torsdag 22. desember 2016

18. desember

«Juter! Eg synast at vi skal ta ein pause!» Svana hadde eigentleg rett. Dei hadde ein liten fiskebåt under dei som dei lett kunne ta ein kvil på. Og det var sterk vind, regn og rett og slett skikkeleg dårlege flygeforhold. Men han hadde eit oppdrag han måtte fullføre.

«Nei! Eg beklagar! Vi må fortsette!» Det var som stormen på nytt igjen. Dei måtte rope for å snakke med kvarandre.

«Eg har berre ein rar følelese! Kan du kanskje få kula di til å gjere noko!»

«Du veit at eg ikkje berre kan be den om ting! Den må ha lyst til å hjelpe!»

«Ja, eg veit! Men kan du kanskje prøve?!»

«Kva om eg mister den! Kva gjer vi då?!» Han trudde ikkje det var ein god ide.

«Greit, men kan vi ta ein pause! Eg føler at det er nokon i skyene!» ropte svana bekymra.

«Kven skulle det vere! Vi fortsett!»

«Nei, Juter! Eg flyr, så eg bestemmer! Vi landar!»

«Greit då! Men vi må vere raske!» Dei landa på den vesle fiskebåten bak ei stor kasse med fisk. Der hadde dei i det minste litt ly.

«Kanskje vi kan få oss litt mat med å spise fisken?» spurte Juter.

«NEI! Eg hatar fisk!»

«Så du er ei svane som gjerne kan spise pannekake, men hatar fisk. Kva levde du av i flokken din då?»

«Fiskebollar så klart! Namm!»

«Men dei er jo laga av fisk. Og korleis skaffar du deg...

«Eg høyrer nokon lydar bak med fisken»

«Juter. Det kjem nokon. Gøym deg!» Juter måtte tenke raskt og hoppa over båten. Det fyrste han tenkte var at det var ein forferdeleg ide. Det andre var at han måtte vere heilt stille.

«Det er ei svane! Den kjem til å spise opp fisken. HUSJ! HUSJ» Ånei! Svana vart jaga bort. Juter hadde ingen andre val enn å sjå på når svana flaug langt vekk frå båten. No var han heilt aleine, og iskald. Han viste at det var ein dårleg ide å ta pause. Ååååh, kva skulle han gjere. Han måtte tenke raskt. Han måtte opp frå vatnet med ein gong, viss ikkje ville han fryse i hel, men han kunne ikkje vise seg for menneska heller. Plutseleg kom det eit stort objekt stigande opp ved sidan av han.

«Kva er det?» høyrde han ein av menneska spørre.

«Eg trur det er ei nise» Ei Nise! Ånei. Han måtte symje for livet! Nei, då såg menneska han! Han måtte berre holde seg inntil båten, og håpe at nisa gjekk sin veg. Han var livredd og lukka auga. Plutseleg rann vatnet han var nedover, og han fekk varmen i seg? Han opna auga. Det var heilt mørkt. Var han inne i nisen. Når han var liten hadde bestefaren fortalt ei historie om at han blei eten opp av ein kval, men han trudde det berre var røverhistorier.

«Eg beklagar den brutale fraktemetoden, men eg såg at du var i trøbbel»

«Vent, kan du snakke?»

«Ja, til nissar så»

«Eg beklagar, det er vanskeleg og huske kva for nokre dyr nissar kan snakke med, og kven dei ikkje kan. Du veit, vi kan snakke med svaner, men ikkje grevlingar. Veldig forvirrande»

«Hahahaha! Vel vi får vel finne den svanevennen din og gje deg skyss til Noreg då»

«Korleis viste du kor vi skulle?»

«Lyd går raskare i vann, så eg høyrde heile den lille krangelen dokkers»

«Du høyrte den. Eg er ikkje vanlegvis så kjefete, det var berre...

«Eg forstår. Berre legg deg og slapp av du. Eg skal synge godnattsong for deg eg»

«Neida, du treng ikkje... så begynte nisa å synge. Og det var det vakraste Juter nokon gong hadde høyrt. Det tok berre sekund før han var i djup søvn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar