tirsdag 6. desember 2016

6. desember

«Det er for sterk vind! Vi må lande!» Svana hadde rett. Han heldt på å sjå på kompasset, men svana klarte så vidt å fly stødig.

«Greit! Vi landar!» Vinden blåste så kraftig at dei måtte rope til kvarandre. Dei fløy nedover mot bakken. Under dei var det ein ny skog, men den var ikkje som dei andre skogane. Trea var gigantiske, tjukke og mørke. Dei sto tett i tett overalt, så det var umuleg å sjå skogbotnen. Litt som ein regnskog. Tretoppane svaia veldig på grunn av vinden.

«Svane! Vi må lande mellom trea!»

«Ok!» så stupte dei ned og for gjennom trea. Der nede var det heilt vindstille. Men fult av liv. Trea hadde dører på seg og det så ut som nokon budde der. Det var store plattformer som strekte seg frå tre til tre, og hengebruer mellom dei. Og overalt var det små folk som gjekk rundt å snakka og kosa seg. Kven var det her? Då dei kom litt nærmare såg Juter det. Det var grønnissar. Det måtte bety at dei hadde kome til fargenissane sitt land. Dette hadde Juter lært på nisseskulen. Det finnest sju typar fargenissar. Raudnissane, eller låvenissane. Lillanissane, eller blomenissane. Blånissane, eller himmelnissane. Grønnissane, eller naturnissane. Gulnissane, eller værnissane. Oransjnissane, eller ildnissane. Og grånissane, eller bergnissane. Og alle hadde kvar si oppgåve. Raudnissane skulle passe på menneska og gardane. Lillanissane skulle passe på at våren og varmen alltid kom fram. Blånissane skulle lage blåtimar og stjernehimlar i desember. Grønnissane skulle passe på naturen og dyra. Gulnissane styrte været frå værtårnet deira. Oransjenissane skulle passe på at alt ondt etter kvart brann opp. Og grånissane i gråberget leitte alltid etter edle metall.

«Juter, kvar skal vi lande?»

«Land på den store plattforma der» Grønnissane hadde begynt å sjå opp på dei. Når dei landa samla grønnissane seg rundt dei. Juter gjekk av svana.

«Hallo, hallo. Eg heiter Juter. Er dokke grønnissar?»

«Ja, det er vi. Og du må vere ein nissenisse. Nissane til Julenissen» Ein av grønnissane gjekk fram. Han hadde ein god grønn ullgensar, den typiske hua og sjølvsagt ein grøn eventyrsekk. «Mitt namn er Evir av Fib-slekta. Eg er ein dyrevoktar» Det var ein ung nisse. Det så ut som han nettopp hadde blitt myndig.

«Ein dyrevoktar? Altså ein grønnisse som beskytt dyra rundt omkring i verda?»

«Ja, har de problem?»

«Ja, stormen er så kraftig at vi ikkje klarer å fly. Kunne vi fått ly til den ga seg?»

«Mest sannsynleg. Kom etter meg så skal eg spørje høvdingen»


Høvdingen budde inne i det største og høgste treet. Han var ein ganske stor nisse. I alle fall til grønnisse å vere, som vanlegvis var litt mindre enn andre nissar. Han hadde ei kappe laga av det finaste grøne silke. Han hadde eit krøllete brunt skjegg. Og ei krone lagd av kvist, blad og bark. Han hadde nokon rynker, og grønbrune auge.

«Dokker ønsker ly frå stormen» Høvdingen klødde seg i skjegget. «Vel, stormen har vart i ganske mange dagar. Eg har snakka med grønrådet, men eg får ikkje tak i nokon i hovudrådet»

«Hovudrådet?» spurde Juter.

«Det er rådet som er samla av alle råda i alle fargane. Stormen er så kraftig at dei er umuleg å få tak i. Med mindre ein drar dit. Ja, denne stormen er av ein eller anna sterk magi. Men eg har ein ide. Vis dokke drar til gulnissane sitt værtårn og finn ut kva som skjer i morgon. Då er det mars. Då våknar lillanissane, og startar og bringe våren tilbake. I lillanissane si eng er det ein solmagi som gjer at det aldri er dårleg vær. Altså ingen storm. Hvis dokke drar gjennom der, og så gjennom Gråberg. Då vil dokke kome til gulnissane utan å møte stormen. Dokke skal sjølvsagt få med dokke alt dokke treng. Evir kan vere med»

«Det skal vi gjere høvding» sa Juter. Svana så på han med bekymra auge.

«Evir. Kan ikkje du vise gjestane våre kvar dei skal bu?» spurde høvdingen.

«Det skal eg gjere Høvding»


Når Evir hadde vist dei kvar dei skulle sove, og gått sin veg, sa svana til Juter:

«Juter! Skal vi ikkje fortelje høvdingen at det var vi som starta stormen?»

«Nei, nei. No drar vi til det værtårnet og bruker kula til å stoppe stormen. Så blir alle fornøyd, og ingen treng å vite noko om at vi starta han. Men no legg vi oss»

-

Høvding Albino hadde tatt kontakt for sjefen for svartnissane. No som dei var stranda på denne øya kunne han i det minste gjere noko konstruktivt. Han hadde sendt ein liten speidarramn etter Juter. Han hadde fortalt at han var i fargenissane sitt land. Heldigvis kjente Albino leiaren for svartnissane, fiendane til fargenissane.

«Så du seier, at ein eller annan plass i riket vårt er denne nissen og svana? Og at dei prøvar og stoppe stormen?» sa svartnissen mens han skreiv notatar. Nede i eit tjern hadde Albino kasta eit spesielt pulver. Så no såg han svartnissesjefen der.

«Ja. Og når dei har klart det må du vere klar med hæren din for å angripe. Så kjem vi og hjelper til etter kvart. Mottatt?»

«Mottatt»





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar