sine beste krigarar! Han mista òg eit sterkt våpen dokker har fått låne! Mest sannsynleg vil derfor antinissane finne dokker, og ta hemn! Derfor gjer eg dokker eit råd! Røm! Røm så langt dokker kan klare! Lag fleire flokkar, som reiser kvar sin veg! Dokker har tapt, og vi har vunne! Røm!»

Det gjorde ulvane. Dei kom seg så langt vekk dei kunne.


«Juter, eg fann noko!»

«Takk, Eik. Kva er det?» Juter kom mot han. Dei hadde leitt etter kulene ved alle steinane som hadde knust frå klippa ei stund no, men no såg det ut som Eik hadde funne dei. Dei hadde funne alle dei knuste ulvane, bortsett frå reven. Han hadde forsvunne i lufta.

«Det er noko knust glas»

«Nei!» Under ein stor stein låg knuste glasbitar og andre bitar som måtte komme frå dei to kulene. Svana kom flygande ned òg.

«Er dei øydelagde?!» spurte svana forskrekka.

«Det ser ut sånn, ja» Juter plukka opp bitane og la dei i posen han hadde brukt å oppbevare draumekula. «Ta det med ro. Vi treng den jo ikkje meir»

«Kva meiner du?» spurte svana.

«Vi treng den jo ikkje for å kjempe mot ulvane lenger. Og den var ikkje vår frå før av»

«Men kva med Julenissen? Vil ikkje han trenge den?»

«Han har ikkje hatt den på kjempelenge, og han klarer seg fint»

«Du har vel rett» svana sukka.

«Men ikkje tenk på det no. Vi er i Noreg, og må finne familien din»

torsdag 22. desember 2016

19. desember

«Juter, høyrde du det?» Dei hadde nettopp landa i ein liten skog, og gjekk no for å finne nokre venlege nissar.

«Nei. Kva var det?»

«Eg veit ikkje, men eg trur eg høyrde nokon som lo» Nokon som lo? Kven kunne det vere? Kanskje det betydde at det var ein nisse i nærleiken.

«Hallo?!» ropte Juter ut i skogen. Plutseleg såg han ein raud hatt stikke opp frå bak ein stubbe.

«Neimen, god dag du» Det var ein skognisse, eller det menneska kalde husnisse. Hos nissane blei dei kaldt vanleg nisse. Han hadde lang spiss raud lue, og langt skjegg. Han hadde blå bukser, ei gul skjorte, og ein brun vest. Han var mindre enn Juter, og dråpeforma. «Eg er Eik. Kven er dokker?»

«Eg heiter Juter og dette er svana. Kan du seie oss kvar vi er?» spurte Juter.

«I ein skog» svarte Eik.

«Ja, eg skjønte det, men kvar?»

«Oja, hahahaha. Eg beklagar, eg veit ikkje heilt, men bli med tilbake til byen vår, så skal eg finne nokon som kan hjelpe deg»

«Gjerne, kvar skal vi?»

«Berre litt bak her, eg var ute og samla kongler» Så gjekk han innover skogen, og Juter og svana følgde etter. Han var ein rar, spretten, liten kar, og han gjekk der og tralla på ein song om ekorn og elgar. Dei kom over ein liten bakke, og plutseleg dukka byen opp. Den var stor, og husa var ein blanding av store soppar, under tre og små steinhus. Overalt gjekk det positive nissar. Alle var ganske like med små forskjellar, som litt kortare skjegg, eller forskjellig farge på skjortene. Også var det nissekonene, som var like, men hadde mindre hattar, gjekk i kjole og ikkje skjegg.

«God dag, kjære bror» sa ein nisse som kom mot dei. Han var prikklik Eik «Kven er dette?»

«Dette er Juter og svana, eg skal hjelpe dei og finne ut kvar vi er» sa Eik.

«Men det er jo klart, i ein skog!» svarte denne nissen som måtte vere broren til Eik.

«Ja det trudde eg og, men dei ville vite kvar skogen var»

«Oja. God dag, mitt namn er Osp» Han helste på Juter.

«Sei meg, er dokke alle kalla opp etter tresortar?» spurte Svana.

«Hahaha. Neida, foreldra våre er berre litt rare» forklarte Eik. «Følg meg. Vi drar ned til Baltazar. Han kan nok finne ut kvar vi er»

«Dei virker ikkje så smarte», kviskra svana til Juter.

«Det er nok berre sånn dei er. Dei er jo hyggelege i det minste.» Så følgde dei nissane ned til byen.

«God dag, Eik. Kven er dette her?» Det var ein av honissane.

«God dag, Mai. Dette er nokre nissar eg fann ute i skogen. Vi skal prøve å finne ut kvar vi er»

«Det er jo klart. I ein skog!» sa ein anna nisse. Dei andre nissane nikka.

«Ja det trudde eg også, men dei meinte kvar skogen var»

«Oja» sa nissane.

«Har de tenkt til å spørje Baltazar?» spurte Mai.

«Ja» svarte Osp. Dei gjekk mot eit krokete, dødt tre midt i byen.

«Vi skal rett under her» sa Eik, og gjekk ned under treet. Juter følgde etter. Der inne sto det ein gammal, rynkete nisse, med kjempelangt skjegg. Han hadde mørkeblå skjorte og hatt. Bak han, var det fullt med mennesketing. Som ei bok, eit par bestikk, og eit brillepar.

«God dag, mine frendar» sa Baltazar med svak stemme.

«Hei, hei. Vi treng hjelpa di Baltazar. Dette er Juter og svana, og vi må hjelpe dei finne ut kvar vi er» forklarte Osp.

«I skogen, mine frendar» Sa Baltazar, som misforsto igjen.

«Han meinte kvar skogen var»

«Oja. Vel, då kom dokker i rett tid. Seinast i går fann eg denne posten» Baltazar fenn fram ei avis. Den var større enn nissane.

«Kva er ein post, Baltazar?» spurte Eik.

«Ein post, er noko menneska bruker for å finne ut kva som har skjedd, trur eg» forklarte Baltazar. «I alle fall. Her ser dokker at posten heiter Aftenposten, så eg trur at vi må vere i Aften»

«Kvifor det, Baltazar?»

«Den heiter Aftenposten, ikkje sant. Derfor trur eg at dette er posten til Aften. Og sidan eg fann den her må vi vere i Aften»

«I kva for eit land ligg Aften?» spurte Juter. Kanskje desse nissane ikkje var så dumme likevel.

«Eg er ikkje heilt sikker, men dei fleste teikn tydar på at vi er i landet Norgê»

«Er vi in Noreg? Det er fantastisk, vi har kome fram, svane!» jubla Juter.

«Joohoo! No må vi berre finne familien min, og så er vi ferdige med oppdraget ditt!» Det hadde Juter heilt gløymt. Etter kvart måtte han jo dra tilbake til Nordpolen aleine. Han elska jo og bu der oppe, men dei siste månadane hadde vert dei beste i livet hans. Kanskje han kunne...

«BALTAZAR!» Ein nisse kom springande ned i hula. «Du må ut med ein gong! Treet ditt står i fyr!»

-

Endeleg skulle reven få tatt hemn. Dette var det han hadde venta på. Dei hadde eigentleg tenkt til å angripe Juter og svana når dei flaug over Nordsjøen, men dette var mykje morosamare! Å angripe ein heil nisseby. No sprang ulvane ned mot nissane og øydela alt dei kunne. Marekula hadde mant fram eldkuler, og sette heile skogen i fyr. No måtte dei berre finne Juter, og få tak i Drøymekula.

Kampen var igong.

18. desember

«Juter! Eg synast at vi skal ta ein pause!» Svana hadde eigentleg rett. Dei hadde ein liten fiskebåt under dei som dei lett kunne ta ein kvil på. Og det var sterk vind, regn og rett og slett skikkeleg dårlege flygeforhold. Men han hadde eit oppdrag han måtte fullføre.

«Nei! Eg beklagar! Vi må fortsette!» Det var som stormen på nytt igjen. Dei måtte rope for å snakke med kvarandre.

«Eg har berre ein rar følelese! Kan du kanskje få kula di til å gjere noko!»

«Du veit at eg ikkje berre kan be den om ting! Den må ha lyst til å hjelpe!»

«Ja, eg veit! Men kan du kanskje prøve?!»

«Kva om eg mister den! Kva gjer vi då?!» Han trudde ikkje det var ein god ide.

«Greit, men kan vi ta ein pause! Eg føler at det er nokon i skyene!» ropte svana bekymra.

«Kven skulle det vere! Vi fortsett!»

«Nei, Juter! Eg flyr, så eg bestemmer! Vi landar!»

«Greit då! Men vi må vere raske!» Dei landa på den vesle fiskebåten bak ei stor kasse med fisk. Der hadde dei i det minste litt ly.

«Kanskje vi kan få oss litt mat med å spise fisken?» spurte Juter.

«NEI! Eg hatar fisk!»

«Så du er ei svane som gjerne kan spise pannekake, men hatar fisk. Kva levde du av i flokken din då?»

«Fiskebollar så klart! Namm!»

«Men dei er jo laga av fisk. Og korleis skaffar du deg...

«Eg høyrer nokon lydar bak med fisken»

«Juter. Det kjem nokon. Gøym deg!» Juter måtte tenke raskt og hoppa over båten. Det fyrste han tenkte var at det var ein forferdeleg ide. Det andre var at han måtte vere heilt stille.

«Det er ei svane! Den kjem til å spise opp fisken. HUSJ! HUSJ» Ånei! Svana vart jaga bort. Juter hadde ingen andre val enn å sjå på når svana flaug langt vekk frå båten. No var han heilt aleine, og iskald. Han viste at det var ein dårleg ide å ta pause. Ååååh, kva skulle han gjere. Han måtte tenke raskt. Han måtte opp frå vatnet med ein gong, viss ikkje ville han fryse i hel, men han kunne ikkje vise seg for menneska heller. Plutseleg kom det eit stort objekt stigande opp ved sidan av han.

«Kva er det?» høyrde han ein av menneska spørre.

«Eg trur det er ei nise» Ei Nise! Ånei. Han måtte symje for livet! Nei, då såg menneska han! Han måtte berre holde seg inntil båten, og håpe at nisa gjekk sin veg. Han var livredd og lukka auga. Plutseleg rann vatnet han var nedover, og han fekk varmen i seg? Han opna auga. Det var heilt mørkt. Var han inne i nisen. Når han var liten hadde bestefaren fortalt ei historie om at han blei eten opp av ein kval, men han trudde det berre var røverhistorier.

«Eg beklagar den brutale fraktemetoden, men eg såg at du var i trøbbel»

«Vent, kan du snakke?»

«Ja, til nissar så»

«Eg beklagar, det er vanskeleg og huske kva for nokre dyr nissar kan snakke med, og kven dei ikkje kan. Du veit, vi kan snakke med svaner, men ikkje grevlingar. Veldig forvirrande»

«Hahahaha! Vel vi får vel finne den svanevennen din og gje deg skyss til Noreg då»

«Korleis viste du kor vi skulle?»

«Lyd går raskare i vann, så eg høyrde heile den lille krangelen dokkers»

«Du høyrte den. Eg er ikkje vanlegvis så kjefete, det var berre...

«Eg forstår. Berre legg deg og slapp av du. Eg skal synge godnattsong for deg eg»

«Neida, du treng ikkje... så begynte nisa å synge. Og det var det vakraste Juter nokon gong hadde høyrt. Det tok berre sekund før han var i djup søvn.

onsdag 21. desember 2016

17. desember

Svana hadde blitt så glad når han klarte å fly igjen. Han hadde bestemt seg for å ta ein lang tur over havet. Han hadde sagt til Juter at høgdeskrekken var heilt borte `g. Juter var `g veldig glad. Sjølv om det var gøy å ri på Dachs, men å fly var heilt anleis. Drøymekula var veldig kraftig. Den hadde til og med gjort svana vaksen. Heldigvis hadde ikkje svana sin personlegheit endra seg, bortsett frå at han kanskje var litt modigare då.

«Juter, det er land under oss»

«Bra. Då kan vi endeleg finne ut kvar vi er» Svana flaug nedover mot landet. Det såg ut som dei hadde vore over land ei lita stund, for dei var langt inne på fastlandet.

«Vi landar nede på det fjellet der. Det kjem røyk ut frå det, så nokon fyrer nok i peisen» sa svana. Dei landa utanfor eit lita dør som gjekk inn i fjellet. Det var pynta fint utanfor med blomster og lys. Det var ei lita skilt òg.

«Her bur Gryla og Lappelusing med familie» leste svana. «Vi får vel banke på då»

Bank! Bank! Bank!

«God dag kjære dokker. Vil dokker komme inn?» Ein nisse med to spinkle treføter opna.

«Gjerne» sa Juter. «Mitt namn er Juter, og det er svana. Vi har reist lenge og kunne gjerne trengt ein liten kvil»

«Ja versågod. Mitt namn er trefot» Juter gjekk inn. Overalt var det morsomme nissar som gjekk rundt og tulla. «Det der er Gjelfjomp» han peikte på ein tjukk nisse som satt og åt eit stort måltid berre for seg sjølv. «Og det er Småen», ein bitte liten nisse som sto og stekte pannekaker. «Der er Sleiveslikkar» Ein syltynn nisse som sto og sleika pannekakerøre av slikkepotten til Småen. «Kjeleskrapar» Kjeleskrapar var ein rar nisse som gjøymte seg oppi ein kjele borti ein krok. «Traueslikker» Ein ganske stygg nisse som prøvde å stjele nokre av pannekakene. «Og her kjem jo Dørsmellar» Ein nisse opna døra med eit voldsomt brak, trampa inn så heile huset knirka og knaka. «Og der borte sitt Yoghurtjafsar» Yoghurtjafsar sat på ein stol og nøyt ei skal med yoghurt. «det der er Pølsesnappar» Han var ein liten nisse som holdt ei gigantisk kjøttpølse og prøvde å spise opp. «Vindaugstittar» Han var ein morsom nisse med gigantiske briller som sto og stirra ut glaset. «Storsnusar» Oj. Ein nisse med så stor nese hadde Juter aldri sett. Han sprang rundt og hoppa veldig sprettent. «Kjøttkrok» Ein litt skummel nisse sat og spissa eit trespyd som ein krok. «Og sjølvsagt Lystiggar» Denne nissen såg veldig hyggeleg ut. Han gjekk rundt med ein bunt med stearinlys under armen. «Det er oss tretten. Dei islandske nissane»

«Vent, sa du islandske» Det betydde at dei var på heilt feil vei, men han visste no iallefall kvar dei var.

«Ja. Kvar dag frå den trettande desember, går ein av oss ned til barna i Island og gjer litt forskjellige ting. Vi er julenissane her. Og vi får sjølvsagt hjelp av mamma og pappa, Gryla og Lappelusing». Han peika på ein del av rommet Juter ikkje hadde lagt merke til. Der var det ein høg nisse med langt skjegg som surmulte. Men ved sidan av han sat ei fæl og ekkel nissedame. På fanget hennar sat ein skummel katt med spisse tenner.

«Mora di er litt, eh...»

«Skremmande? Eg veit. Ho er på måte den vonde versjonen av oss. Kvar jul, kidnappar ho barn for å lage julemiddag av dei» sa Trefot. Plutseleg hoppa katten ned frå fanget til Gryla og ho reiste seg.

«Trefot! Kvifor har du slept inn desse usle kreka? Vi har allereie middag!» Ho kom mot dei. Katten følgde etter og kveste.

«Eg beklagar mamma, men dei er slitne og treng litt ly»

«Vi tek ikkje imot gjestar. Kjøttkrok?» Den skumle nissen med spydet hadde og komt nærmare, og sto klar til og angripe.

«Vent!» Det var nissen med lysa. Lystiggar. Han gjekk framfor Kjøttkrok, og stoppa han. «Mamma da. Kor lenge sidan er det ikkje sidan vi har hatt gjestar? Kan dei ikkje versåsnill og få vere til middag»

«Ja!» sa Kjøttkrok med eit stort smil om munnen.

«Eg meinte ikkje til middag. Eg meinte at dei kunne få vere med å ete pannekaker» forklarte Lystiggar.

«Eg veit ikkje» sa Gryla.

«La oss ha ei røysting» No hadde dei andre nissane starta å følgje med. «Kven her ønsker å ha gjestar til middag?»

Alle nissane bortsett frå Gryla, Kjøttkrok og Gjelfjomp, som var altfor opptatt med eit stort lammelår til å få med seg kva som skjedde.

«Vel då var det klart. Vi får gjestar!» Nissane starta og juble. Juter lo. Plutseleg starta dei og synge.
Songen var på islandsk, så Juter forsto den ikkje, men dei dekte på bordet og fann fram nokre ekstra stolar. Så sette dei seg ned for å ete. Imens dei åt fortalte kvar av nissane kva dei gjorde nede i landsbyane når dei var på besøk.

«Når eg er nede prøvar eg å drikke litt mjølk få mjølkekyrne nede hos bondane» fortalte trefot.

«Eg stel mat» forklarte Gjelfjomp kort før han fortsette å gafle i seg pannekakar, tre om gongen.

«Eg snik meg ned til landsbyen og lagar mat til borna. Og viss det blir nokre restar, tek eg dei sjølv, sa Småen.

«Min jobb er å vaske sleivene til familiane der nede ved å slikke det vekk» sa Sleiveslikkar, som heller åt røre frå ei sleiv istaden for vanlege pannekakar.

«Eg... ringer... på HAHAHAH! Dørene til... borna... og.. SPRING MIN VEG, HAHAHA!» sa raringen Kjeleskrapar.

«Eg et litt rampete og stel maten til hundane og kattane før dei får sjansen til å ete» sa Kjeleskrapar. Han sa også at sjølv om nissane høyrdes slemme ut, var det ofte for å lære barn ting. Både slemme og gode barn. Og dei gav alltid noko til dei og. Bortsett frå dei som berre var kjempeslemme, som Gryla og Kjøttkrok.

«Eg drar ned til hus og lagar mykje lyd og leven!» sa Dørsmellar .

«Eg smakar på all yoghurt som dei ikkje vil ha lenger. Borna pleier av og til å sette ut litt til meg» sa Yoghurtjafsar.

«Eg drar til stabburet for å få tak i nokre pølsesnabbar. Eg elskar alt som har med kjøtt og gjere» sa Pølsesnappar.

«Eg sniker meg ned og tittar inn vindauga på borna. Viss eg ser nokon slemme stel eg noko frå dei» forklarte vindaugstittar med dei store brillene.

«Eg er Storsnusar. Eg er alltid frisk og sprek, så eg snusar eter den beste julematen og går så langt eg må for å få smake» sa Storsnusar. Nasa hans var lenger enn pannekaka han åt.

«Du då, Kjøttkrok?» spurte Juter.

«Eg drar ned til byane, klatrar oppå hustaket, stikk kroken min ned i pipa, stel alle julegåvene, og viss eg får sjansen, eit born også» Juter kjente at han fekk frysningar. «Då sett eg dei ute kulda, så dei forhåpentlegvis frys i hel»

«Vel, det er ikkje så bra» avbraut Lystiggar. «Men eg, samlar lys og gjer dei til borna på Julaftan. Av og til tenner eg håp får dei borna som ikkje har det så bra»

«Det er jo hyggeleg. Du då Lappelusing?» Faren hadde ikkje sagt noko under heile måltidet.

«Nei. Ingenting» Han hulka og gret. «Det einaste eg klarar er mate katta. Det er det einaste eg gjer om dagane. Og eg er ikkje god i det heller. Sjå kor tynn han er»

Juter såg på katten. Det var faktisk ein av dei tjukkaste kattene han hadde sett.

«Ja, han er udugeleg. Akkurat som alle dokke andre» Gryla hadde blanda seg inn i samtalen. «Den einaste dugelege nissen her er du, Kjøttkrok. Eg ser ikkje for meg at du er spesielt dugeleg heller, nisse?»

«Eg blei faktisk kåra til årets nisse på Nordpolen for å vere den mest effektive nissen der var. Eg har hjelpt gigantiske nisseklanar i år, med alt ifrå born i nød, krigar, til og med vasking. Eg har slost mot revar og ulvar. Og no er eg på oppdrag for å finne heimen til svana med å søke gjennom heile verda!» Han likte verkeleg ikkje denne nissedama.

«Og kor lang tid har du brukt på det?» Juter fekk ein merkeleg følelse.

«Vi må gå» Juter reiste seg og gjekk mot døra.

«Juter, kva snakkar du om». Svana sprang etter han.

«Gjer deg klar til å flyge svane» Bak han såg han Gryla smile ondskapsfull. Juter berre gjekk ut døra.

«Kva skjer no, Juter» sa svana, som ikkje hadde noko anna val enn å følgje han.

«Eg beklagar, svane. Eg blei gitt dette oppdraget for å hjelpe deg, og vi har kasta bort tida. No drar vi til Noreg, og finn familien din»

mandag 19. desember 2016

16. desember


No hadde dei komt seg langt ut av menneskebyen, og var i ein ny skog. Dasch hadde oppført seg rart den siste timen. Han dreiv og sniffa i lufta, og for veldig klart i ei bestemt retning. Plutseleg bråstoppa han. Dei hadde komen til utkanten av skogen. Her var det ei lita steinstrand, og god utsikt mot havet.

«Det ser ut som du har leda oss til ein blindveg Dasch» sa Juter.

«Grynt»

«Ta det med ro Dachs. Eg gjer det heile tida» sa svana.

«Grr, grynt»

«Eg trur han luktar noko» Dachs sniffa intenst akkurat no. Så såg Juter ein anna grevling komme ut frå ei hole under ein stein. Dachs nistirra på den. Så trakk han seg tilbake og såg litt flau ut.

«Viss eg ikkje tar feil, har Dachs blitt forelska» sa svana.

«Du har rett. Eg har aldri sett han som det her» Juter og svan gjekk ned av han. Då begynte han å grave intenst i bakken. Etter litt hadde han funne ein liten haug med meitemark, og la dei på ein stein. Så sprang han inni skogen. Litt seinare kom han tilbake med nokre brunsniglar og.

«Hugsar du at Kiesel sa at fjelllivet ikkje passa for han. Kanskje sjølivet passar betre» foreslo Juter.

«Nei, du meiner ikkje at han skal bli igjen?» svana var heilt sjokkert.

«Berre vis den andre grevlingen liker han tilbake. Grevlingar pleier jo og vere i klanar, og denne er heilt aleine. Litt selskap vil nok ikkje skade»

«Men korleis skal vi kome oss vidare då?»

«Vi kan jo gå. Og snart er nok vengen din betre og»

«Grynt», Dahcs peika på meitemarkane.

«Han vil nok at vi skal passe på måltidet» sa Juter. Så sneik Dachs ned til vatnet og tok ein dukkert. Så fiksa han litt på pelsen sin med labben sin. No såg han fjong ut. Så kom han tilbake til dei. Grevlinghoa hadde gått bort til ein liten regnpytt for å drikke vatn. Dachs plukka opp meitemarkane og brunsniglane,og bar dei bort til hoa. Ho lyste opp med ein gong, og dei starta å dele dei.

«Eg trur vi burde la dei vere litt i fred» sa Juter. Dei gjekk litt djupare inn i skogen.

«Juter. Trur du verkeleg at dei berre vil forelske seg, og få lyst til å vere med kvarandre for alltid.»

«Kanskje ikkje med ein gong, men etterkvart vil dei nok bli godt kjent. Og uansett, å leve i ein skog ved sidan av havet må da vere betre enn å berre ein nisse og ei svane fleire mil kvar dag»

«Du har vel rett, men eg kjem til å savne han»

«Det har du rett i. Men no må vi sjå korleis dei har det» Han sprang ned til stranda igjen. Der jaga grevlingane kvarandre og kosa seg. Så såg dei Juter og kom mot han. Dei såg veldig glade ut.

«Grynt» Dei fekk med seg Juter og svana med til hula. Der gjekk begge inn og la seg ved sidan kvarandre.

«Du, Dachs, har du lyst til å flytte inn her?» Dachs nikka.

«Du då, synes du det er greit?» Hogrevlingen nikka og.

«Det er greit. Vi får vel finne ein annan måte å reise på då» Dachs såg skuldig ut. «Det går bra. Altfor at du skal vere glad»

«Grynt» Hogrevlingen sniffa mot sekken til Juter.

«Er det noko oppi her du vil ha?» Han tok av seg sekken. Hogrevlingen tok fram posen med drøymekula. Den falt, ho såg i den, og auga hennar blei store. Ho såg nok drøymen sin. Så la ho labben sin på den, og kula starta å dirre.

GITFARKGOKRETSROTS!!

Ein oransje stråle blei skutt ut, og traff svana som plutseleg sto i full fyr.

«UEEEEEE!!!» svana kom seg ut og sprang ned mot havet. Juter kom ut akkurat i tide til å sjå svana dukke under vatnet. Juter var heilt sjokkert. Kvar gong drøymekula hadde brukt magien sin hadde det hjelpt dei, men dette var forferdeleg! Plutseleg kom ein stor kvit flygande fugl komme opp frå vatnet. Den flaug eit par rundar før den landa framfor han.

«Svane, kva har skjedd?» Det første Juter la merke til var at han var blitt kvit, og større. Han var ein vaksen svane no. Det andre var at han hadde flydd heilt hit, noko som betydde at vengen hans var betre.

«Eg veit ikkje heilt. Først fekk eg panikk og sprang mot vatnet, men så oppdaga eg at det ikkje gjorde vondt og faktisk var ganske befriande. Plutseleg klarer eg å fly igjen. Juter skjønner du kva dette betyr. Vi har transport igjen no som vengen min er bra. Det er eit mirakel!»

-

Reven hadde fått i oppgåve å passe på Marekula. Albino hadde bedt den om å vise kva Juter og svana følte, og reven skulle seie ifrå viss det skjedde noko spennande. Den hadde vert grå, som betydde nøytral, ei god stund før den blei både gul og blå, som betydde både trist og glad. Men så vart den lilla for frykt. Men no strålte den gul. Dette betydde at Juter og svana var kjempeglade. Han ante ikkje kva som gjor dei så glade, men han hadde på følelsen, at det var dårlege nyhende for ulvane.

søndag 18. desember 2016

15. desember


Juter såg gjennom kikkerten sin. Han hadde funne ut at viss du dro i ein liten spake, kunne den sjå så vidt gjennom ting. Dette var veldig nyttig. Sjølv om dei var midt i ein skog, kunne han sjå langt framover.

«Det ser ut som vi snart kjem til ein by», sa Juter.

«Endå ein nisseby?»

«Nei. Dette er faktisk ein menneskeby»

«Oj! Då må vi vere forsiktige. Er du sikker på at vi bør dra gjennom?»

«Vel, vi kan ikkje overnatte her i den iskalde skogen heller. Og det er nok den nærmaste plassen å søke ly»

«Greit, vi må vel ta risken» sa svana og sukka. «Men kvar skal vi dra?»

«Vi snik oss inn no som sola har gått ned, og så finn vi ein eller annan hage og overnatte i»

«Er det så lurt då? Då kan jo menneska sjå oss. Ville det ikkje vere lurare å, eg veit ikkje, snike oss inn ein barnehage eller noko? Der vil det vere heilt tomt»

«Neida. Der kjem menneska på jobb så tidleg. Og det vil ta lang tid å finne ein»

«Ok. Eg gir meg. Vi får vel finne ein hage» sa svana.

«Greit, Dachs. Du høyrde kva vi sa. Senk farten, og ligg lavt» Etter eit par minutt var dei inne i den store, skumle byen. Dei heldt seg borte frå hovudvegen, for der var det altfor mange bilar. Han hadde lært om bilar på nisseskulen. Dei var store maskinar som for i full fart som menneska brukte som transport. Bilar var farlege, og menneska ville garantert sjå dei viss dei gjekk i nærleiken av ein bil. Dei var i ei lita koseleg gate, med fine hus og fine hagar. Dei hadde funne eit hus som var heilt mørkt, og hadde eit liten port som gjekk inn i hagen. Hagen var perfekt. Dei hadde pene blomsterbed, hagenissar av glas, pene fontener og eit lite uthus med verktøy.

«Perfekt! Kom igjen, vi legg oss der borte» Etter at Juter hadde lagt seg ned, klarte han ikkje å sovne. Han hadde følelsen av at nokon stirra på han. Både svana og Dasch sovna etter kvart, men Juter klarte det verkeleg ikkje. Plutseleg høyrde han nokon som sprang bak han. Han snudde seg. Nei, ingen.

«Hallo, er det nokon der?» Han fekk ikkje svar. Han var berre paranoid. Juter la seg til å sove igjen. Han snudde seg igjen. Han trudde han hadde høyrd nokon kviskre. «Hallo!»

«Bwææææh!» Plutseleg sprang ein heil haug med noko forbi han. Dei greip fast i Juter, svana og Dasch og festa dei fast i fontena med ein hageslange.

«Kven er du?» Det var ein av hagenissane? No la han merke til det. Alle hagenissane var borte frå plassane sine, og sto framfor han. Dei hadde kome til live! «Kva gjer du i hagen vår?»

«Å, eg beklagar. Mitt namn er Juter. Vi er på omreise og trengte ein plass å sove. Vi viste ikkje at den var bebudd» Juter ante ikkje at hagenissar var levande.

«Løgn! Du prøvde å øydelegge hagen vår» hagenissane såg sint på han.

«Nei, nei. Dokker såg jo at vi berre låg og sov»

«Ok. Du har nokre gode poeng. Mitt namn er Stubbe, fordi eg står på den stubben der borte. Kven er vennene dine?».

«Gryyyyyyynt!» klagde Dachs, som ikkje likte å ver bunden fast.

«Eg er svana, og det der er Dachs. Han er ein grevling» sa svana.

«Eg skjønte det» sa Stubbe.

«Så, dokker er hagenissar. Kva er jobben til hagenissar?» Spurte Juter.

«Men, Jute...

«Vi passar på hagen til menneska» svarte Stubbe.

«Juter, kva...

«Kvifor hjelp dokker menneska? Dei er jo farlege.»

«Juter, du må...

«Dokker hjelp jo òg menneska, med å lage gåver til barna. Kvifor gjer dokker det. Eg veit ikkje. Det er jo jobben vår å spreie glede og sånn»

«Stubbe, kanskje...

«Nettopp. Det er jobben vår. Nissar er til for å gjere livet lettare eller vanskelegare for menneske».

«Juter! Du må be...

«Eg forstår. Dette er faktisk noko som...

«JUTER! KAN DU BE STUBBE OM Å SLEPPE OSS FRI?!»

«Oj, eg beklagar svane». Han oppdaga først no at dei fortsatt var bunden fast. «Stubbe? Vi kunne vel ikkje få gått fri?»

«Sjølvsagt. Nissar!» Hagenissane knytte opp hageslangen igjen.

«Takk. Så, Stubbe, kan vi få vere her gjennom natta, versåsnill?»

«Sjølvsagt, men dokker må vere borte før menneska våre vaknar i morgon tidleg. Er det greit?»

«Jada, men då legg vi oss berre og søv då» spurte svana.

«Greit. God natt då»

«God natt!» sa alle hagenissane.

«God natt»

-

Reven og Albino såg på Marekula. Reven måtte òg vere der, for viss dei var to, visste ikkje kula kven den skulle vise marerittet sitt for og var derfor nøytral.

«Kjære Marekule, vis oss dei vi vill sjå!» Marekula si svarte tåke, og viste ein liten hage. «Dei har dratt til ein menneske by. Smart trekk. I ein by full av menneske kan vel ikkje vi følgje etter.»

«Kva gjer vi då, sjef?»

«Vi gjer oss klare til å angripe eit siste angrep, og tar dei ned.» 

onsdag 14. desember 2016

14. desember

Reven elska å fly på skyer. Det var så lett og gøy og rett og slett befriande. Men no begynte det å bli litt kjedeleg. Dei brukte å reise på dei fleire timar om dagen, og no skulle dei kjempelangt. Dei hadde reist over Atlanterhavet i fleire dagar.

«Albino, er vi framme snart?»

«Nei»

«OK, men circa kor lenge er det igjen?»

«Eit par timar»

«Kor mange timar?»

«Ti»

«Å» Vi skal reise sørover, hadde Albino sagt. Bra, det blir varmt, hadde reven tenkt. Men neida, no var dei langt forbi ekvator. Det var iskaldt. Brrrrrr. Og det blei berre kaldare og kaldare. Reven klarte aldri ti timar til. Huff og huff. Han la seg til å sove. Kor skulle dei eigentlig. Albino hadde sagt at dei skulle få tak i ei snøkule dei kunne bruke mot drøymekula. Han hadde sagt at han kjente nokon som hadde denne kula. Men så langt sør. Rart. Kanskje dei skulle til Australia. Nei, då hadde dei dratt lenger aust. Eller vest. Han viste eigentleg ikkje. Ahhhh, så trøtt han var. auga hans fyltes tunge. Han kunne ønske at ha.... zzzzzzzz.

«Rev, vakne!»

«Haaaaaaa, kva skjer?» spurte han søvnig.

«Vi må lande snart» sa Albino. Det var endå kaldare no.

«Kvar er vi?»

«Antarktis» Wow! Ja det forklarte enn del. Så sør var dei. Så sør det gjekk ann. Det forklarte kvifor det tok så lang tid. Dei hadde reist over halve kloden. Flott. Ja. Dei var i det miste framme.

«Kvifor er vi her, igjen?» Albino hadde endå ikkje forklart.

«Vent å sjå, men no landar vi. Ulvar ned!» Alle ulvane landa på den iskalde isen. «Ulvar, høyr her. For sikkerheit skuld skal ikkje alle gå. Dei einaste som går er eg, reven, og Varg. Dokker andre slår leir her» Varg kom fram frå mengda. Han var ein stor, svart ulv, og Albino sin beste krigar.

«Sjølvsagt, sjef» sa han. «Kvar drar vi?»

«Denne vegen» Albino gjekk i ei retning med tunge, lange skritt. Reven trippa etter. Dei gjekk ti minutt i skodda før dei såg omrisset på eit stort bygg. Først trudde han det var verkstaden til julenissen, men når dei kom nærmare såg han forskjellen. Det var som nissens verkstad, bortsett frå at det såg heilt forlatt ut. Vindua var knuste, målinga falt av, snøen rundt var full av plankebitar og andre øydelagte bitar som hadde falt av verkstaden. Men det var heilt klart nokon der. Inne frå den forlatte plassen kom gal latter og hyl. Det var lyd av ting som knuste, og nokon som sprang rundt der inne.
«Vi går inn» sa Albino og gjekk mot ei open dør. Varg gjekk rett bak han.

«Vent!» ropte reven. Han skjente hjerteslaga sine banke fortare og fortare. Reven sneik seg inn. Plutseleg sprang ein nisse kledd i svarte klede. Han holdt ei gåve i hendene sine. Booom!! Gåva eksploderte, men nissen berre lo.

«Er det ein gåveøydleggingsverkstad?» spurte Varg. Overalt var desse små nissane kledd i mørke kleder som brann, knuste, knakk og sprengte leikar og julegåver. Han såg ein nisse som tente fyr på ein revebamse og såg skummelt på reven.

«Ja. Dei er antinissar. Dei motsette av nissenissane som Juter. Dei stel julegåvene til barn, og øydelegg dei. Vi skal møte julenissen sin motpart» Dei gjekk opp ei spiraltrapp til eit stort kontor.

«God dag» Ein tynn, høg nisse med lys stemme kom bort til reven. Han hadde eit sort glatt skjegg, og blodraude klede. «Eg er Nissejula. Kven er du?»

«Eg er reven»

«Neimen, hallo, Albino. Lenge sidan» sa han og snudde seg mot Albino.

«Ja, vi har litt dårleg tid, så kan vi berre komme rett til sa...»

«Vil dokker ha te?!» sa han og avbrøyt Albino.

«Vi er ulvar, Nissejula» sa Albino.

«Neei, han er ein rev»

«Ja, men hundedyr drikk ikkje te!» sa Albino irritert.

«Kanskje dokker vil ha noko vann i ei hundeskål då. Eg har nok ei ligg...»

«Vi vil ikkje ha noko, okey!» sa Albino no skikkeleg irriter.

«Javel, men kvifor er dokker her då?»

«Du veit Julenissen si kule drøymekula. Den har fiendane våre, og dei brukar den mot oss. Så vi treng noko å kjempe imot med»

«Åh, eg forstår. Dokker vil låne Marekula» Han snudde seg og fann noko på pulten sin. Det var noko som såg veldig kjent ut. Den var som drøymekula, men med svart glas. «I motsetning til drøymekula viser ikkje denne din største drøym, men ditt største mareritt. Ønsker du å sjå inn i den?»

«Nei!» ropte reven og trakk seg tilbake.

«Haha, eg berre tullar» Han snudde seg mot Albino. «Men Albino, kva får eg får at dokker får låne kula?»

«Vel, vi får jo mest sannsynleg tak i drøymekula så Julenissen ikkje får den. Er ikkje det nok?»

«Joda, men viss du på ein eller annan måte skulle miste eller øydelegge marekula, er du i stort trøbbel»

«Greit» sa Albino.

«Ta Marekula no, men ha den oppi denne posen for sikkerheit skuld» Han putta kula i ein pose. Så rekte han den til Albino.

«Då har vi ein avtale då?»

«Ja, ein avtale»

tirsdag 13. desember 2016

13. desember

«Kom igjen Dachs. Berre litt til så kan vi ta ein pause» Grevlingen var begynt å bli sliten. «Det er ein landsby her borte» Landsbyen var liten med ei kyrkje av tre. Det var eit gigantisk tregjerde rundt heile byen. For å komme inn måtte dei ri gjennom ein stor port. Over porten sto det eit skilt. Landsby Lucia. Rart namn, tenkte Juter.
Dei sette Dachs frå seg i ein open stall. Den var nok meint for hestar, men funka fint for grevlingar og.

«Vi får vel finne ein plass der vi kan få oss litt mat» sa svana.

«Ja!» svarte Juter. Han var skrubbsvolten. «Du går den veien, eg går hitover»

«Nei, Juter. Du veit kor dårleg retningssans eg har» sa svan klagande.

«Joda. Viss du går deg vill, går du berre til kyrkja. Den kan du sjå overalt»

«Greit. Hadet» Svana sprang nedover vegen. Juter gjekk andre vegen. Plutseleg høyrte han ein song. Det var litt rart. Han hadde ikkje sett nokon i gatene, så han gjekk mot den. Det virka som om det var eit heilt kor som song. Han gjekk nærmare. Det var noko underleg kjent med songen. Juter kom til ein liten bakke. Det virka som om songen kom frå bak haugen. Juter klatra opp. Bak haugen var det ei gruppe med mennesker kledd i kvitt. Nokon av dei hadde spisse hattar med måner og stjerner på seg. Og aller fremst gjekk ei jente med blondt hår. Ho hadde lys i håret sitt. No skjønte Juter kvifor songen var kjent. Det var Santa Lucia-songen.

...i alle stille rom
Som venger brusar.
Sjå på var terskel står,
kvitkledd med lys i hår,
Santa Lucia, Santa Lucia.

«Mørkret skal fara snart
frå fjell og dalar»
Slik ho eit underfullt
ord til oss talar.
Dagen skal atter ny
stiga av raude sky...


Juter sneik seg framover. Plutseleg glei Juter nedover bakken.

«Santa Lu... ÆHHH!» Juter kræsja inn i Lucia og velta henne ned i bakken.

«Er du heilt galen!» Skreik Lucia mot han.

«Eg beklagar, eg glei»

«No er kjolen min øydelagt!» Den kvite kjolen hennes var full av skit og jord.

«Ta det med ro Lucia. Vi har sikkert ein ekstra inne» sa ein av stjernegutane bak dei.

«NEI! Det var min kjole!» skreik Lucia, og heile Lucia-toget rykka til. «Høyr her, nisse! Viss du ikkje fikser kjolen min no! Er du død! Eg går inn og skifter, så gir eg deg kjolen min, og du går og vaskar den. Er det greit?!»

«Ja» sa Juter forsiktig. Lucia trampa inn i eit hus like ved.

«Eg beklagar oppførselen til Lucia. Ho er veldig opptatt over korleis ho ser ut» sa stjerneguten frå i stad.

«Neida, det var min feil. Eg skubba ho jo i bakken! Nissemamma lærte meg faktisk eit hemmeleg vasketriks, så det går fint»

«Sånn!» Lucia kom ut av døra igjen i ein ny kjole. «Her er kjolen. Gå nå!»

Juter tok imot kjolen.

«Det er ingen i byen som kan hjelpe deg, for alle er på Lucia-øvinga»

«Men Lucia er jo ikkje før om ni månader?»

«Ingen bryr seg! Eg er Lucia, og då må Lucia vere perfekt! KOM DEG VEKK!!»

Juter sprang opp bakken igjen. Wow, det var ikkje sånn han så for seg Lucia. Juter gjekk mot stallen til Dauchs. Der hadde han sekken sin med eit hemmeleg vaskemiddel.

«Juter! Der er du!» det var svana. «Eg har ikkje funne noko. Alle plassar er stengt»

«Ja. Eg skal forklare kvifor» Juter fortalte heile situasjonen.

«Så vi er i byen til sjølvaste Lucia?»

«Ja, men kom no. Vi må vaske denne kjolen» Juter sprang in i stallen. «Hei Dachs. Korleis går det?»

«Grynt»

«Bra. Eg skal berre hente det vaskemiddelet» Juter henta ei lita krukke i sekken sin. Før han hadde dratt hadde nissemammaen hans sagt at han skulle ha med denne hemmelege såpa. Berre sånn for sikkerheits skuld. Han trudde ikkje at han skulle trenge det, men no fekk han vel bruk for det like vel.

«Juter, går det bra?» spurte svana.

«Ja, har du sett ein brønn eller noko i nærheten?»

«Ja, det var ei elv mot utkanten til byen der eg gjekk» sa svana.

«Perfekt! Kor går vi?» spurte Juter.

«Berre følg meg!» svana gjekk ned vegen. Dei gjekk ei god stund, men så var dei tilbake til stallen igjen.

«Eg beklagar Juter, eg har gått meg vill igjen» sa svana, og såg seg forvirra rundt.

«Det går fint. Berre prøv ein gong til» Etter ei god stund med mange rare svingar og omveiar, og det såg ikkje ut som om svana hadde noko kontroll, kunne dei endeleg sjå elva.

«Joohoo, eg klarte det!» jubla svana. Juter sprang ned til elva. Den var perfekt størrelse. Han dyppa fingeren nedi. Brrrrrr. Elva var iskald. Juter tok kjolen nedi. Skiten forsvann ikkje ved hjelp av berre vatnet, så han tok litt av såpa til mora. Då forsvann skiten med ein gong. Men no var kjolen våt, og det ville ta land tid før den tørka. Han huska ordtaket til mora. «Ein vask er ikkje god uten ein god tørk». Då huska han at mora hadde gjett han ein rar svamp. Kva var det ho hadde sagt. Jo «Berre legg svampen på det våte å sei sug opp, så skal svampen trekkje til seg alt vatnet». Juter sprang opp til svana igjen.

«Eg beklagar at det blir så mykje springing fram og tilbake, men eg må ha noko anna i sekken min no. Kjem du?»

«Ja» sa svana. Dei sprang rett tilbake til stallen. Juter lette i sekken sin. Der. Heilt nederst sjølvsagt.

«Sjå her» sa han til svana. Han la svampen oppå kjolen. «Sug opp»

«Kult!» Svampen trekte alt vatnet oppi seg. Nesten som magi. Juter vrei svampen over drikkekaret til ein hest.

«Vriinsk!» sa han som takk.

«God som ny» sa Juter og løfta opp kjolen. No var den like kvit som den var frå før. Kom svane. Vi må gå tilbake til Lucia»

«Javel» Allereie før dei hadde kommen fram til haugen, høyrte dei Lucia skrike.

«Ærleg talt! Det er kvitkledd med lys i hår, ikkje lys i vår!» Når dei kom over haugen sto Lucia og kjefta på ein liten gut midt i rekka. Så såg ho Juter. «Kva tok så lang tid?!»

«Beklagar, eg er ikkje så kjent med byen».

«Har du kjolen min?!!!»

«Jada, her er den» Han sprang ned bakken og rekte henne kjolen. «Versågod»

«Hmmf» Ho nistira på kjolen og såg om noko var feil. «Javel!» Så trampa ho inni huset igjen.

«Jaja vi får vel dra vidare då. Før Lucia kjem ut» sa svana.

«Ja. Tusen takk for besøket då. Beklagar at vi ikkje var så gjestfrie» sa den hyggelege stjerneguten.

«Det går heilt fint. God Lucia!» sa Juter mens han og svana sprang tilbake til stallen.

-

Ulvane var ikkje fornøgde. Etter Albino fryktelege avgjørsle under kampen, hadde dei mista all respekt for han. Dei bua mot han mens han prøvde å forklare. Reven såg på frå sidelinja. Det var forferdeleg å sjå den store leiaren så svak og hjelpelaus. Reven måtte gjere noko. Han hoppa opp på talarplassen til Albino og tok ordet..

«Alle saman! Høyr på høvdingen dokker. Vi trengte dette tapet. Det viser kor sterk fienden er. Viss dei klarte å ta ned den største og farligaste ulven i historia på eit par sekund, visar det verkeleg kor mykje sterkare vi kan bli. Denne kula er farleg, og då må vi vere farlegare!» Alle ulvane jubla.

«Reven har rett!» Albino var tilbake. «Hvis vi skal kjempe tilbake, treng vi hjelp. Eg veit kven. Vi tapte kanskje kampen, men vi vinn krigen»

mandag 12. desember 2016

12. desember


Til Julenissen

Eg har det finfint. Vi har utforska ein masse. Vi har besøkt fear, leprechaunar og til og med fargenissane. Det første vi gjorde var dessverre og bli uvener med ein rev. Han fekk ein heil ulvehær etter oss. Du har kanskje merka den forferdelege stormen som var her ei stund. Det kan ha vert vi som starta med eit uhell. Men vi drog til fargenissane og fekk hjelp med gulnissane til å stoppe stormen. Dessverre brakk svana vengen sin då, og kan ikkje fly! Men så blei gulnissane angripen av svartnissane. Vi blei med i kampen, og alle dei andre fargenissane hjelpte til. Men så kom ulvane også. Vi hadde tapt, hadde det ikkje vert for at noko magi frå ei av kulene fekk dei til å dra. Leiaren for ulvane heiter høvding Albino, kanskje du har høyrt om han? Men eg fekk nettopp vete om desse kulene, og eg lurte på om du kunne fortelje alt om din? Og ver heilt ærleg. Men ihvertfall, no som svana ikkje kan fly, viste vi først ikkje korleis vi skulle komme oss vidare, men grånissane gav oss ein grevling! Ein rask grevling som vi kan ri på til svana har blitt frisk. Så vi kjem oss vidare. Korleis går det på verkstaden foresten? Har Orim og reinsdyra der bra? Og har du det bra? Husk det med kula di! God vår.

Frå Juter




Kjære Juter

Endeleg sender du brev! Joda, alle har det kjempefint. Komet begynner verkeleg å komme seg. Han flyr langt og kjempefort, og snart kan han dra sleden av seg sjølv. Orim har det kjempefint han og. Han savnar deg litt, men jobbar hardt og flittig. Han blir nok kandidat for årets nisse i år. Dumt med vengen til svana, men fint med grevlingen. Bra dokker hjalp fargenissane i kampen. Du spurte om kula mi. Det blir faktisk ei lita historie. Når eg var liten brukte gamlingen, du veit gamlingen. Den gamle mannen som har sitt eige hus rett utanfor verkstaden. Han er jo faren min. Når eg var liten, og han var julenisse, pleide han å bruke kula ofte. Draumekula heitte den. Han var ein meister i å bruke den. Men då eg blei julenisse, og arva den, klarte eg ikkje å få den til å høyre på meg. Den levde litt sitt eige liv. Men ein dag då eg prøvde å få den til å høyre på meg, blei eg så sint at eg kasta den ut vindauget. Eg angra med ein gong, og sprang ut for å hente den. Men det var forseint. Det var revespor rundt der den hadde landa. Eg såg så vidt ein raud skikkelse springe bortover snøen, og så plutseleg forsvinne. Etter at eg mista den, har eg eg gjort litt research for korleis du må bruke den. Den er ikkje som dei andre kulene. Den har sitt eige liv. Du må verre i skikkeleg trøbbel før den vil hjelpe deg. Og ofte må du be pent. Så sjå opp for den der reven du blei uvenn med. Han kan jo kjenne den reven som tok kula. Juter, om du skulle på ein eller annan måte finne denne kula, ver forsiktig. Den innehelder sterk magi. Ver forsiktig der ute, Juter. Det høyrest ut som du er på eit fantastisk eventyr.

Frå Nicholas Julenissen

PS: Send fleire brev, det er veldig koseleg

søndag 11. desember 2016

11. desember

«Litt til, litt til!» No hadde dei jobba, og fiksa, og vaska, og rydda opp. No var det berre å fikse gulnissane sitt tårn igjen. Nokon av dei gigantiske ørnene til grønnissane hadde festa det i tau. Og no flaug dei det opp. Sidan Evir var dyrevoktar, styrte han ein av ørnene. Det var nokre oransjenissar på kanten der tårnet hadde knekt, som skulle smelte dei to tårndelane saman. Mange patruljar hadde gått bak vulkanen for å sjå etter svartnissane igjen, men ingen spor. Rådet hadde og
bestemt seg for å ha eit stort møte med svartnissane når dei kom tilbake, og kanskje la dei bli medlem av fargenissane igjen for å hindre at noko sånt skjedde igjen. Lillanissane og grønnissane hadde samarbeida for å bringe plantelivet rundt tårnet tilbake. Juter og svana hadde begge vert med grånissane å hente jern for å bygge opp tårnet igjen. No sto dei og så på at dei fiksa tårnet.

«Og så ned» Kuling sto på toppen av tårnet og dirigerte at tårnet skulle bli tatt på plass. Og der blei tårnet satt på plass. Dei så oransjenissane smelte jernet og få det på plass. Når det hadde stivna, kom nokre andre nissar med gulmaling og malte over det nye jernet. No var det nesten umuleg å sjå forskjell.

«Joohoo! Hjemmet vårt er fiksa! Er dokker ikkje glad?» Det var Yr.

«Det blir vel litt mykje å rydde opp då, sidan heile tårnet falt ned?»

«Joda, men det fikser vi. No skal det endeleg bli litt meir ro. Først kom stormen, så kom kampen, og så falt heile heimen vår ned vårt ned! Når drar dokker forresten?»

Juter og svana så på kvarandre. Dei hadde eigentleg ikkje planlagt noko måte å reise vidare endå. Sidan svana hadde brokket vengen. Dei måtte kanskje vere her til den vart frisk.

«Men ikkje tenk på det no. Eg, Evir, Lillum og Kiesel har ei gåve til dokker kvar!» Yr peikte på eit lite området Evir nettopp landa med ørna. Der sto Lillum og Kiesel også. Dei sprang bort dit.

«Heihei, der var dere» sa Evir.

«Hei. Du var flink med den ørna og tårnet» sa Juter.

«Takk. Eg har trent lenge. Drøymen min er å bli den beste ørneraceren der er. Men vi har nokre gåver til dykk. Kven vil begynne?»

«Eg kan» sa Lillum. Ho tok fam ei krukke som det lukta nydeleg frå. «Dette er lavendelsøvn. Ein veldig god salve vi bruker for å holde sår friske. Hvis vi smørjer den på vengen din, vil den kunne beskytte den så den ikkje blir så lett skada, og du kan til og med bruke den litt som å flakse me den og sånn. Versågod» Ho opna krukka og smurte lavendelsøvnen på.

«Tusen takk. Det følast mykje betre allereie!» sa svana.

«Berre ta med krukka og smør på annankvar dag, så skal det nok bli bra etterkvart» Juter tok imot krukka.

«Då er det meg!» sa Evir og plukka opp ein sprettert og ein kongle. «Eksploderande kongle, for ein nødssituasjon.

«Tusen takk Evir. Eg skal prøve å ikkje sløse den bort. Hehehe» Han putta det djupt nede i sekken.
«Då er det min tur» sa Yr. Han tok fram ein gullkikkert. «Dette er ein langkikkert. Når du ser i den, kan du berre zoome med det hjulet. Og du kan sjå kjempelangt!» Juter tok imot kikkerten og såg gjennom. Først såg han mot grønskog. Han såg så langt at han klarte å fokusere på ein liten fugl oppe i eit tre. Dette syntest han var kjempegøy.

«Tusen takk, Yr. Denne skal eg kose meg med» Juter pakka saman kikkerten.

«Då er det berre meg igjen. Vi veit jo at sidan vengen din er øydelagt kan du ikkje fly. Det gjer at det blir vanskeleg for dokker å komme dokker vidare. Derfor har grånissane bestemt seg for å gje deg ein av grevlingane våre» Ein grevling kom fram frå bak Kiesel. «Dette er Dachs. Han er ein rask og god grevling, men fjelllivet passar ikkje for han. Dokker kan ri på han til vengen til svana blir frisk. Så no kan dokker komme dokker vidare!»

«Tusen takk!» Dette var jo fantastisk. No kunne dei dra vidare! «Svane, drar vi så fort som muleg?»

«Gjerne» sa svana.

«Då startar vi å pakke. Vi møtest her når vi er ferdig. Eg skal berre skrive eit brev!» sa han og sprang bortover og hoppa av glede.











lørdag 10. desember 2016

10. desember

Juter sprang bortover det våte graset. Overalt rundt han flaug det kampesteinar. Gulnissar sendte lyn og sterke vidnkast ut frå hendene sine, mens desse svartnissane sendte ut noko svart magi. Han hadde fått høyre ei kjapp forklaring av svartnissane av Kuling på veg ned. Svartnissane, eller ondnissane, var før med i fargenissane, men dei hadde blitt sparka ut av rådet fordi dei var for onde. Dei pleide å øydelegge for resten av nissane heile tida. Dagen etter dei hadde blitt kasta ut, hadde heile borga dei budde i fordufta. Alt spor av dei var borte. Men det gjekk rykter om at dei ville ha hemn. Og no, var hemnen komen.

«Juter! Vi har ingen sjanse. Dei er mange fleire enn oss!» Evir hadde rett. Svartnissane hadde omringa dei rundt værtårnet. Plutseleg kom eit sort stort prosjektil som for mot værtårnet.

«Det er Mores, sjefen til svartnissane» sa Kuling med ei bekymra mine i ansiktet.

«TÅRNET FALLER!!!» skreik ein av gulnissane. Tårnet hadde knokke av på midten, og falt rett der Juter sto. Juter kasta seg bort. Boom! Det var eit mirakel at ingen hadde blitt treft, men det knuste fleire av katapultane til svartnissane. Han høyrte eit GONG! når tårnet traff Gråfjell. Håpte grånissane hadde høyrt det, og kom og hjalp!

Doooduuu!! Eit slags horn. Når ein snakka om sola. Grånissane kom mot ridande mot dei på grevlingar. Både grevlingane og grånissane hadde på full rustning. Dei var klare for kamp.

«WAAAAAAAAHHHH!!!! ANGRIIIIIP!!» Der kom kong Maulwurf også.

«Juter, sjå opp!» sa Evir. Over dei kom det ørner. Gigantiske ørner. Og kvar ørn, holdt to grønnissar. Så slapp dei grønnissane ned, og hundre grønnissar stupte ned og landa i midten av dei.

BOOM! Ei eldkule hadde sprengt i stykker nokre av katapultane til svartnissane. Den kom frå vulkanen. No hadde oransjenissane komt ôg. Og dei sendte eld mot svartnissane.

BRAAAAK!! Eit snøras hadde blitt utløyst med Blåfjell, og der kom blånissane på kjelker, og raudnissane ridande på grisar og hestar. Plutseleg, ut frå lause lufta vokste lillanissane ut frå bakken.
Purpura såg heilt gal ut og fekk gigantiske lilla blomster til komme og å gripe tak i svartnissane.

«Evir! Juter! Der er dokker!» ridande bak Kiesel på ein av grevlingane var:

«Svane!!!» Endeleg var dei samla igjen. «Der er du!»

«Du trudde vel ikkje eg hadde gløymt deg. Eg kom så fort som muleg med Kiesel her. Då såg vi kampen og fekk advare alle dei andre»

«Så det var derfor alle nissane kom og hjelpte oss? Du er ein helt!»

«Hei hei. Der er dokker!» Det var Yr og Lillum. No var dei alle samla. Kiesel hoppa av grevlingen sin, og drog fram ein stor kamphammar. Yr hadde ein stav det gnistra lyn frå. Evir tok fram sekken sin, og fann fram ein sprettert og eit par konglar. Lillum hadde ei slags lilla kule, som flaug rundt og laga ein rar lyd. Plutseleg kom det ei gruppe med svartnissar mot dei.

«Kva gjer vi?» spurte Juter.

«Vent å sjå» sa Lillum. Kula over henne sendte ned eit rart lilla lys som for ned i hendene hennes. Så klaska ho ein av svartnissane så hardt at han datt i bakken. Så kom ein kvinneleg svartnisse mot Juter, men før ho fekk gjort noko kom eit stort vindkast frå staven til Yr, og blåste ho bort til Kiesel, som slo ho i hovudet med hammaren sin. Men så kom tre svartnissar rett mot Kiesel. Då skaut Evir ein kongle frå spretterten sin, som eksploderte.

«Eksploderande konglar. Kult, ikkje sant?» sa Evir.

Sånn gjekk det meste av kampen. Yr skaut lyn ut frå staven sin, Kiesel dengte til svartnissar med hammaren, Evir med dei eksploderande konglane sine, og kvar gong nokon vart skada, kom kula til Lillum over dei og helbrerdte dei. Svana og Juter slo mot svartnissane, og hadde begge fått denne magiske tingen på hendene sine som Lillum hadde. Kampen sto rundt dei heilt til det var kveld. Akkurat når dei såg månen reise seg, var dei heilt sikre på at dei skulle vinne. Men den fulle månen blei dekte av nokre skyar.

Aooooooooo! Eit ulveul. Ulvane var her. Dei hoppa ned frå skyene, sneik seg inn frå skuggane, og ulte kampropet sitt. Ulvane var mange fleire enn sist gong, og nokon av dei var brune og mindre. Cirka 30 av ulvane omringa dei, og dei var no fanga i ein sirkel. Juter, svana, Kiesel, Evir, Lillum og Yr. Over dei kom reven og sjølvaste Høvding Albino dalande ned på ei sky. Når dei hadde landa, kom høvding Albino sakte mot dei. Han la seg ned ein halv meter frå Juter. Sjølv liggande var han høgre enn Juter. Dette var første gong han hadde sett han skikkeleg. Han var gigantisk. Han hadde knust over 20 nissar i ein kamp. Reven la seg ved sidan av. Han var bitte liten i forhold.

«Fin kamp, nisse. Eit augeblikk trudde du vel at du skulle vinne. Hahaha» Dei raude auga hans stirra rett i han. Stemma hans var mørk og grov. «Som du sikkert ser, har vi samla mange av dei store ulveflokkane til ein hær. Men det ser vist ikkje ut som vi trengte det, sidan hæren dykkar berre består av værmann og blomsterpiker»

«Albino. Endeleg kom du!» Ein svartnisse braut seg gjennom ulvemuren til Albino. Han stilte seg ved sidan av han. Sjølv om han var ein høg, voksen nisse med kappe til og med, var han ikkje noko skremmande i forhold til Albino.

«Juter, har du hilst på Mores, leiaren for svartnissane?» sa Albino.
lum tenkte fast, og holdt han tilbake, hadde han angrepe Mores.
Albino knurra.

«Du ser all denne skaden Juter? Den vil berre fortsette. Alle nissane vil miste heimane sine. Tenk pa alle dei fatale konsekvensane. Som lillanissane. Viss ikkje dei får gjort oppgåvene sine, vil ikkje årstidene virke skikkeleg. Du kan stoppe dette. Du kan få alle svartnissane, og alle ulvane, til å trekke seg tilbake og forsvinne. Du treng berre å gje meg den julekula. Kva er den verdt, mot alle desse skadane?»

«Greit. Den er ikkje inn likevel. Men då må du love å...»

«Nei! Juter! Eg gløymte å fortelje deg om det, men dei svanene inne i den. Den eine er meg! Det må bety noko!» Hæ? Kva snakka svana om? Svaner i julekula? Men det var jo Juter som utforska verda inni. Drøymen hans. Så gjekk det eit lys opp for han.

«Svane, nøyaktig korleis er svanene i kula?»

«Hugsar du ikkje det? Det er eg som leier svaneflokken sjølvsagt!»

«Og er ikkje det drøymen din?»

«Jo, men»

«For meg viser kula meg som utforskar verda. Min draum!» Juter løfta opp kula så alle kunne sjå den. «Dette er draumekula, den magiske kula til julenissen. Initialene under står for Nicholas Julenissen. Reven har på ein eller annan måte fått tak i den, for å bruke magien. Men han har ikkje fått den til å virke, og når eg stelte den, og klarte å bruke den, har reven gjort alt som sto i hans makt for å få den tilbake. Kula viser også draumen til folk, derav namnet draumekula!»

Evir, Lillum, Kiesel og Yr såg forvirra på han, men reven kveste.

«Så sjølv Albino!» sa Juter. Albino tok eit steg mot han, og så rett inn i kula. Plutselig, men berre så Juter la merke til det, begynte kula å dirre og så forsiktig gniniemerdne.

«Rev! Mores! Vi trekk tilbake alle troppane våre no! Ingen Diskusjon!» Albino hoppa oppå skya si igjen, og starta å mane fram skyer igjen.

«Kva skjer?» spurte Mores.

«Berre gjer som han sei. Viss ikkje blir han sint, og du vil ikkje sjå han sint» sa reven.

«ALLE ULVER!! TREKK DERE TILBAKE! DET ER EIN ORDRE!» Ropte Albino.»

«Ja. Svartnissane også!» sa Mores ganske pysete i forhold til skrikinga til Albino. Kvar einaste av nissane blei ekstremt forvirra når svartnissane og ulvane berre forlot kampen.

«Juter, kva gjor du eigentleg?» spurte svana, når alle ulvane hadde flydd vekk på dei mystiske skyene sine, og svartnissane gått bak vulkanen.

«Eg veit eigentleg ikkje. Kula begynte å dirre, og så. Poff. Hadde han bestemt seg for å stoppe kampen» Nissane sto i ro litt fortumla før dei skjønte at dei eigentleg burde feire. Circa 1000 nissar og ei svane jubla for å ha vunne kampen. Nissane berte Juter på gullstol og dei festa, og jubla heile natta.

-

Høvding Albino sto på skya si heilt rar og svimmel inne i hovudet. Kva hadde han tenkt på. I det eine sekundet hadde han stått der og stirra inne i den snøkula, og i det neste hadde han fått for seg at dei måtte stoppe kampen med ein gong. Det gav jo ingen meining. Dei hadde både overaskelsesmomentet, og dei var i fleirtal. Alle dei andre ulvane sov, men han fekk ikkje sove. Han tenkte berre på ein ting. Han skulle ha den kula.








fredag 9. desember 2016

9. desember

«Vent grevlingar. Vi treg skyss tilbake» Nei. Det var for seint. Med ein gong tunnelen stoppa, hadde grevlingane kasta dei av, og skunda seg tilbake. Det hadde vert langt, så dei kunne ikkje gå.

«Kva gjer vi?» spurte Evir.

«Vi drar til værtårnet. Viss du hadde rett med høgdeskrekken til Svana, vil han nok ikkje like seg der uansett. Når stormen er stoppa, går vi tilbake og hjelper han» Det var tungt for juter å seie dette. Han hadde gløymt svana heilt ut.

«Sjå der. Stigen!» Stigen var laga av tre, og ekstremt høg.

«Jaja. Vi får vel starte då» No fekk Juter litt høgdeskrekk. Stigen så ikkje trygg ut. Juter tok det første skrittet. Det var glatt. Etter at han hadde kome litt opp fulgte Evir etter. Dei klatra i sikkert ti minutt, men så høyrte han eit AAAAAAH! Han såg ned. På trinnet under han holdt Evir seg så vidt fast med ei hand. Juter strakte ned handa si, og drog han opp.

«Går det bra?» Juter var heilt forskrekka.

«Jada, takk» sa Evir.

«No hadde vi flaks, men vi er iallefall oppe» Rett over dei var det ei luke.

«Ok. No treng vi ein plan. Når vi kjem opp, må vi berre springe. Det er eit lite rom vi kan springe inn i. Der er det ei dørvakt. Han vil sleppe oss inn, og føre oss opp heisen»

«Har du vert her før?»

«Ja. Eg kjenner dørvakta»

«Eg føler at du kjenner alle dei første vi møter i eit nytt område» Juter låste opp ein hengsle som låste luka.

«Gjer vel det» Juter opna. Men luka blåste ned med ein gong. «Det ser ut som stormen har blitt verre!» Han prøvde ein gong til. No gjekk det. Juter tok eit hopp, og sprang ut. Han klarte å ta eit lite blikk på tårnet. Det var ein knallgul sylinder. Han så ikkje toppen.

«Skynd deg!» Høyrte han så vidt Evir rope. Det kom eit kvitt lys, og før det hadde gått eit sekund. DURRRRRR. Tore. Han kom fram til tårnet, og tok ein kjapp runde rundt for å finne dette rommet.
Han sprang inn. Evir sprang inn og.

«God dag. Ute i det fine været?» høyrte han nokon sei.

«Yr, slutt å tull!» Ein gulnisse. Han hadde oransje hår og fregner. Han var kledd i noko som så ut knallgule regnkle. Og hatten hans sjølvsagt.

«Beklager. Denne stormen er verkeleg ille. Vi har ikkje fått kontakt med nokon. Endeleg er nokon her. Dokker treng vel skyss opp» Nissen opna heisdøra. I heisen var det to knappar. Ein opp. Og ein ned.

«Goddag forresten. Mitt namn er Yr. Kven er du?»

«Mitt namn er Juter. Eg er på oppdrag for å komme meg til Norge, men stormen hindra meg» Yr trykte på knappen opp. «Det er vel ganske langt opp, så det vil vel ta litt...»

Ding

«Då er vi framme. Kva var det du skulle seie?»

«Ingenting» Juter så seg rundt. Overalt sprang gulnissar rundt i full panikk. Dei sprang rundt til pultane sine, skreiv ned noko, og sprang vidare. Det gjekk og ein veldig irriterande alarm og. DUUUU, DUUUU, DUUUU.

«Det er litt mykje styr her på grunn av stormen, men ikkje bry deg om det du. Gå å sjå på utsikta dokker, den er fantastisk. Eg skal få tak i Kuling eg» Så sprang Yr vidare. Juter gjekk mot vindauget. Heile etasjen var ein gigantisk runding med værinstrument, og små pultar der gulnissane jobba. Heisen gjekk opp heilt i midten, og heile tårnet spann sakte. I staden for veggar yttarst, var det glas. Det var veldig stort der, så det tok tid å komme fram. Men når han var der, blei han mållaus. Langt, langt under dei var skylaget, og dei strekte seg langt over gråfjell som allereie var eit veldig høgt fjell. Juter hadde aldri vert så høgt oppe. Han var veldig fascinert, men det var altfor mange skyer til å kunne sjå noko anna enn toppen av gråfjell.

«Ta på nokre briller, så ser du betre» sa ein gulnisse, og rekte han eit par med gule briller. Juter tok dei på. No var det annleis. Alle skyene var borte, og det såg ut som om det var sol. Han så at værtårnet sto i midten av tre fjell. Gråfjell, der grånissane budde, Blåfjell, der blånissane budde, og ein vulkan, der han gjetta oransjenissane budde. Bak Blåfjell var det ein liten gård, der raudnissane budde. Bak gråfjell kunne han sjå blomehagen til lillanissane, og skogen til grønnissane. Bak vulkanen så han mange personar, med store maskinar på veg ut av hular. Dei hadde eit slags svart gjennomsiktig panser som beskytta dei. Det så ut som dei hadde...svarte drakter?

«Juter! Yr ber oss om å komme» Det var Evir.

«Kvar skal vi?»

«Til storværmann Kuling. Leiaren her»

Storværmann Kuling hadde sin eigen pult, i eit eige privat rom. Her hadde han mange rare maskiner. Han hadde på ein gul professorfrakk, og såg veldig trøtt ut.

«Heihei, endeleg er nokon her» sa han med ei lys og snill stemme, men han høyrtest fortsatt veldig trøtt ut.

«Ja. Vi lurer på om dokker har nokon kontroll over denne stormen?» spurte Evir.

«Eg veit ikkje, okey! VI HAR INGEN IDE OM KVIFOR ELLER KORLEIS DENNE STORMEN STARTA!!!» Plutseleg var han veldig sint. «Eg beklagar så mykje. Eg har vert litt stressa i det siste, har nesten ikkje sove. Vi veit ikkje noko om det. For nokre dagar sidan slutta værkula å virke»

«Værkula?» spurte Juter.

«Ja selfølgeleg. Du veit, alle nisseslag har ei kule. Vi har værkula, oransjenissane har eldkula, grånissane har steinkula, og så vidare. Den sterkaste er jo sjølvsagt drømmekula, kula til julenissen. Iallefall, vår slutta å virke og så kom stormen. No veit vi ikkje korleis vi skal stoppe den!»

«Kunne eg fått sett den her kula?» spurte Juter. No var han nysgjerrig.

«Sjølvsagt» sa Kuling. Han snudde seg og henta noko i ei skuffe. Det var ei snøkule. Akkurat som Juter si. Bortsett frå at det var skyer som svede rundt inni.

«Eg må på do» så Juter. «Kvar er toalettet?»

«Berre gå ut den døra og til venstre du» Juter sprang ut. Han måtte eigentleg ikkje på do, men han måtte teste noko. Han passa på at ingen såg han, og tok fram kula.

«Greit. Kule, dette er sikkert litt rart, men eg treng at du stoppar stormen?» Ingenting skjedde. «Versåsnill?»

No skjedde det noko. Kula begynte å dirre. EPPOTSNEMROTSAL!!!!

«Eit mirakel! Eit mirakel!» Juter høyrte jubling frå gulnissane, og alarmen stoppa.

«Juter! Skynd deg!» Juter sprang ut. «Juter! Stormen har stoppa!»

Gulnissane sprang inn på kontoret og klemte Kuling. Det var full stemning. Juter så ned på kula si igjen. No skjønte han kva initialane sto for. N. J. Nicholas Julenissen. Dette var drøymekula.

Boom! Boom! Heile tårnet rista. Yr storma inn døra.

«Kuling! Vi blir angrepet!»

-

Reven, og alle ulvane jubla. Stormen var over. Dei viste nøyaktig kvar dei skulle gå for å angripe Juter og Svana.

«ALLE ULVER! Gjer dokker klare. Eg skal mane fram skyene no. Dei som ikkje er på ei sky i løpe av fem minutt, får ikkje bli med. Er det forstått» ropte Høvding Albino. Han starta å mane fram skyene ved hjelp av talismanen. Reven hoppa på ei av skyene. Han gleda seg som ein liten unge. No skulle han endeleg få drøymekula tilbake!















torsdag 8. desember 2016

8. desember

Juter var ukomfortabel. Det var berre eit tilfeldig, gigantisk, stupbratt, grått fjell. Med store tredører. Og det var malplassert mitt ute i enga. Evir gjekk fram til døra og banka.

Bank, bank, bank.

Begge dørene begynte å opne seg sakte og veldig knirkete. Det gjekk frysningar ned gjennom ryggen hans.

«Grav gjennom fjellet, grav etter kull» Ein song. Hundrevis av grånissar med hakker, og tau, og lykter. Alle sang unisont i ein mørk og langsom tone.

«Langt i fjellet, kanskje vi finn gull.
Jern, koppar, tinn, smaragder og diamant.
Tusen tonn av det, som den store kongen vår fant»

Så begynte dei på nytt. Det var litt fint. Så høyrte han noko som høyrtes ut som dei vognene julenissen brukte på å frakte gåvene. Så kom dei. På togbaner kom det gruvevogner med stein og kull. Nokon av grånissane lempa alt opp i kasser. Så tømte dei dei kassene oppi nye vogner som gjekk inn i gruvene igjen. Overalt gjekk det grånissar.

«Nei, men er det ikkje Evir. Lenge sidan sist. Korleis går det?» Ein grånisse som hadde komt bort frå ei av vognene. Han hadde store, grove og sterke hender.

«Hei Kiesel. Alt er bra, bortsett frå den store stormen» Evir gjekk fram til han.

«Sjølvsagt, stormen. Den har vart ganske lenge no. Lurer på korleis den starta? Det kan vel ikkje ha vert gulnissane?» Juter kjente snøkula vege mykje tyngre i den lille posen.

«Ja, vi er faktisk på oppdrag for å finne ut av det no. Vi må snakke med store kong Maulwurf. Og så må vi finne ein trygg måte å komme oss til værtårnet trygt»

«Å. Berre følg meg. Kven er vennene dine foresten?» Kiesel gjekk mot ei stor hule med uthakka bilder av konger i troner. Over sto det noko. Han forsto det ikkje, det så ut som runer. Med ein gong dei gjekk inn i hula, blei han mållaus. Det var gigantisk. Ei gigantisk grotte med gull og edelsteinar flytande på bakken 100 meter. Og ei bru som gjekk ut på ei høyde mitt ute. Der sto det grånissevakter med spyd, skjold og hjelmar av jern. Dei vokta ei trone av stein. Og på den, var nokon som ikkje så ut som ein grånisse i det heile tatt. Meir som ein gullnisse. Han hadde ei rustning av gull, eit gullspyd, og til og med fletta gullkorn inn i skjegget sitt. Han skinte heile veien frå trona til dei.

«Kom da» Kiesel sprang over brua.

«E-eg venter her, eg» Svana trekte seg tilbake.

«Blir du ikkje med?» spurte Juter.

«N-nei da. E-eg finn ut korleis grånissane arbeider eg» Så sprang han ut. Evir snudde seg mot Juter.

«Du trur vel ikkje svana kan ha fått høgdeskrekk, då han skada vengen sin?» spurde Evir.

«Nei. Han kan vel ikkje ha fått det?» Juter var sjokka.

«Nei, sikkert ikkje. Kom igjen, vi har eit oppdrag å gjere» Juter tenkte. Kunne svana ha høgdeskrekk, han hadde jo oppført seg litt rart i det siste, men. Nei. Evir hadde rett, dei hadde eit oppdrag. Dei gjekk over brua. Det var ganske langt ned.

«KIESEL!! HAR DU TATT MED FRAMANDE TIL MEG IGJEN?!!» Dei peip i øyrene til Juter. Heile grotta rista.

«Eg beklagar pappa. Men dei er på oppdrag frå Høvdingen av grønnskoge...»

«VER STILLE!!! OG EG HEITER KONG MAULWURF III AV GRÅBERG!!! KORLEIS FEKK EG DEG SOM SØNN!!! KOM DEG UT HERIFRÅ SÅ EG FÅR SNAKKE MED DESSE NISSANE!!!» Maulwurf så rett på Kiesel.

«Jada, papp...»

«KONG MAULWURF III AV GRÅBERG!!!» Kiesel sprang ut.

«SÅ, NISSÀR! KVA VILLE LILLE HØVDING KONGLE MED MEG?!!» Maulwurf reiste seg.

«Jo, vi skulle komme oss gjennom fjellet deres for å kome oss til værtårnet»

«KVIFOR KAN DOKKER IKKJE BERRE GÅ RUNDT!!!!!»

«På grunn av storme...»

«DEN FORFERDELEGE STORMEN!!!! DEN HAR HINDRA MELDINGANE MINE I Å NÅ FRAM I NESTEN EI VEKE!!! OG ARBEIDARANE MINE KLAGER!!!»

«Vi treng i alle fall hjelpa di. Så for vi kanskje stoppa den» Maulwurf sette seg igjen.

«EISEN!! FØLG DESSE NISSANE TIL GREVLINGSLEDANE!!!!»

«Ja, sjef» Ein av grånissane som sto vakt, gjekk fram. «God dag. Mitt namn er Eisen. Det betyr jern på tysk»

«God dag. Eg heiter Juter. Eg er ein nissenisse. Dette er Evir. Han er ein grønisse»

«NOK SMÅPRAT!! KOM DYKK UT!!!!»

«Ja, sjef. Vi burde gå». Eisen, Evir og Juter gjekk.

«Eg beklagar sjefens oppførsel. Ver velkommen. Dette er basen til nissane. Her vi nettopp kom utifrå er tronsalen» Han peika på skiltet med runene. «Og der, har vi varevognene. Dei hentar varene vi har henta inne i gruvene. Og så ber vi dei over i smeltevognene. Der går jern og kull og stein inn i smelteriet. Vi brenn kullet, og smeltar jernet for å lage nye ting av det. Som hakker, våpen, rustning og vogner. Og viss vi nokon gong finn gull eller edelsteinar, går dei i verdivognene og ned til tronsalen. Alt for å gjere kongen rikare. Dag ut og dag inn» Eisen sukka. «Oh. Der er fraktevognene. Dei vil ta oss til grevlingane»

No var Juter veldig forvirra. Så mange system. Huff og huff. Dei hoppa opp i ei av fraktevognene.
Etter at dei hadde køyrt litt kom dei til ei stor hole, med mange små holer oppetter veggene. Dei nederste holene var større og hadde store skilt over seg. Overalt gjekk fornøgde grånissar rundt og prata og lo.

«Dette er bugrotta. Her bur alle grånissane. Og nedst er butikkane. Der oppe til dømes, er mi hole»

Etter at dei hadde køyrt eit lite stykke til stoppa vogna. Dei hadde komt til eit lite område med sju holer. Over kvar hole var eit skilt i ein farge. Grøn, gul, rød, blå, lilla, oransje og svart. Men den svarte hola var stengt av med store kampesteinar.

«Då er vi her. Vi skal inn der» Eisel peikte på den hola med gult skilt. Når dei kom inn såg han ein slede som var festa fast i to grevlingar. Ein anna nisse sto og passa på dei. Sleden var vendt mot ein tunnel Juter gjetta førte til gulnissane. Juter skulle akkurat til å spørje Eisel kvifor den eine hula var stengt av før den andre nissen spurte:

«Hei,hei, Eisel. Kva gjer du så langt ifrå tronsalen?»

«Gelb, lenge sidan. Kongen sendte meg for å sende desse nissane til værtårnet. Kan du hjelpe oss?»

«Sjølvsagt. Hopp ombord» før dei viste ordet av det, satt Evir og Juter oppi vogna.

«Ok. Det vil gå ganske fort, og når dokker er fremme vil grevlingane dra tilbake av seg sjølv. Då må dokker finne stigen og klatre opp. Dokker vil komme opp cirka ti meter frå værtårnet til gulnissane. Så er det berre å springe» sa Gelb. Juter kjente at det kribla i magen, men så innså han noko.

«Hypp!»

«Vent, kva med... Juter fekk aldri fullført den setninga. Dei suste gjennom tunnelen i full fart. Han snudde seg mot Evir «Svana!»

-

Svana var heilt aleine. Alle grånissane hadde gått heim for kvelden. Kvifor hadde han ikkje berre blitt med dei over den brua. Han viste eigentleg svaret. Han var livredd. Det var altfor langt ned. Etter den stormen hadde han ikkje klart å vere oppe i høgda igjen. Då Kiesel hadde komt springande ut, hadde svana stoppa han. Så hadde Kiesel vist han rundt i Gråfjell. Men han hadde mista Juter. Han hadde leita i eit par timar, og no var det for seint. Han fekk vel berre vente her.

onsdag 7. desember 2016

7. desember

«Juter» sa Evir.

«Ja?»

«Vi er snart framme» Dei hadde gått gjennom skogen ganske lenge no. Og no skulle dei snart ut i stormen.

«OK. Då må vi legge ein plan. Evir? Kor langt er det frå skogen til lillanissane?»

«Circa 200 meter. Du vil ikkje sjå plassen deira før den plutseleg dukkar opp»

«Ok. Då berre spring vi rett fram. Så vil vel solmagien beskytte oss frå stormen når vi kjem fram»

«Her er det!» Dei hadde komt til utkanten av skogen. Med ein gong dei gjekk vidare ville stormen lett kunne ta dei. No gjaldt det.

«Greit. Vi drar på Ein. To. Tre!» Og dei løp. Beina til Juter flytta seg som trommestikkar. Evir var litt frafor. Men svana hadde problem. Symjeføtene hans var ikkje laga for å springe. Og kvar gong han prøvde å flakse, tok vinden tak i vengene hans.

«Svane, går det bra?» ropte han bakover.

Han høyrde berre så vidt kva svana sa:

«Jada! Eg kjem snart! Berre gå i førevegen!»

Juter snudde seg fram igjen. Evir såg på han. Og forsvann plutseleg. Så dukka han opp igjen. Eller han dukka opp. No var det sol på alle kantar. Og ingen vind. Han stoppa. Overalt rundt seg var det lilla blomar, og fuglesong. Juter gjekk eit par skritt bakover. Plutseleg var han tilbake i regnet og stormen igjen. Han skunda seg tilbake til sola igjen.

«Så var vi framme. Magisk, ikkje sant?» sa Evir til han.

«Jo, men kva med svana!» Juter snudde seg. Her var det berre ei gigantisk eng. Ingen skog, storm, eller Svane å sjå. Han gjekk litt til bakover. Der var stormen igjen. No kunne han sjå skogen, men ingen svane.

«Ånei! Stormen må ha tatt han!» sa Juter fortvila.

«Åoh, men vi kan ikkje gå og leite etter han no. Vi må få lillanissane til å hjelpe oss» Sjølvsagt. Lillanissane måtte då kunne hjelpe.

«Hallo?» Når du snakkar om sola. Der kom det ein lillanisse. Ho hadde ein lilla sommarkjole med blomster på. Ho gjekk barbeint, og hadde nøttebrunt hår. Ho hadde og ein lilla nissehatt med brem lagd av ein blomsterkrans.

«God dag Lillum. Hatt ein fin oppvakning?» sa Evir. Det såg ut som dei kjente kvarandre.

«Ja, Evir. Eg vakna for berre nokre timar sidan. Så no er alle vakne. Vi er allereie i full gong med å lage sommar. Men denne forferdelege stormen øydelegg for oss»

«Hallo Lillum. Mitt namn er Juter. Kan du vere sås nill å bringe oss til sjefen din. Vi har to problem. Eg skjønnar viss dokke har mykje å gjere, men...»

«Sjølvsagt. Purpura vill alltid hjelpe. Følg meg» Lillanissen begynte å plystre mens ho gjekk så glad. Kom rett etter. Etterkvart begynte dei å møte på andre nissar, utanfor små hus. Dei gjekk rundt og samla magi frå blomar. Så sendte dei det opp i lufta.

«Kva gjer dei?» spurde Juter Lillum.

«Dei bring varme til verden. Men det hjelper lite på grunn av stormen. Sjå her er vi» Dei hadde komt til ein stor lilla blomst. Høgre enn alle husa rundt. Og rundt den sto nokre lillanissar, og trekte magi utav den. Ei av dei var høgre enn dei andre, og bar ei lilla silkekappe. Ho snudde seg mot dei.

«God dag, reisarar frå nord. Stjernene såg de skulle komme» Dama hadde ei mystisk litt skummel stemme.

«Kva meiner du?» Kvinna så på han med heilt lilla auge.

«Juter, dette er Purpura. Leiaren vår og stjernetydar» sa Lillum.

«God dag, Purpura» Juter bukka. «Mitt namn er Juter. Vi treng hjelpa di»

«Dokke har mista ein grå venn, som snart ikkje kan fly» sa Purpura med den litt skumle tonen.

«Ikkje kan fly. Kva meiner du?» Juter skjønte ingenting.

«Det er alt stjernene har fortalt. For å redde den grå vennen dykkar, må de vente» Han forstod fortsatt ingenting. Evir sto og prata med nokre andre lillanissar. Han så ikkje bekymra ut.

«Men vent litt. Viss du nettopp har vakna frå å sove gjennom heile vinteren. Korleis har du fått tid til å tyde det her allereie?»

«Ikkje still spørsmål, nisse. Vent» Purpura si stemme var nesten hypnotiserande. Så han berre satt seg ned og venta. Plutseleg såg han ein grå skygge stupe ned mot enga og kræsje. Svana! Juter sprang bortover for å finne han. Når han kom fram hadde nokre lillanissar samla seg rundt svana. Juter brøyta seg fram i mengda. Han var bevisstlaus, og venga var i ein unaturleg retning.

«Han han det bra?» spurde Evir som hadde sprunge etter han. Før han fekk tid til å svare, løfta nokre lillanissar svana bort, og til den store blomen.

«Er cygnusen i live?» spurte Purpura nissane sine.

«Ja!» svarte ein lillanisse. «Ein knekt venge, trur vi. Han klarer nok ikkje fly på ei stund.» Klarte ikkje å fly. Det meinte to ting. Det meinte at Purpura sin spådom stemde. Og, det betydde at dei ikkje kunne fly vidare før vingen hadde grodd.


Nokre timar seinare heldt dei på å gjer seg klar til å dra. Blomsterenga til lillanissane strekte seg mot fjellet til grånissane, så dei trengte ikkje vere redde for stormen.

«Er du klar? Evir er nok klar allereie» Juter såg på svana. Han såg deprimert ut.

«Joda, sikkert»

«Kva skjedde forresten. Du veit, ute ved stormen?» Svana hadde vert veldig stille sidan han hadde vakna.

«Du veit, det vanlege. Vinden tok tak i vengene mine og kasta meg ned i bakken. Kan vi dra no?» Svana så ikkje ein gong på han.

«Ja! Kom igjen. Førstemann!» Då vakna svana. Han sprang og flaksa i stor fart.

«Kom igjen, treiging» Juter kom like bak.



Svartnissesjefen kunne endeleg ta seg ein pause. Han hadde først samla alle krigarane sine til ein stor hær. Så hadde dei gjort klar katapultane og slyngene. Så hadde han samla saman mørk magi for våpena deira. Alt dette her berre fordi han skylte ulveflokken ein teneste. Ja, ja, han skulle i alle fall få tatt hemn for at fargenissane sparka ut svartnissane frå, ja, fargenissane. Åjo, han skulle fått tatt hemn. Mohahahahahaha.

tirsdag 6. desember 2016

6. desember

«Det er for sterk vind! Vi må lande!» Svana hadde rett. Han heldt på å sjå på kompasset, men svana klarte så vidt å fly stødig.

«Greit! Vi landar!» Vinden blåste så kraftig at dei måtte rope til kvarandre. Dei fløy nedover mot bakken. Under dei var det ein ny skog, men den var ikkje som dei andre skogane. Trea var gigantiske, tjukke og mørke. Dei sto tett i tett overalt, så det var umuleg å sjå skogbotnen. Litt som ein regnskog. Tretoppane svaia veldig på grunn av vinden.

«Svane! Vi må lande mellom trea!»

«Ok!» så stupte dei ned og for gjennom trea. Der nede var det heilt vindstille. Men fult av liv. Trea hadde dører på seg og det så ut som nokon budde der. Det var store plattformer som strekte seg frå tre til tre, og hengebruer mellom dei. Og overalt var det små folk som gjekk rundt å snakka og kosa seg. Kven var det her? Då dei kom litt nærmare såg Juter det. Det var grønnissar. Det måtte bety at dei hadde kome til fargenissane sitt land. Dette hadde Juter lært på nisseskulen. Det finnest sju typar fargenissar. Raudnissane, eller låvenissane. Lillanissane, eller blomenissane. Blånissane, eller himmelnissane. Grønnissane, eller naturnissane. Gulnissane, eller værnissane. Oransjnissane, eller ildnissane. Og grånissane, eller bergnissane. Og alle hadde kvar si oppgåve. Raudnissane skulle passe på menneska og gardane. Lillanissane skulle passe på at våren og varmen alltid kom fram. Blånissane skulle lage blåtimar og stjernehimlar i desember. Grønnissane skulle passe på naturen og dyra. Gulnissane styrte været frå værtårnet deira. Oransjenissane skulle passe på at alt ondt etter kvart brann opp. Og grånissane i gråberget leitte alltid etter edle metall.

«Juter, kvar skal vi lande?»

«Land på den store plattforma der» Grønnissane hadde begynt å sjå opp på dei. Når dei landa samla grønnissane seg rundt dei. Juter gjekk av svana.

«Hallo, hallo. Eg heiter Juter. Er dokke grønnissar?»

«Ja, det er vi. Og du må vere ein nissenisse. Nissane til Julenissen» Ein av grønnissane gjekk fram. Han hadde ein god grønn ullgensar, den typiske hua og sjølvsagt ein grøn eventyrsekk. «Mitt namn er Evir av Fib-slekta. Eg er ein dyrevoktar» Det var ein ung nisse. Det så ut som han nettopp hadde blitt myndig.

«Ein dyrevoktar? Altså ein grønnisse som beskytt dyra rundt omkring i verda?»

«Ja, har de problem?»

«Ja, stormen er så kraftig at vi ikkje klarer å fly. Kunne vi fått ly til den ga seg?»

«Mest sannsynleg. Kom etter meg så skal eg spørje høvdingen»


Høvdingen budde inne i det største og høgste treet. Han var ein ganske stor nisse. I alle fall til grønnisse å vere, som vanlegvis var litt mindre enn andre nissar. Han hadde ei kappe laga av det finaste grøne silke. Han hadde eit krøllete brunt skjegg. Og ei krone lagd av kvist, blad og bark. Han hadde nokon rynker, og grønbrune auge.

«Dokker ønsker ly frå stormen» Høvdingen klødde seg i skjegget. «Vel, stormen har vart i ganske mange dagar. Eg har snakka med grønrådet, men eg får ikkje tak i nokon i hovudrådet»

«Hovudrådet?» spurde Juter.

«Det er rådet som er samla av alle råda i alle fargane. Stormen er så kraftig at dei er umuleg å få tak i. Med mindre ein drar dit. Ja, denne stormen er av ein eller anna sterk magi. Men eg har ein ide. Vis dokke drar til gulnissane sitt værtårn og finn ut kva som skjer i morgon. Då er det mars. Då våknar lillanissane, og startar og bringe våren tilbake. I lillanissane si eng er det ein solmagi som gjer at det aldri er dårleg vær. Altså ingen storm. Hvis dokke drar gjennom der, og så gjennom Gråberg. Då vil dokke kome til gulnissane utan å møte stormen. Dokke skal sjølvsagt få med dokke alt dokke treng. Evir kan vere med»

«Det skal vi gjere høvding» sa Juter. Svana så på han med bekymra auge.

«Evir. Kan ikkje du vise gjestane våre kvar dei skal bu?» spurde høvdingen.

«Det skal eg gjere Høvding»


Når Evir hadde vist dei kvar dei skulle sove, og gått sin veg, sa svana til Juter:

«Juter! Skal vi ikkje fortelje høvdingen at det var vi som starta stormen?»

«Nei, nei. No drar vi til det værtårnet og bruker kula til å stoppe stormen. Så blir alle fornøyd, og ingen treng å vite noko om at vi starta han. Men no legg vi oss»

-

Høvding Albino hadde tatt kontakt for sjefen for svartnissane. No som dei var stranda på denne øya kunne han i det minste gjere noko konstruktivt. Han hadde sendt ein liten speidarramn etter Juter. Han hadde fortalt at han var i fargenissane sitt land. Heldigvis kjente Albino leiaren for svartnissane, fiendane til fargenissane.

«Så du seier, at ein eller annan plass i riket vårt er denne nissen og svana? Og at dei prøvar og stoppe stormen?» sa svartnissen mens han skreiv notatar. Nede i eit tjern hadde Albino kasta eit spesielt pulver. Så no såg han svartnissesjefen der.

«Ja. Og når dei har klart det må du vere klar med hæren din for å angripe. Så kjem vi og hjelper til etter kvart. Mottatt?»

«Mottatt»





mandag 5. desember 2016

5. desember

Juter og Svana hadde landa på ei lita øy. Juter prøvde å tyde kompasset å finne ut kor dei skulle. Imens hadde svana funne seg ly under ein stein. Det blåste og regna, og alt tyda på at det ville bli storm. Dei store grå vengene hans var våte og kalde. Plutseleg la han merke til ein liten pose litt bortafor han. Det måtte vere den posen Juter hadde tatt med frå revehula.

«Juter!» ropte han bortover. Han høyrde det ikkje. Svana skulle til å rope igjen, men så tenkte han: Kvifor hadde ikkje Juter vist han kva som oppi posen. Han sprang ut, grabba posen, og sprang tilbake. Vingen hans passa ikkje heilt ned i posen, så han berre snudde den opp ned. Det fall ei julekule ut. Ei nydeleg julekule. Og inni var det svaner. Kvifor hadde Juter holdt denne hemmeleg.

Hadde han berre gløymt det. Han såg nærmare på svanene i kula. Det var ein stor flokk. Litt som flokken hans. Han sakna flokken sin. Og no var vinteren snart over. Då ville dei dra til Sibir igjen. Og då ville han aldri finne dei. Mens han studerte kula, oppdaga han at svana fremst var grå. Som han. Eller nei, det var han. Ein eksakt kopi. Det var draumen hans i eit nøtteskal. Eller ei julekule, då. Å føre flokken sin dit dei skulle. Utan å ta ein sving feil. Han putta julekula fort oppi posen. Det kunne jo ikkje vere han. Sikkert berre ønsketenking tenkte han, før han sovna.

«Så fortel meg. Den vesle posen du stal frå meg. Kvar er den?» Den stemma kjente han igjen.

«Eg kasta den ned i skogen din. Eg trengte ikkje ei julekule!» Svana opna auga med eit rykk. Det var reven, og ein ulv? Ulven heldt tak i Juter.

«Tull, heile flokken har leita gjennom skogen. Og det stankar av den over heile øya. Som om nokon nettopp har brukt den!» Flokken. Som ein ulveflokk! Det forklarte ulven.

«Her borte raudhår!» Han kasta posen inn i hula og fløy oppover. Han skulle akkurat til å gøyme seg i ei sky for å forvirre reven. Men på alle skyene sto det... ULVAR?!

«Men ulver kan ikkje fly!» sa han og bråsnudde. Han var fanga. Som fugl i bur. Han flaug rundt omkring, og ulvane glei mot han. Reven sniffa i lufta, og gjekk bortover mot kula. Svana stupte ned og tok kula rett før reven. Så flaksa han fort oppover. Han tok kula fort ut av posen.

«Kom å ta den då!» ropte han nedover mot reven.

«Javel» sa reven. Ei sky dukka opp under labbane hans.
Plutseleg Begynte kula å lyse.

MROTSILBTEDAL!!!!!! Eit ekstremt vindkast blåste over øya og kasta reven ned i vatnet.

«Svane! Skund deg!» Han måtte redde Juter.

«Eg kjem Juter!» Han prøvde å fly ned, men vinden var for sterk. Han tok vengene sine inn til kroppen, og berre lot seg falle ned. Han tok tak i Juter, når han var nede. Så slo han ut vengene.

«Svane!» sa Juter i full panikk når han. «Kva er det der?»

«Gulp» Det var lyn og tore på alle kantar. Og store stormskyar kom mot dei.

«Snu!» Svana gjorde det. Men bak dei kom skyane nærmare og nærmare.

«Var det kula som fekk det til å skje», spurde svana Juter.

«Ja. Eg trur det. Men no må vi dra fort!»


Reven var frykteleg irritert. I byrjinga hadde alt gått heilt fint. Dei hadde spora opp Juter til den her alveenga. Der hadde dei fått vite at dei hadde at Juter var på veg til Irland, og dei hadde til og med funne denne talismanen. Den som gjorde at dei kunne mane fram dei skyene. Så hadde dei funne spor av dei på Irland. Dei hadde flydd etter dei til denne øya. Der hadde dei omringa Juter medan han sov. Heile øya stinka av magien. Men Juter hadde ikkje hatt kula på seg. Den irriterande svana hadde. Og han hadde klart å bruke kula. Noko reven aldri hadde klart. Så hadde dei stukke av begge to. Og no var han og ulveflokken fanga på denne øya til stormen ga seg. Å han skulle ta hevn. Ta hevn.


søndag 4. desember 2016

4. desember



«Svane, er det land under oss?»

«Ja, eg trur det Juter. Trur du det er Norge?»

«Vel, vi har vel dratt vestover heile tida, så vi burde då det. Vi landar og ser» No skal det bli godt med ein matbit.

«Men ein gong til, berre for sikkerheits skuld. For å dra vestover følgjer du den kvite pila på kompasset?»

«HÆ!!! Nei, nei, nei. Då drar vi sørover» Dette kunne ikkje vere sant.

«Då har vi dratt sørover dei siste fire dagane då»

«Du tullar med meg. Retningssansen din er heilt forferdeleg» Kva skulle dei gjere no. «Jaja. Nå får vi i det minste utforska litt meir. Land der nede».


No var det godt å strekke på beina. Juter såg seg rundt omkring, og ikkje langt unna såg han ein liten by.

«Sjå! No hadde vi flaks. Vi går dit med ein gong, folka der borte kan sikkert hjelpe oss»

«God ide», sa svana. Det regna litt, men det gjekk fint. Etter at dei hadde gått i eit halvt min hadde svana allereie begynt å bli lei. Han såg seg rundt og følgde med på alt.

«Sjå der borte! Ein regnboge! Vi må dra bort til den med ein gong!» skreik svana og sprang bort mot regnbogen. «I enden er det kanskje ei gryte med GULL!!!»

«Nei, nei, nei. Kom tilbake no!» men svana var allereie halvvegs bort til regnbogen. Juter sette etter. Han burde vel vere glad. Han hadde aldri sett ein regnboge før. Men han viste kven som vokta over den gullgryta.

«Svane» kviskra Juter. Dei hadde nettopp kome over ein bakke, og dei såg ned på gullgryta. «No går eg først, og er lokkemat, så når han dukkar opp grabbar du han med nebbet ditt. OK?»

«OK» Juter sneik seg nedover bakken, mot gryta. Med ein gong han rørte den høyrde han eit hehehe, og så eit kvaak! Han snudde seg. Der sto svana med ein liten mann i munnen. Ein leprechaun.

«Slepp meg, slepp meg» Leprechaunen hadde grøne klede, grøn hatt og raudt skjegg. Han var litt mindre enn Juter, og mindre enn halvparten av heile gullgryta. Han var veldig hissig.

«Ro deg ned!», sa svana.

«Høyr her nepehaud, de to, slepp meg ned, og så skal eg ta dokker med heim til huset mitt. De ser svoltne ut» sa leprechaunen med ei pipande stemme.

«Ikkje høyr på han, Svane. Han prøver berre å lure oss»

«Eg gjer ingenting før du ber meg om det» sa svana. Tingen med leprechaunar var at dersom du fanga ein, skulle han gje deg gullgryta si. Men han ville alltid prøve å lure seg unna.
«Nepehaud! Høyr her. Slepp meg ned. Eg gir dokker eit gratis ønske. Eg beheld gullgryta! Kva seier de?»

Eit ønske! Det var perfekt. Kva skulle dei med gull uansett?

«Det er greit» sa Juter. «Svane, sett han ned» Svana sette han nølande ned.

«Vi ønsker å dra til Norge» Det var vel smart. No trengte dei ikkje leite meir.

«Greit. Berre lukk auga dykkar. Så skal eg teleportere dykk dit»

«Gjer det vondt å bli teleportert?» spurde svana.

«Neida. Berre lukk auga dykkar» Dei lukka dei. «Greit. AlakaNEPEHAUD!!!»

Ingenting skjedde. Juter opna auga sine. Både regnbogen, gullgryta og leprechaunen var borte.

«Han lurte oss. Ånei!»

«HÆ!» ropte svana og opna auga. «Kva gjer vi no då?»

«Vi dreg inn til den byen og får oss mat og kvile. Så flyr vi vidare. Nordvest denne gong.

-

Blåklokke og dronninga hadde blitt fanga, og no dreiv den kvite store ulven og avhøyrde dronninga for alt om Juter.

«Så den her nissen, Juter, var det det du kalte han. Kvar har han dratt» sa ulven, og løfta poten dronninga. «Sei det, ellers er det verst for Frøken Blå her borte» Han så rett på Blåklokke.
«Greit!» sa dronning Revebjelle. Eg ga dei eit kompass og bad dei dra sørover, til Irland.

«Supert. Bust! Gjer dokke klare til å dra no. Til Irland»

Mens leiarulven var opptatt, bøygde Blåklokke seg over til dronninga og kviskra:

«Dronning, ba du dei ikkje dra vestover?»
«Jo, men det veit ikkje dei. Håper Juter og svana er på riktig veg»