torsdag 22. desember 2016

19. desember

«Juter, høyrde du det?» Dei hadde nettopp landa i ein liten skog, og gjekk no for å finne nokre venlege nissar.

«Nei. Kva var det?»

«Eg veit ikkje, men eg trur eg høyrde nokon som lo» Nokon som lo? Kven kunne det vere? Kanskje det betydde at det var ein nisse i nærleiken.

«Hallo?!» ropte Juter ut i skogen. Plutseleg såg han ein raud hatt stikke opp frå bak ein stubbe.

«Neimen, god dag du» Det var ein skognisse, eller det menneska kalde husnisse. Hos nissane blei dei kaldt vanleg nisse. Han hadde lang spiss raud lue, og langt skjegg. Han hadde blå bukser, ei gul skjorte, og ein brun vest. Han var mindre enn Juter, og dråpeforma. «Eg er Eik. Kven er dokker?»

«Eg heiter Juter og dette er svana. Kan du seie oss kvar vi er?» spurte Juter.

«I ein skog» svarte Eik.

«Ja, eg skjønte det, men kvar?»

«Oja, hahahaha. Eg beklagar, eg veit ikkje heilt, men bli med tilbake til byen vår, så skal eg finne nokon som kan hjelpe deg»

«Gjerne, kvar skal vi?»

«Berre litt bak her, eg var ute og samla kongler» Så gjekk han innover skogen, og Juter og svana følgde etter. Han var ein rar, spretten, liten kar, og han gjekk der og tralla på ein song om ekorn og elgar. Dei kom over ein liten bakke, og plutseleg dukka byen opp. Den var stor, og husa var ein blanding av store soppar, under tre og små steinhus. Overalt gjekk det positive nissar. Alle var ganske like med små forskjellar, som litt kortare skjegg, eller forskjellig farge på skjortene. Også var det nissekonene, som var like, men hadde mindre hattar, gjekk i kjole og ikkje skjegg.

«God dag, kjære bror» sa ein nisse som kom mot dei. Han var prikklik Eik «Kven er dette?»

«Dette er Juter og svana, eg skal hjelpe dei og finne ut kvar vi er» sa Eik.

«Men det er jo klart, i ein skog!» svarte denne nissen som måtte vere broren til Eik.

«Ja det trudde eg og, men dei ville vite kvar skogen var»

«Oja. God dag, mitt namn er Osp» Han helste på Juter.

«Sei meg, er dokke alle kalla opp etter tresortar?» spurte Svana.

«Hahaha. Neida, foreldra våre er berre litt rare» forklarte Eik. «Følg meg. Vi drar ned til Baltazar. Han kan nok finne ut kvar vi er»

«Dei virker ikkje så smarte», kviskra svana til Juter.

«Det er nok berre sånn dei er. Dei er jo hyggelege i det minste.» Så følgde dei nissane ned til byen.

«God dag, Eik. Kven er dette her?» Det var ein av honissane.

«God dag, Mai. Dette er nokre nissar eg fann ute i skogen. Vi skal prøve å finne ut kvar vi er»

«Det er jo klart. I ein skog!» sa ein anna nisse. Dei andre nissane nikka.

«Ja det trudde eg også, men dei meinte kvar skogen var»

«Oja» sa nissane.

«Har de tenkt til å spørje Baltazar?» spurte Mai.

«Ja» svarte Osp. Dei gjekk mot eit krokete, dødt tre midt i byen.

«Vi skal rett under her» sa Eik, og gjekk ned under treet. Juter følgde etter. Der inne sto det ein gammal, rynkete nisse, med kjempelangt skjegg. Han hadde mørkeblå skjorte og hatt. Bak han, var det fullt med mennesketing. Som ei bok, eit par bestikk, og eit brillepar.

«God dag, mine frendar» sa Baltazar med svak stemme.

«Hei, hei. Vi treng hjelpa di Baltazar. Dette er Juter og svana, og vi må hjelpe dei finne ut kvar vi er» forklarte Osp.

«I skogen, mine frendar» Sa Baltazar, som misforsto igjen.

«Han meinte kvar skogen var»

«Oja. Vel, då kom dokker i rett tid. Seinast i går fann eg denne posten» Baltazar fenn fram ei avis. Den var større enn nissane.

«Kva er ein post, Baltazar?» spurte Eik.

«Ein post, er noko menneska bruker for å finne ut kva som har skjedd, trur eg» forklarte Baltazar. «I alle fall. Her ser dokker at posten heiter Aftenposten, så eg trur at vi må vere i Aften»

«Kvifor det, Baltazar?»

«Den heiter Aftenposten, ikkje sant. Derfor trur eg at dette er posten til Aften. Og sidan eg fann den her må vi vere i Aften»

«I kva for eit land ligg Aften?» spurte Juter. Kanskje desse nissane ikkje var så dumme likevel.

«Eg er ikkje heilt sikker, men dei fleste teikn tydar på at vi er i landet Norgê»

«Er vi in Noreg? Det er fantastisk, vi har kome fram, svane!» jubla Juter.

«Joohoo! No må vi berre finne familien min, og så er vi ferdige med oppdraget ditt!» Det hadde Juter heilt gløymt. Etter kvart måtte han jo dra tilbake til Nordpolen aleine. Han elska jo og bu der oppe, men dei siste månadane hadde vert dei beste i livet hans. Kanskje han kunne...

«BALTAZAR!» Ein nisse kom springande ned i hula. «Du må ut med ein gong! Treet ditt står i fyr!»

-

Endeleg skulle reven få tatt hemn. Dette var det han hadde venta på. Dei hadde eigentleg tenkt til å angripe Juter og svana når dei flaug over Nordsjøen, men dette var mykje morosamare! Å angripe ein heil nisseby. No sprang ulvane ned mot nissane og øydela alt dei kunne. Marekula hadde mant fram eldkuler, og sette heile skogen i fyr. No måtte dei berre finne Juter, og få tak i Drøymekula.

Kampen var igong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar