mandag 12. desember 2016

12. desember


Til Julenissen

Eg har det finfint. Vi har utforska ein masse. Vi har besøkt fear, leprechaunar og til og med fargenissane. Det første vi gjorde var dessverre og bli uvener med ein rev. Han fekk ein heil ulvehær etter oss. Du har kanskje merka den forferdelege stormen som var her ei stund. Det kan ha vert vi som starta med eit uhell. Men vi drog til fargenissane og fekk hjelp med gulnissane til å stoppe stormen. Dessverre brakk svana vengen sin då, og kan ikkje fly! Men så blei gulnissane angripen av svartnissane. Vi blei med i kampen, og alle dei andre fargenissane hjelpte til. Men så kom ulvane også. Vi hadde tapt, hadde det ikkje vert for at noko magi frå ei av kulene fekk dei til å dra. Leiaren for ulvane heiter høvding Albino, kanskje du har høyrt om han? Men eg fekk nettopp vete om desse kulene, og eg lurte på om du kunne fortelje alt om din? Og ver heilt ærleg. Men ihvertfall, no som svana ikkje kan fly, viste vi først ikkje korleis vi skulle komme oss vidare, men grånissane gav oss ein grevling! Ein rask grevling som vi kan ri på til svana har blitt frisk. Så vi kjem oss vidare. Korleis går det på verkstaden foresten? Har Orim og reinsdyra der bra? Og har du det bra? Husk det med kula di! God vår.

Frå Juter




Kjære Juter

Endeleg sender du brev! Joda, alle har det kjempefint. Komet begynner verkeleg å komme seg. Han flyr langt og kjempefort, og snart kan han dra sleden av seg sjølv. Orim har det kjempefint han og. Han savnar deg litt, men jobbar hardt og flittig. Han blir nok kandidat for årets nisse i år. Dumt med vengen til svana, men fint med grevlingen. Bra dokker hjalp fargenissane i kampen. Du spurte om kula mi. Det blir faktisk ei lita historie. Når eg var liten brukte gamlingen, du veit gamlingen. Den gamle mannen som har sitt eige hus rett utanfor verkstaden. Han er jo faren min. Når eg var liten, og han var julenisse, pleide han å bruke kula ofte. Draumekula heitte den. Han var ein meister i å bruke den. Men då eg blei julenisse, og arva den, klarte eg ikkje å få den til å høyre på meg. Den levde litt sitt eige liv. Men ein dag då eg prøvde å få den til å høyre på meg, blei eg så sint at eg kasta den ut vindauget. Eg angra med ein gong, og sprang ut for å hente den. Men det var forseint. Det var revespor rundt der den hadde landa. Eg såg så vidt ein raud skikkelse springe bortover snøen, og så plutseleg forsvinne. Etter at eg mista den, har eg eg gjort litt research for korleis du må bruke den. Den er ikkje som dei andre kulene. Den har sitt eige liv. Du må verre i skikkeleg trøbbel før den vil hjelpe deg. Og ofte må du be pent. Så sjå opp for den der reven du blei uvenn med. Han kan jo kjenne den reven som tok kula. Juter, om du skulle på ein eller annan måte finne denne kula, ver forsiktig. Den innehelder sterk magi. Ver forsiktig der ute, Juter. Det høyrest ut som du er på eit fantastisk eventyr.

Frå Nicholas Julenissen

PS: Send fleire brev, det er veldig koseleg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar